No er det 100 prosent sikkert at Giske gjer comeback i rikspolitikken.
– Eg gler meg. Det blir ein viktig periode, seier Giske til NRK.
Det skjer over sju år etter at han blei fråteken alle verv og posisjonar.
– Er det noko spesielt du håpar at du blir sett til å jobbe med på Stortinget?
– Nei, men eg kjem til å kjempe veldig for dei sakene me har løfta fram her. Trygg økonomi, å løfte dei som har minst og er utanfor, svarar Giske.
Vegen tilbake har vore prega av kritikk, bråk, intrigar og motstand:
På valvake med familien
I forkant av førre stortingsval trakk Giske seg som kandidat fordi «belastinga blei for stor» for han og familien.
Belastinga gjaldt mediedekning om varslar og skuldingar om seksuell trakassering og upassande oppførsel.
– Korleis trur du det blir å kome tilbake til rikspolitikken no?
– Eg er spent på det. Grunnen til at eg trakk meg i 2020 var at det var grenselaust kva som blei sett på trykk, svarar Giske.
Giske og dottera på valvake i Trondheim.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK– Det var eg mest spent på nå når eg stilte igjen, og det har jo gått veldig bra, legg han til.
– Du er her saman med ei av døtrene dine og foreldra dine. Kva betyr det?
– I den tøffe tida me var gjennom så betydde jo familien alt. Mor og far min, som er nokre fantastisk snille og trygge folk, og sjølvsagt familien.
Giske reagerer på førehandsrøystene
Førehandsrøystene viser raudgrønt fleirtal
Både nasjonalt og i Giske sitt valdistrikt, Sør-Trøndelag, viser førehandsrøystene at det er raudgrønt fleirtal.
I Sør-Trøndelag er mandatfordelinga, ifølge NRK si prognose, slik:
Mandatfordeling i Sør-Trøndelag
Viser endring fra forrige stortingsvalg. Sør-Trøndelag har 10 plasser på Stortinget.
NRK sin prognose viser at Ap får tre mandat i Sør-Trøndelag og ikkje fire slik Giske sa at var eit av måla med valkampen.
– Arbeidarpartiet er i medvind – også i Trøndelag. Det trur eg skal bere inn så me får eit ekstra mandat. Me har ein fantastisk fjerdekandidat som me gjerne vil ha med oss på laget.
Det sa Trond Giske då NRK møtte han på Røros 1. juli.
Men slik ser det ikkje ut til å bli ifølge NRK si prognose. Samstundes er ikkje alle stemmene talde og ting kan framleis endre seg.
Manglande støtte frå AUF
Giske sitt comeback skjer ikkje utan motstand.
Både internt i partiet og blant AUF i Trøndelag har fleire tatt til orde for at Giske ikkje burde få representere dei på Stortinget.
Det blei mellom anna åtvara om at dersom Giske blei vald til stortingskandidat, mista Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag støtta frå AUF.
– Seier ein i møtet at ein ikkje ønsker AUF med i dag, seier ein også det for vegen vidare.
Det sa dåverande leiar i Trøndelag AUF, Kristine Holden, på nominasjonsmøtet i fjor.
I tillegg trakk alle AUF-kandidatane i Sør-Trøndelag seg frå stortingslista i protest mot Trond Giskes comeback i rikspolitikken.
AUF har, etter kva NRK forstår, ikkje vore delaktige i årets valkamp for Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag.
I tillegg avlyste Tydal Ap alle standar i valkampen fordi dei ikkje ville promotere Giske.
– Det er ingen i vår valkamporganisasjon som er oppteken av indre forhold i partiet. Me skal vere der for folk i Trøndelag, svara Giske til dette.
Ein lang veg tilbake
Vegen tilbake til Stortinget starta for fleire år sidan for Giske.
Både i 2019 og i 2020 var Giske innstilt til å gå inn i leiinga i Trøndelag Ap, men blei vraka begge gongane.
I november 2021 blei han vald til leiar for lokallaget Nidaros sosialdemokratisk forum.
Lokallaget trekker til seg mange medlemmer og veks i rekordfart. I juni 2022 er Giske leiar for Ap sitt største lokallag.
I februar 2024 blei Giske vald til nestleiar for Trondheim Ap.
Først då svara Giske at han «er open for» eit comeback i rikspolitikken.
30. november 2024 blei Giske vald å stå øvst på Stortingslista til Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag og sikrar sitt comeback til rikspolitikken.
Både då han blei vald til leiar i Trondheim og i nominasjonsprosessen i fjor blei Giske skulda for skittent spel og kupp.
Trøndelag Ap konkluderte med at lokallaget hans hadde brote med «god organisatorisk praksis». Sjølv avviste Giske dette.
Publisert 08.09.2025, kl. 21.01 Oppdatert 08.09.2025, kl. 21.51