«Mystiske» funn i solkraftanlegg skaper uro

1 day ago 6


Danske myndigheiter har starta etterforsking etter at solkraftprodusentar i landet har funne «mystiske» og «uforklarlege» komponentar i elektronikk levert frå Kina.

Funna gjer at danske selskap har sett samarbeidet med ein ikkje-namngitt leverandør på pause.

Av omsyn til etterforskinga kan eg ikkje seie meir om kva vi har funne, seier direktør i Green Power Denmark, Jørgen Christensen, til avisa Berlingske.

Avisa viser til liknande funn i USA der det er oppdaga sabotasjebrytarar («killswitch») i kinesisk-importerte solcelleanlegg.

«Av-knappar» som i sin tur kan brukast til å lamme kraftforsyninga og destabilisere straumnettet via fjernstyring.

solkraft

PST, E-tenesta og Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) har peika på kraftbransjen som særleg sårbar for hybrid krigføring.

Foto: NRK

Kan ikkje utelukke det i Noreg

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) har peika på kraftbransjen som særleg sårbar for hybrid krigføring, og i april kom den europeiske bransjeforeininga for solenergi med fleire råd for å møte truslane.

Vi har tidlegare kjøpt kinesisk utstyr, men har fått utstyret kontrollert av ein tredjepart før det blei installert, seier Bjørn Thorud i fornybarselskapet Aneo.

Han legg til at bransjen set høge krav til digital sikkerheit og at han «vil tru at andre kraftselskap gjer det same som oss».

Men det er ikkje berre kraftbransjen som bygger ut fornybar kraftproduksjon, så vi kan ikkje utelukke at det kan vere anlegg i Noreg der det finst ukjente komponentar, seier han.

Sjå fleire reaksjonar på dei «mystiske» brytarane i danske solparkar under.

  • Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny

    Oddgeir Øystese

    Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny

    Denne problemstillinga er eit aktuelt tema i bransjen vår. Vi stiller strenge krav til leverandørstyring og sikkerheit. Leverandørkjeder er utpeika som ei sårbarheit, og det blir stilt strengare krav til leverandørars eigne sikkerheitsrutinar nå enn før.

  • Thor Egil Braadland

    NRK

    Thor Egil Braadland, Fornybar Noreg

    Vi har ikkje høyrt om nokon slike eksempel frå medlemmene våre. Vi kan sjølvsagt ikkje utelukke at det finst eksempel, fordi utstyr som blir selde i USA og Danmark kan sjølvsagt også seljast til Noreg. Vi har ikkje vore i kontakt med dei danske kollegaene våre ennå, men vil drøfte saka med Green Power Denmark snarleg for å forstå hendinga betre.

  • Yngvar Søetorp

    Yngvar Søetorp, dagleg leiar i Solenergi

    Vi er ikkje kjente med at det er funne liknande funn på elektronikk som er importert til Noreg. Vi er likevel kjente med at det tidlegare har versert rykte om dette, utan at det er gjort funn eller skaffa dokumentasjon. Vi vil likevel følge med på kva som kjem ut av etterforskinga både i Danmark og USA.

  • Carl Christian Strømberg

    Carl Christian Strømberg, direktør i Solcellespesialisten

    Skulle ein i eit hypotetisk scenario klare å fjernstyre og skru av alle solcelleanlegg i Noreg samtidig, ville dette per i dag ikkje hatt merkbare konsekvensar for stabiliteten i det norske straumnettet.

  • Erik Stensrud Marstein

    Erik Stensrud Marstein, Institutt for energiteknikk (IFE)

    Eg kjenner ingen saker der dette har blitt rapportert i Noreg.

Ein enkel og elegant måte å få inn «spionvare»

Under fornybarkonferansen i vår, var det verken energiministeren eller fornybar-sjefen som sto for opninga, men forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

Eit konkret bilde på at energipolitikk har blitt forsvarspolitikk – og vica verca.

Orlogskaptein og forskar ved Sjøkrigsskulen, Tor Ivar Strømmen, har tidlegare karakterisert den norske beredskapen som «hårreisande dårleg».

Han er ikkje kjent med funn av sabotasjebrytarar på norske solceller, men «ser det ikkje akkurat som usannsynleg»:

Det er trass alt ein enkel og elegant måte å få inn «spionvare» i industri og heim. Særleg det første vil vere av interesse, seier han.

– Ein wake up call

I slutten av april kortslutta heile det spanske straumnettet.

Det er ingen haldepunkt for at det var ei vilja handling, men hendinga blei raskt kalla ein «ein wake up call, både med omsyn til cybersikkerheit og moglegheita for sabotasje».

Direktør i Solcellespesialisten, Carl Christian Strømberg, minner om at solceller inntil vidare står for ein liten del av den norske kraftmiksen, og at «den omgåande risikoen for det norske straumnettet som følge av manipulasjon er låg per i dag».

Men vi tar slike internasjonale rapportar svært alvorleg og følger situasjonen nøye.

Han legg til:

Vi vil definitivt ha auka merksemd på trusselen om hybrid krigføring etter kvart som solkraftmarknaden i Noreg veks.

Publisert 31.05.2025, kl. 12.28

Read Entire Article