Rundt klokka 22.30 norsk tid braut det ut slagsmål mellom demonstrantar og politi i Los Angeles.
Det er venta ein ny dag i USA med demonstrasjonar mot dei amerikanske immigrasjonsmyndigheitene (ICE).
Demonstrantane er budde på motstand.
Rundt 300 soldatar er plassert ut på ulike stadar i byen, medan totalt 2000 er mobilisert frå California sin Nasjonalgarde.
– Dei skal sørge for tryggleik for føderal eigedom og folk, skriv US North Command på X.
Donald Trump er tydeleg på at han meiner avgjerda om å sende soldatar er rett.
– Vi sender det vi treng for å sørge for at det er lov og orden, seier Trump søndag kveld norsk tid.
Sidan fredag har det gått føre seg demonstrasjonar mot dei amerikanske immigrasjonsmyndigheitene (ICE).
Det blir protestert mot massedeportasjonar og pågripingar.
Laurdag blei fleire demonstrantar pågripne og fleire skal ha fått skader i samanstøyta.
At presidenten beordrar nasjonalgarden til å få kontroll på demonstrantar er svært uvanleg.
Dette er ei myndigheit som guvernøren i kvar delstat har, men som sjeldan blir brukt.
– Dei skal handtere lovløysa som har fått ulme. Vår øvstkommanderande vil sørge for at USAs lover blir fullt og heilt handheva, skreiv pressetalsperson Karoline Leavitt i ei fråsegn.
Dette er første gongen sidan 1965 at ein president sett inn nasjonalgarden utan at ein guvernør har bedt om det.
Då var det president Lyndon B. Johnson som sende soldatar til Alabama for å beskytte borgarrettsaktivistar.
Det kjem kritikk frå fleire hald mot bruken av soldatar.
– Djupt uroande, seier Amnesty-sjef i USA, Paul O´Brien.
Han meiner at dette viser at at Trump-administrasjonen er villig til å gjere kva som helst for å målrette og straffe dei som talar til forsvar for menneskerettar.
– Dette handlar ikkje om å verne lokalsamfunn, men om å knuse motstand og skape frykt, seier O´Brien.
Publisert 08.06.2025, kl. 22.37 Oppdatert 08.06.2025, kl. 22.40