Netanyahu var ein av dei første som ringde Trump: – Varm og hjarteleg

2 weeks ago 9


«Kjære Donald og Melania Trump. Gratulerer med historias beste comeback».

Det skeiv israelsk statsminister Benjamin Netanyahu på sosiale medium onsdag føremiddag.

Det israelske statsministerkontoret seier at Netanyahu var blant dei første til å ringe Trump for å gratulere han etter at sigeren var klar.

Også Frankrikes president Emmanuel Macron har vore i samtale med Trump.

– Samtalen var varm og hjarteleg, seier dei.

Ifølgje administrasjonen snakka dei to om den «iranske trugselen» og avtalte at dei skal samarbeide om «Israels tryggleik».

Netanyahu seier dette er starten på noko nytt, og vil styrke samarbeidet mellom USA og Israel.

Då Trump var president i 2018 anerkjente USA Jerusalem som Israels hovudstad og flytta den amerikanske ambassaden dit. Det førte til blodige samanstøytar.

(FILES) US President Donald Trump and Israeli Prime Minister Benjamin Netanyahu take part in an announcement of Trump's Middle East peace plan in the East Room of the White House in Washington, DC on January 28, 2020. In a choice between Kamala Harris and Donald Trump for US president, Israeli Prime Minister Benjamin Netanyahu will likely be hoping that the man with whom he has a close relationship and who delivered multiple diplomatic victories for Israel, will triumph. (Photo by MANDEL NGAN / AFP)

Foto: MANDEL NGAN / AFP

Trump har sagt at han vil få slutt på krigen i på Gazastripa «i løpet av få timar», om han blir president.

I klinsj med Biden

Både Biden og Harris har vore tydelege på at USA støtter Israels rett til å forsvare seg i krigen på Gazastripa etter 7. oktober i fjor.

I løpet av det siste året har presset frå Biden derimot auka. 3. september sa Biden at Netanyahu ikkje gjorde nok for å få til ein avtale om våpenkvile på Gazastripa.

Netanyahu svara at Biden burde presse Hamas og ikkje han sjølv.

I oktober krav USAs regjering at Netanyahu gjorde noko med den humanitære situasjonen på Gazastripa. Viss ikkje, ville dei halde tilbake nye våpenleveransar.

I løpet av det siste året har over 43.000 palestinarar blitt drepne av det israelske forsvaret, ifølgje helsestyresmaktene der.

USA er ein av dei største økonomiske støttespelarane til Israel. Sjølv om kritikken mot Netanyahu har auka, har USA heldt fram med å støtte landet økonomisk og militært.

 U.S. President Biden meets with Israeli PM Netanyahu at the White House in Washington

Netanyahu var på besøk i USA i juli. Her saman med president Joe Biden.

Foto: Elizabeth Frantz / Reuters

Overlegen siger for Trump

Verken Trump eller Harris har brukt mykje ressursar på krigen i Midtausten under valkampinnspurten. USA har tradisjonelt sett støtta Israel, også på tvers av partilinjer.

Onsdag blei det klart at Donald Trump blir USAs 47. president.

Klokka 11.30 norsk tid slo nyheitsbyrået AP fast at det ikkje var teknisk mogleg for Harris å ta igjen Trump i valet. Det var etter at sigeren i vippestaten Wisconsin, at Donald Trump fekk dei siste valmennene han trengde.

Sjølv om ikkje alle stemmene er talde, blir dermed Donald Trump USAs neste president. Trass i at han er tiltalt i fire straffesaker.

Election 2024 Trump

Foto: Julia Demaree Nikhinson / AP

– Dette er ei rørsle vi aldri har sett. Dette er den beste politiske rørsla nokosinne i dette landet, kanskje i heile verda, sa Donald Trump frå talarstolen onsdag morgon.

Kamala Harris har enda ikkje kommentert valresultatet. Det er venta at ho skal halde ein tale klokka 22 norsk tid. Heller ikkje Joe Biden har uttalt seg om valresultatet.

Republikanarane har også fått fleirtal i senatet, som gir dei makta i begge kammera i Kongressen.

Etter at tilhengerne hadde ventet i fleire timar, dukka hovudpersonen sjølv opp på scenen på valgvaken i West Palm Beach.

Ein historisk valkamp

Det var Joe Biden som stilte til attval for Demokratane tidlegare i år.

Mange stilte då spørsmål om den 87 år gamle presidenten ikkje var for gamal, og om han i det heile tatt var i stand til vere USAs president i fire nye år.

Sjølv om kritikarane var mange, ville ikkje Demokratane samle seg bak ein ny kandidat. Diskusjonane heldt fram.

APTOPIX Election 2024 DNC

President Joe Biden og visepresident Kamala Harris under Democratic National Convention, då Harris formelt blei valt om Demokratane sin presidentkandidat.

Foto: Charles Rex Arbogast / AP

28. juni i år stilte Trump og Biden i første direktesende debatt. Dommen frå mange var soleklar: Biden var ikkje i stand til å vere president i fire nye år.

– Han hadde ein fot i grava, sa Eirik Løkke, rådgivar i Civita, i etterkant av debatten.

Vekene gjekk og det blei stillare frå Biden-administrasjonen.

Under eit valkamparrangement i Pennsylvania blir Donald Trump skoten 14. juli. Gjerningsmannen blir drepen, og Trump kjem nesten uskadd frå det.

Trump med hevet hånd

Trump hever handa etter å ha blitt skoten under eit valkamparrangement.

Foto: AFP

Det skal ikkje gå lang tid før valkampen skaper overskrifter verda over.

21. juli annonserer Biden på X at han vil sleppe den yngre generasjonen til, og vil stille seg bak visepresident Kamala Harris som Demokratane sin presidentkandidat.

Skulle USA få sin første kvinnelege president, spurde mange seg då. I dag fekk vi svaret.

Publisert 06.11.2024, kl. 18.46 Oppdatert 06.11.2024, kl. 18.54

Read Entire Article