No er Frp suverene på topp

3 hours ago 6


I den siste målinga før stortings-valåret, er veljarane krystallklare:

Dei er klare for ny regjering.

Men at regjeringa og venstresida i politikken slit, har vore eit faktum lenge. Det nye i haust, er tronskiftet på høgresida.

Dreiinga mot Frp

Då den politiske hausten byrja i september, var biletet klart. Høgre var det samlande partiet på blå side. Partiet låg 6 prosentpoeng høgare enn utfordraren Frp.

No er rollene snudd.

Nasjonalt partibarometer desember 2024

Kva ville du stemt om det var stortingsval? Oppslutning samanlikna med november.

PartiOppslutningEndring
27,7%

+2,4
20,7%

−0,3
16,8%

−0,7
6,9%

−2,4
6,8%

+1,5
4,8%

+0,4
4,7%

−0,7
4,2%

+1,3
3,9%

+0,4
3,7%

−1,7
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 1000 intervjuer gjort i perioden 10.12.24–14.12.24. Feilmarginer fra 1,1–3,4 pp. Kilde: Norstat

Suverene Frp er altså 7 prosentpoeng større enn Høgre to veker før årsskiftet.

Når ein studerer ei måling, bør ein også ta litt omsyn til det som blir kalla feilmarginane. Eit parti kan vere noko lågare enn talet i grafen. Eller høgare. Men sjølv om Frp skulle vere dei 3,4 prosentpoenga mindre som feilmarginen opnar for, og Høgre skulle gjere det betre enn 20,7:

Frp er uansett størst.

Om denne målinga var val, ville det vore fleire Frp-politikarar (52) på Stortinget enn det var frå Høgre, KrF og Venstre til saman (50).

Hos meiningsmålingsbyrået Norstat ser dei uvanlege tal.

– Dette er det høgaste Norstat har målt Frp til på over 15 år. Frps tal følgjer den stigande trenden i våre eigne og andre målingar, dette er det absolutt høgaste vi har sett på lang tid, seier Mads Motrøen, som er ansvarleg for politiske målingar hos byrået.

Sylvis suksess-formel

Det er to hovedkjelder til Frps vekst. Ei gruppe er veljarar som stemte på regjeringspartia sist som no vil stemme Frp. Men nesten like mange veljarar som stemte Høgre sist, peikar på Frp no.

Frp-leiar Listhaug meiner sjølv at partiet er tydeleg. Og sjølv om ho denne veka gjorde eit felles-intervju med Erna Solberg i VG der dei kritiserer regjeringa, går ho heller ikkje av vegen for å kritisere Høgre.

– Eg trur folk synest Arbeidarpartiet og Høgre er blitt litt like. Folk ser at det er Frp som er alternativet. Dei ser at det ikkje er mangel på pengar, men mangel på prioritering, seier ho til NRK.

Oljepionerene på Stortinget

OLJÅ: Sylvi Listhaug møtte oljepionerar som kjempar for kompensasjon på Stortinget i går.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

– Det blir ausa ut pengar på grøne industriprosjekt, på bistand, på innvandring. Der er det alltid pengar, mens når det kjem til eldreomsorg, skule, barna våre, helsetenester og politi, då har ein ikkje pengar.

Maktskifte

Samla sett er desembermålinga ein fest for høgresida i politikken:

  • Frp og Høgre kunne fått stortingsfleirtal åleine.
  • Dei fire partia Frp, Høgre, Venstre og KrF ligg an til 34 fleire politikarar på Stortinget enn dei har i nasjonalforsamlinga i dag.
  • Dei to regjeringspartia Ap og Sp mistar på si side 34 politikarar. Dei ligg samla om lag 18 prosentpoeng bak val-resultatet.
  • KrF ser lys etter ein krisehaust og klarer akkurat sperregrensa på 4 prosent. Partiet kunne dermed fått inn sju politikarar på Stortinget.

Representantar på Stortinget

Fordeling av stortingsplassar dersom desembermålinga var val. Samanlikna med dagens storting.

