Ein mann er arrestert mistenkt for å ha sett fyr på ei kvinne på T-bana i New York søndag morgon.
Mannen skal ha brukt ein lighter til å tenne fyr på kleda hennar då ho sat inne i ein T-banevogn i Brooklyn.
Dei to skal ikkje ha kjend kvarandre frå før, trur politiet.
Kvinna døyde på staden.
Oppslukt av flammar
– Dette er ein av dei mest forderva kriminelle handlingane ein person kan gjere mot eit anna menneske, sa politimeister Jessica Tisch etter hendinga, ifølge BBC.
Vitne har fortalt at det ikkje var noko samtale mellom kvinna og mannen før han tente på. Politiet meiner ho mest truleg sov då det skjedde.
Fleire politimenn som var på stasjonen lukta røyk og sprang til for å hjelpe.
– Då såg dei ein person inne i T-banevogna som var fullstendig oppslukt av flammar, seier Tisch.
Politiet jobbar framleis med å identifisera offeret.
Sat rett ved politiet
Mannen som sette fyr på kvinna skal ha blitt igjen på stasjonen, utan at politiet skjønte at det var han.
Dei gjekk ut med ei skildring av korleis han såg ut, og seinare på dagen vart politiet ringd opp av nokre ungdommar som hadde sett han på eit anna tog.
Mannen vart arrestert på stasjonen like ved Empire State-bygget på Manhattan.
Fanga på kamera
New Yorks borgarmeister Eric Adams skrøyt søndag kveld av personane som bidrog til å varsla styresmaktene om den mistenkte.
– Denne typen oppførsel har ingen plass i t-banane våre, og me er forplikta til å jobba hardt for å sikra at ofra for den valdelege kriminaliteten får rettferd, skriv han på X.
T-bana i New York gjennom høgtida, blant anna ved å sette inn 250 tilsette i nasjonalgarden på stasjonane, og å få på plass overvakingskamera på kvart vogn.
Hendinga der kvinna brann i hel vart fanga på eit slikt kamera, melder dei.
I mai i år innførte guvernøren ein plan for å betra tryggleiken på undergrunnen, etter fleire alvorlege valdshendinga.
Ifølge guvernøren sjølv har valden gått ned 10 prosent sidan innføringa, og heile 42 prosent sidan starten på 2021.
Publisert 23.12.2024, kl. 07.58