Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_06b6772ad743c6ed722d10a762d79a28, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
«Nesten eit grunnsolid rappalbum» - NorwayToday

«Nesten eit grunnsolid rappalbum»

1 week ago 18


Det er ikkje heilt utan grunn at Arif er blitt ein av dei mest kjente rapparane i Noreg. Gjennom si til nå 14 år lange karriere har han gjeve ut ein banebrytande debut-EP, fem studioalbum – og endra artistnamn to gonger.

Musikken har ført til at Arif Nassor Salum har vunne spellemannsprisen to gonger, fått «P3-Prisen» og vore med som deltakar på «Hver gang vi møtes».

En person står foran en skjerm med lysende, gul skrift som sier "P3 PRISEN". Personen holder en pris med teksten "P3 GULL 2023" og en mikrofon. Omgivelsene har et festpreget preg med rosa og gule lys. Det er flere mennesker synlige i bakgrunnen som deltar i arrangementet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

VANN HEIDERSPRIS: Arif vann «P3 Prisen» under «P3 Gull» 2023.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

Uavhengig om det er Phil T. Rich, Arif eller Arif Murakami ein har eit forhold til, er det vanskeleg å betrakte 39-åringen som noko anna enn populær.

Der han i 2012 var ein hemningslaus festgut, har han med åra blitt meir sjølvransakande.

En mann står i profil mot en uklar, dyster bakgrunn. Han har på seg en mørk jakke og en hodeplagg. Huden er synlig, sammen med en kort, velstelt skjeggvekst. Belysningen gir et dramatisk uttrykk i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Sony Music Norway / Sony Music Norway

Med «Mannen som døde stående» er Arif på sitt beste sidan «HighEnd / Asfalt» (2016). Han viser samstundes at han framleis står med føtene godt planta i to ulike verder, som dessverre ofte møtes.

Eit «Hey Ya!»-problem

På låta «Intro» frå 2016 rappar Arif «Dette er ikkje jovial shit, det er ikkje for de lytterne». Med det blei det tydeleg at sjølv om musikken til Arif er kommersiell, er han hovudsakleg meint for han sjølv og dei han deler opplevingar med.

Bildet viser en person med en mørk hårbånd og flettet hår, som står i en lavt opplyst setting. Personen har flere tatoveringer synlige på overkroppen. Omgivelsene er nesten helt mørke, noe som fremhever personens silhuett og tatoveringer. Det er fokus på ansiktsuttrykk og kroppsdetaljer, men personens ansikt er ikke synlig. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Sony Music Norway

Sjølv om det er på dei introspektive låtane Arif stadig viser kor god rappar og låtskrivar han er, står dei meir poppete låtane for mesteparten av merksemda rundt diskografien hans.

Med «Mannen som døde stående» er det tydeleg at Arif ynskjer å snu om på dette narrativet.

Gjennom låtar som «Sinatra», «Sov godt» og «Store gutter gråter aldri» nærast tryglar artisten lyttaren om å drite i å danse, og faktisk lytte.

For å få til dette er låtane fullpakka med menneskeleg påverking. EDM-bass er bytt ut med cello, trekkspelet har tatt plassen til overflødige refreng og lidenskap trumfar likegyldigheit.

Bildet viser en blodig gjenstand med kniver stikkende ut, plassert mot en mørk bakgrunn. Gjenstanden har et hjerteformet smykke hengende over seg, omgitt av blodige spor. Det er ingen mennesker til stede i bildet. Den mørke omgivelsen bidrar til en dyster atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Albumcover for «Mannen Som Døde Stående».

Foto: Sony Music Norway

Det er merkbart at Arif har lagt hjarte og sjel i «Mannen som døde stående» og forsøkt å lage eit album som er meint for han sjølv. Derfor er det merkeleg at han ikkje har valt å gi alt for å lykkast.

For mykje fyll

Gjennom opningslåten «Bando intro» set Arif stemninga, og ikkje minst premissen, for heile «Mannen som døde stående».

For Arif er det ingen skilnad mellom kvardag og fest eller harmoni og kaos. Ein «vanleg» dag i Arif sitt liv er prega av sorg og glede, vald og kjærleik, tru og tap.

På låtane «Bando Gzuz» og «Double O» blir dualitet i livet rappa om i verdsklasse.

Beatane, produsert av Askjell, inneheld alle komponentane til typisk trap, samtidig som det oppriktig er behageleg å lytte til.

En person sitter i et åpent bilvindu, kledd i en pelsjakke som dekker hodet. Vedkommende holder en hånd foran ansiktet og har på seg smykker. Omgivelsene er ukjente, med en bil og vegetasjon i bakgrunnen. Belysningen er dempet og gir en mystisk atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Sony Music Norway

På «Mannen som døde stående» er det plass til melodiane så vel som Arif sine tekstar og rappflyten hans. Når han er på sitt beste blandar han saumlast ei hard gangsterverd med vakker poesi. Fleire av låtane er lik små kunststykke.

Samstundes kunne det ha vore plass til så mykje meir ved å fjerne låtar som, i kjent Arif-stil, det ikkje er lett å skjønne kven dei er meint for.

«FUTC», «Når var sist», «Ingen meg utan deg» og «Block 10» seier rett og slett ingenting om Arif som person eller artist. Samtidig manglar dei ei kraft som kunne ha gjort dei til komplette festlåtar.

Utvilsamt menneskeleg

«Mannen som døde stående» er eit album som er på sitt beste når Arif skil det oppblåste frå det ærlege.

Et mannsfolk iført svart dress lener seg bakover mot en stor svart gjenstand. Han har krøllete hår og ser opp mot taket. Omgivelsene er minimale, med en lys vegg og grått gulv. Ingen andre personer eller distinkte elementer er synlige i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Sony Music Norway

Fire av låtane på albumet forsøker å vere meir grandiose enn dei er, og utan noko personleg å binde dei fast til, feilar dei i å fenge i det heile tatt.

Desse er soleklare «filler»-låtar, og på eit album der så mykje anna er klart gjennomtenkt, til og med mellomspela, kan ein ikkje gjere anna enn å riste fortvila på hovudet kvar gong desse kjem på.

Dersom poenget er å spegle eit trist klovn-paradoks, blir det også skivebom då «Bando Gzuz» og «Double O» allereie gjer dette, og på langt betre vis.

I eit album som har så mykje tettpakka god kvalitet, er det derfor sørgeleg at Arif ikkje heilt klarer å tette dei tomromma han sjølv skaper.

Publisert 13.03.2026, kl. 00.02

Read Entire Article