Fremskrittspartiet52+31
Høyre35−1
Arbeiderpartiet34−14
Rødt11+3
Sosialistisk Venstreparti11−2
Venstre80
Senterpartiet8−20
Kristelig Folkeparti7+4
Miljøpartiet De Grønne30
Andre0−1
1000 intervjuer gjort i perioden 10.12.24–14.12.24. Feilmarginer fra 1,1–3,4 pp. Kilde: Norstat

Høgres fall

Men for partiet Høgre er situasjonen på målingane dårleg. Resultatet i denne målinga er likt med valresultatet i 2021.

I første halvår av 2023 låg partiet stabilt over 30 prosent på snittet av målingane. Det er meir enn ti prosentpoeng sidan.

Redaktør i den borgarlege avisa Minerva, Nils August Andresen ser tre hovudforklaringar på Høgres tilbakegang.

  • Han meiner det er rett å seie at Høgre har «site for stille i båten».
  • Han meiner aksjehandelen til Erna Solbergs ektemann øydela hennar «stjernekvalitet».
  • Han trur det er for enkelt å kritisere andre parti for å ha «kjappe og enkle løysingar».

Nils August Andresen

TIDSÅND: Minerva-redaktør Nils August Andresen.

Foto: Emma-Marie B. Whittaker / NRK

Andresen trur rett og slett at Høgre bommar litt på tidsånda.

– Eg trur ikkje Høgre har teke heilt inn over seg at det er ein svekka tillit til det styringspartia seier er «ansvarleg». Vi lever i ei tid med krig i Ukraina, endringar i global orden, dårlegare råd og eit grønt skifte i krise. Dei gamle løysingane som styringspartia har hatt, har ikkje klart å løyse mange av desse spørsmåla. Veljarane etterspør noko nytt på desse områda.

– Langsiktig tillit

NRK møter Høgre-leiar Erna Solberg i ein pause under julelunsjen med partileiinga og utfordrar henne på om partiet er for ansvarlege.

– I ei tid der tiltrua til politikarar blir dårligere, så tenker eg at det er viktig å vere ansvarleg. Det er ein del av det over lang tid å bygge tillit til demokrati.

– Men har Høgre site stille i båten for lenge?

– Nei, ikkje i det heile tatt. Men vi jobbar med våre alternative løysingar. Eg tenker jo at det viktigaste er at vi faktisk har løysingar som fungerer for dei utfordringane Noreg har over tid, svarar Solberg, og gjentek sitt syn på enkle løysingar i politikken.

– Kjappe løysingar er ikkje svaret på kompliserte saker.

– Høgre har vore konsekvente med å ikkje angripe Frp. Vil de endre det?

Høyre-leder Erna Solberg i gang på Stortinget.

BUDSJETT: Erna Solberg på Stortinget på statsbudsjettdagen i haust.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen

– Nei, men vi kjem kanskje til å vise nokre av forskjellane mellom oss. Ein bør ikkje love meir enn ein kan levere på. Frp har lova ein del ting dei ikkje leverte på i sitt eige budsjettalternativ ein gong. Slikt er vi nøydde til å påpeike, seier ho og viser blant anna til at Frp ikkje følgjer opp kritikken mot havbruksskatten og lovnaden om makspris på straum.

Skifte på venstresida også?

Rørslene på venstresida er også verdt å merke seg i målinga.

SV har ein tydeleg tilbakegang som er større enn feilmarginen. Samtidig går Raudt klart fram. Partiet kunngjorde denne månaden at dei opnar for eit regjeringssamarbeid.

SV- og Raudt-tala skil seg litt frå andre målingar denne månaden.

Men at raude parti byter veljarar hjelper ikkje statsminister Jonas Gahr Støre. Hans store problem er veljarane som har forlete regjeringspartia, og no går til Frp-leiar Listhaug.

Men ironisk nok ser statsministeren ei moglegheit i det:

Jonas Gahr Støre møter pressen.

Foto: Kristian Skårdalsmo / NRK

– Det er eit veldig stort Frp, som er det dominerande partiet på høgresida. Då blir det ein statsminister Listhaug vi skal diskutere alternativet til. Det er ein politikk med klare forskjellar. Eg ser på det som ei moglegheit til å få fram forskjellane i politikken, seier Støre.

– Det blir store skattekutt til dei med mest. Det blir privatisering innanfor helse og velferd, og det blir eit meir utrygt arbeidsliv, meiner statsministeren.

Publisert 18.12.2024, kl. 05.29

Read Entire Article