No blir det varmare på Voss enn i Valencia

15 hours ago 5


No kjem varmen for fullt – og den kan verte verande i mange veker.

Laurdag kan Førde og Voss verte varmare enn Valencia.

Medan spanjolane «berre» får 20 grader og attpåtil regn, kan vestlendingane nyte heile 24 grader!

Og varmare skal det bli: I neste veke kan gradestokken nå 25 grader, fortel meteorolog Magnus Haukeland.

Austlendingane vil få kring 20 grader i neste veke. Kjøligare blir det heilt sør og heilt nord i landet.

Store forskjellar

Nasjonaldagsfeiringa kan altså bli god og varm mange stader i landet.

to hestar som beitar

I neste veke blir det varmt og godt for både to- og firbeinte skapningar ... I Førde kan det verte 25 grader.

Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK

Men før vi ser nærmare på vêret 17. mai, kikar vi på dagane fram mot helg først.

Konklusjonen frå vakthavande meteorolog Tone Christin Thaule er følgande:

– Sør-Noreg er vêrvinnaren. Det blir gode dagar, konstaterer ho.

Særleg sør for Stad og Dovre blir det varmt.

Frå Møre og Romsdal og nordover er det derimot litt kjøligare.

Om du bur i Troms og Finnmark har du kanskje eit snøkledd landskap rundt deg. Her har det vore påfyll av sludd og snø dei siste dagane.

Vêrkart

I nord er det sludd og snø, medan det i sør er sol og gode temperaturar.

Grafikk: Meteorologisk institutt / NRK

Heldigvis vil vêret betre seg utover veka, og i Troms er det håp om glimt av sol. Her kan det verte oppimot 10 grader. Ein fin oppsving frå dei 2–4 gradene dei har no.

Også i Finnmark blir det byer, men også periodar med opphald.

I Nordland blir det både skyer og regn, men det blir varmare utover veka.

Gode langtidsprognosar i sør

I Sør-Noreg blir det gode temperaturar om dagen, men kaldt om natta.

Det kan difor vere fare for nattefrost, noko fleire på Austlandet vakna til i dag.

På dagtid vil temperaturane ligge kring 19 grader fleire stader.

Helga blir litt kjøligare, og det kan også kome ein liten dusj med regn.

– Men helga er enno litt usikker, men det kan altså kan kome nokre overraskingar, seier Thaule.

Jenter badar ved den populære badeplassen Sponavikjo på Stord.

Vestlandet kan få 24 grader laurdag, og dermed blir det varmare her enn Mallorca ...

Foto: Eli Bjelland / NRK

Langtidsprognosane for vêret held fram i same stil.

I Sør-Noreg kan det verte godt over 20 grader fleire stader dei tre neste vekene.

Nord-Noreg får temperaturar på kring 10 grader i same tidsperiode, men trøysta er at også her blir det varmare utover mai.

Paraply eller solbriller 17. mai?

Men kva vêr får vi på sjølve nasjonaldagen?

Enno er det for tidleg å slå det heilt fast, men det ser i alle fall lovande ut for Sør-Noreg sin del. Her kan det verte svært varmt å gå i bunad på 17. mai.

Hovudstaden ser ut til å verte bada i sol med temperaturar på oppimot 21 grader.

Her er det liten sjanse for at paraplyen må fram, seier Thaule.

I Bergen ser det også ut til å verte fint og varmt. Her kan det verte 20 grader.

Ifølge prognosane er det berre 15 prosent sjanse for nedbør.

I Tromsø kan det verte perfekt bunadsvêr – for her kan temperaturen i beste fall ende på 10–12 grader, men kan også ende ned mot 6 grader, fortel meteorologen.

Lærdal med ny varmerekord for Sogn og Fjordane 27. juli 2018

Medan det blir kjøleg i nord, er det gode moglegheiter for soling og bading i sør.

Foto: Jan Christian Jerving

Publisert 07.05.2025, kl. 15.48

Read Entire Article