No kan du by på ei statistrolle i «Ikke lov å le på hytta»

1 month ago 11


Pengane går til Barnekreftforeininga sitt arbeid med å etablere familiehus for alvorleg sjuke barn. Dei skal byggast ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.

Fellesnemnaren for auksjonsobjekta er at dei ikkje kan kjøpast for pengar, på ein elles vanleg dag. Kvart objekt er ei meir eller mindre unik moglegheit, som du kan by på!

Her får du eit utval av årets godbitar. Alle kan du finne på auksjonen.no.

1. Ei rolle i neste sesong av «Ikke lov å le på hytta»

Ikke lov å le på hytta-logo

Dette er ein unik sjanse til å bli med i VGTV sin humorsuksess «Ikke lov å le på hytta».

Bodvinnar får ei rolle som rekvisitt, som bodbringar eller noko heilt anna, som vil bli avtalt saman med produksjonen.

Opptak av sesong 6 skjer på Austlandet i april 2025.

2. Ikonisk VG-foto av «Erna i tjernet»

cJPxD9I4ixk

Foto: Marie Sjøvold / VG

Fotografiet «Erna i tjernet» såg først dagens lys i VG Helg i 2005.

I haust fekk det nytt liv då Linnea Myhre rekonstruerte biletet i podkasten «Gi meg alle detaljene».

Erna Solberg uttalte då at ho blei med ut i tjernet på éit vilkår. Fotografiet skulle ikkje nyttast i nokon annan samanheng. Til no.

Sjølv har ho ein plakat hengande i kjellaren sin. Det einaste andre eksemplaret går no til høgstbydande.

Kanskje blir du den heldige eigaren av ei innramma «Erna i tjernet», signert av fotograf Marie Sjøvold og Erna Solberg sjølv?

3. Dokkehus designa og snikra av Einar Nilsson og Rune «Hakkespetten» Strandenes

Rune "Hakkespett" Starndenes og Einar Nilsson spikrar og hamrar

Foto: Privat

Snikkarane frå Tid for hjem, Eventyrlig oppussing og Fjellhytta skal lage eit leikent, sprekt og solid dokkehus.

Sjølve ferdigstillinga av huset vil gå føre seg under TV-aksjonen si direktesending, sundag 20. oktober.

Dei dyktige damene frå Fæbrik vil stå for dei bitte små gardinene, dukane og andre tekstilane eit dokkehus treng.

4. Middag med Gro Harlem Brundtland, stortingspresidenten og «Bettan»

  • Politiker, lege og tidligere statsminister Gro Harlem Brundtland

    Gro Harlem Brundtland

  • Elisabeth Gunilla Andreassen (Bettan) smiler

    Elisebeth «Bettan» Andreassen

  • Masud Gharahkhani

    Masud Gharahkhani

  • Trond Moi

    Trond Moi

Har du lyst til å diskutere politikk med Gro Harlem Brundtland, medan du nyt eit betre måltid av stjernekokken Trond Moi?

Som om ikkje Noregs første kvinnelege statsminister var nok. Så får du også selskap av stortingspresident Masud Gharahkhani og artist Elisabeth «Bettan» Andreassen.

Middagen blir servert, og gjestane tar plass, i ei nydeleg atmosfære på Borre prestegard, 30. januar 2025.

5. Norsk designhistorie i form av stolen «Actulum»

FUTURE HOLDS Varier Furniture x Ingrid Bredholt Actulum Superclass Jaw 11

Foto: Varier Furniture

Ein kan ikkje anna enn å kalle stolen «Actulum» for ein sjeldan bit av norsk design- og kunsthistorie.

Designen er av Peter Opsvik, mannen bak den kjente og kjære Tripp Trapp stolen, medan trekket er av den norske designaren Ingrid Bredholdt.

Ho har nemleg omkledd stolen i fiskeskinn frå Atlanterhavet.

Samarbeidet mellom produsent Varier Furniture, Peter Opsvik og Ingrid Bredholdt gjer Actulum til eit unikt møbel.

6. Unik variant av «Helt/Alene» av Martin Beyer-Olsen

  • "HELT/ALENE"

    «HELT/ALENE»: Ein liten helt i sjukehusklede.

  • Martin Beyer Olsen

    Martin Beyer-Olsen

Då komikar Martin Beyer Olsen sat koronafast på Nesodden, slapp han sitt første bilete, «HELT/ALENE».

– Tanken bak er noko alle kan kjenne seg igjen i. Ein heilt konkret følelse av å føle seg heilt aleine, men måtte stå i det og kome ut på den andre sida sterkare, seier Martin Beyer-Olsen om kunstverket.

No har han laga ein heilt unik variant i høve TV-aksjonen.

Denne gongen er helten eit barn i sjukehusklede.

7. Else «Crocs» Furuseth

Else Kåss Furuseth sine pen-crocs frå Balenciaga har blitt ein vandrepokal i TV-aksjonen.

For femte år på rad er det mogleg å by på dei knallrosa crocsa frå det spanske luksusmerket Balenciaga. I fjor gjekk dei for 100 000 kroner. Nokon høgare?

Desse og fleire auksjonsobjekt kan du lese meir om og by på auksjonen.no.

Nokre av dei andre objekta er Therese Johaug sine skøyteski, startplass på Norseman Xtreme Triathlon, VIP-billett til The Gathering, middag laga av kokkelandslaget og foredrag med «Fenrik» Geir Aker frå Kompani Lauritzen.

Publisert 14.10.2024, kl. 11.19

Read Entire Article