Narve Gilje Nordås knuste Ingebrigtsen-rekord i NM: – Det er heilt fantastisk

11 hours ago 5


Narve Gilje Nordås var den store favoritten på 5000 meter under NM på Askøy – og innfridde.

Nordås sprang frå konkurrentane og kom inn på tida 13.08,33 – seks sekund raskare enn rekorden frå i fjor.

Han vann framfor Magnus Tuv Myhre og Awet Kibrab.

– Ein god følelse, altså. Eg veit ikkje kva eg forventa då eg kom til Askøy. Men det er heilt fantastisk, seier Nordås til NRK etter målgang.

Meisterskapsrekorden på 5000 meter er på 13.14,36 og er sett av Jakob Ingebrigtsen under NM i Sandes i fjor. Han vann framfor Nordås som kom inn på 13.14,99.

Nordås såg sterk ut undervegs i løpet.

– Det er utruleg sterkt av Narve, seier NRKs ekspert Vebjørn Rodal.

Narve Gilje Nordås og trenar Gjert Ingebrigtsen etter målgang.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Sterk andreplass

– 5000 er blytungt. Det er mentalt heilt «forgrævligt». Det er lenge sidan eg har sprunge 5000, det var vel i Zagreb sist. Det er ein mental prøving. Tuv Myhre var verkeleg sterk og drog på skikkeleg dei siste to rundane, seier Nordås som har 1500-meter som favorittdistanse.

Magnus Tuv Myhre fekk sitt store gjennombrot i 2023, men fekk fjorårssesongen øydelagt grunna sjukdom. Løpet no viser at han er sterkt tilbake kjempe om ein VM-billett til Tokyo.

Nordås held fram:

– Så eg prøvde å henge på, og så spurta me på oppløpet, men han var knallsterk i dag, det var verkeleg vanskeleg å knekke han.

– Magnus får gode tider, og med det god ranking, som gjer at begge klatrar på stigen til VM i Tokyo, så eg trur at med desse resultata i dag, vil begge sikre seg ein plass i Tokyo, seier Nordås.

 Magnus Tuv Myhre, Narve Gilje Nordås, og Awet Nftalem Kibrab

Magnus Tuv Myhre, Narve Gilje Nordås, og Awet Nftalem Kibrab sprang i lag store delar av løpet.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

– Det er sølvmedalje, det er sterkt, det. Eg har gull før, og ein siktar jo alltid mot gull, men det var litt hardare konkurranse no enn det var dei gongene eg har vunne. Og så får me ei god tid, og det er absolutt bra det, for å nærme seg VM.

Seier Tuv Myhre, som takkar Ferdinand Kvand Edmann for harejobben han gjorde dei fyrste 3000 meterane.

Tuv Myhre fortalde at Edmann sjølv ringde og tilbaud seg å gjere drajobben.

Utan Ingebrigtsen-brørne på start

Både Filip og Henrik Ingebrigtsen måtte tidlegare denne veka melde at dei ikkje kom til å stille til start i NM, på grunn av sjukdom.

– Kva tenkjer du om at to frå Ingebrigtsen ikkje er med i dag?

– Det er jo synd med forfall. Me ynskjer jo at alle skal vere med. Det er slik som skjer. Det er ein del av gamet.

– Korleis er det å ha med Gjert Ingebrigtsen i dag?

– Det er fint. Fint. Ein føler at ein er tilbake til normalen. Det er ikkje noko stress. Ting er i ferd med å ordne seg.

Menn som sitter

Gjert Ingebrigtsen i lag med Per Svela og Narve Gilje Nordås.

Foto: Anders Engeland / NRK

Før løpet hadde trenar, Gjert Ingebrigtsen, trua på Nordås trass i at han er inne i ein tung treningsperiode.

– No er han midt i mellom konkurransar internasjonalt, men brukar NM litt som ein treningsbolk. Men det er viktig å ta ein medalje i NM, sa Gjert Ingebrigtsen til NRK og la til:

– Eg trur han har lyst til å vinne i dag.

Publisert 01.08.2025, kl. 21.10 Oppdatert 01.08.2025, kl. 21.51

Read Entire Article