Vegtrafikksentralen åtvarar mot vêrskifte og glatte vegar i store delar av landet søndag.
Bilistar blir bedne om å vere obs på at det kan vere regn som frys på bakken og istappar som knekk og ligg i vegbana.
Yr skriv at vêrskiftet særleg gjer seg gjeldande i Sør-Noreg og at det er sendt ut farevarsel om is i landsdelen.
Regnet kan kome før kulda slepp taket og det fører til is på vegane og andre overflater.
Farevarselet om is gjeld for delar av Møre og Romsdal, indre strøk av Vestlandet og sør for Stad og også andre delar av Sør-Noreg.
Seinare vil også delar av Trøndelag bli råka av isvarselet. I tillegg er det venta kraftige vindkast i Trøndelag og Nordmøre og snøfokk i fjellområda i Nordland.
NAF åtvarar
Det varsla veromslaget førte søndag til at NAF sende ut ei eiga pressemelding for å åtvare bilistane.
– Underkjølt regn, kald bakke og veromslag er den perfekte stormen. Har du enno ikkje lagt om til vinterdekk er det på høg tid å gjere det no, seier rådgjevar Jan Harry Svendsen.
NAF viser til at underkjølt regn kan gi såkalla «black ice», eit tynt islag på vegen.
– Faren med dette er at det kan sjå ut som om det berre er våt veg, medan det i realiteten er is. Det seier seg sjølv at dette er farleg for bilistar og andre trafikantar.
Han ber bilistane om å berekne ekstra tid.
– Dersom du skal over ein fjellovergang bør du ha med litt ekstra mat og drikke, varme klede og ein spade som eit minimum. Køyrer du elbil bør du også sørge for å ha så mykje straum på batteriet som mogleg.
Stengde fjellovergangar
I Nord-Noreg er fjellovergangane opne. I Sør-Noreg har ein del vegar kolonnekøyring eller er stengde.
- Fylkesveg 55 Sognefjellet
- Fylkesveg 313 Nesheimfjellet
- Fylkesveg 520 Breiborg – Røldal
- Riksveg13 Vikafjellet (kolonne)
Vegtrafikksentralen seier at entreprenørar har vore tidleg ute for å salte søndag morgon.
I tillegg verkar det som at mange har fått med seg at det er glatt, og køyrer etter forholda. Førebels har det vore få hendingar, opplyser trafikkoperatør Jørgen Bødtker.
– Det er grunn til å tru at det er mest glatt på fylkesvegar og andre strekningar der det ikkje har blitt salta, seier han.
Publisert 24.11.2024, kl. 10.58 Oppdatert 24.11.2024, kl. 11.03