– Elon Musk er ein uboden gjest i styringa av USA. Veljarane blei ikkje fortalde at dei fekk Musk på kjøpet då dei valde Trump til fire nye år.
Det seier professor i statsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet, Hilmar Mjelde.
I løpet av dei to vekene Musk har sete som sjef for den nyoppretta gruppa DOGE, har han snudd det føderale byråkratiet i USA på hovudet.
Elon Musk på ei Trump-samling i oktober 2024.
Foto: ReutersOppdraget er å finne ut korleis Trump-administrasjonen kan gjere drastiske kutt i det offentlege budsjettet. Musk har mandat til å «bryte det føderale byråkratiet frå kvarandre».
Han har byrja å effektivisere og slanke USAs statsapparat, etter Trump sitt ønske.
– Han er blitt ein slags med-president, seier Mjelde.
Han peikar på at den typen spesialrolle som Musk har fått, minner om den visepresidenten normalt får. Men ingen har stemt på Musk, slik ein stemmer på ein president og visepresident.
Demonstrasjon i nærleiken av Det kvite hus torsdag 6. februar.
Foto: AFPMen mangemilliardæren si rolle i politikken blir møtt med auka skepsis. Denne veka protesterte folk over heile USA mot Musks aukande makt. Føderalt tilsette fortel om panikk, og det har blitt reist fleire søksmål frå fagforeiningar og interessegrupper.
Chuck Schumer, Det demokratiske partiet sin leiar i Senatet, har kalla Musks DOGE for ei skyggeregjering.
Kongressmedlem Alexandria Ocasio-Cortez har skulda Musk for å stelle i stand eit «plutokratisk kupp». Eit plutokrati er eit rikmannsstyre, ei form for oligarki der ein liten, velståande minoritet regjerer.
– Om du vil ha makt, må du stille til val og bli vald av folket, skriv Ocasio-Cortez på X.
«Ingen stemde på milliardærar» stod det på eit skilt under ein demonstrasjon i Washington, D.C onsdag denne veka.
Foto: AP– Dramatisk ekspressreform
Lista over ting Musk har fått gjort sidan Trump blei president for andre gong, er lang.
Sjølv om namnet høyrest offisielt ut, er ikkje DOGE ein føderal etat. Likevel har Musk fått stor fridom til å endre det amerikanske statsapparatet.
Målet er å redusere byråkratiet og sette inn fleire lojale støttespelarar.
Men det er Kongressen, ikkje presidenten, som skal styre over pengebruken og forma til det amerikanske statsbyråkratiet.
– Det Musk gjer no, skjer heilt utanfor den demokratiske ansvarskjeda, seier Mjelde.
Hilmar Mjelde er professor i statsvitskap ved HVL. Han meiner Trump og Musk driv ei dramatisk ekspressreform i USA.
Han kallar det Trump og Musk har sett i gang, «ei dramatisk ekspressreform av det amerikanske statsbyråkratiet, heilt utan kvalitetssikring».
Dette kan minske den amerikanske staten sin kapasitet i framtida.
Men Mjelde peikar på at det finst rammer for kor mykje makt Musk kan få.
– USA sitt politiske system har alltid hatt ei sjølvkorrigerande impuls. Det tilseier at Kongressen, opposisjonen og domstolane vil komme meir på banen for å stogge Trump og Musk framover.
Ein fot i kvar leir
Trump har gitt Musk spesialstatus og ei offisiell stilling i administrasjonen sin.
Samstundes eig han den sosiale medieplattforma X. Resultatet er ein offentleg tilsett rådgivar som bruker ei av verdas største informasjonsplattformer til å spreie sine synspunkt.
Det var på X at han til sine 215 millionar følgarar skreiv at USAID, bistandsdirektoratet som Musk vil legge ned, er «ondt» og «kriminelt» – påstandar han ikkje kom med nokon vidare bevis for.
Musk har høgste sikkerheitsklarering, noko som gir han tilgang til sensitiv informasjon. Samstundes får han unntak frå habilitetsreglar som elles hadde gjort at han ikkje kunne tent pengar frå selskapa sine i perioden han er tilsett i Det kvite hus.
Musk står altså med beina planta både i den politiske og i den kommersielle verda.
Fleire demokratar i kongressen har også bede om etterforsking av moglege sikkerheitstruslar frå DOGE.
Dette KI-genererte biletet var brukt under demonstrasjonar i Nashville, Texas, mot Project 2025.
Foto: ReutersTilgang til sensitiv informasjon
Musk forsøker mellom anna å stenge ned USAID, USA sitt bistandsprogram. Etter planen skulle USAID donere 58 milliardar amerikanske dollar i 2025, men no er nettsidene deira nede og nesten 10.000 tilsette står i fare for å miste jobbane sine.
Denne veka blei det kjent at DOGE har fått tilgang til betalingssystemet til det amerikanske finansdepartementet.
Systemet inneheld personleg informasjon om millionar av amerikanarar som får trygdeutbetalingar, skatterefusjonar og andre offentlege midlar.
Ein byste av administrerande direktør i SpaceX, Elon Musk, i vegkanten i Brownsville, Texas.
Foto: ReutersMusk har også tatt kontroll over to amerikanske regjeringsprogram, Office of Personnel Management (OPM) og General Services Adminstration (GSA), og sett sine eigne folk i leiarstillingar der.
Han har stengt dei tilsette ved OPM (som HR-avdelinga for alle som jobbar i byråkratiet) ute frå arbeidsplassens datasystem.
Det betyr at han har fått tilgang til detaljert og sensitiv informasjon om millionar av offentleg tilsette, skriv. Den informasjonen har han brukt til å sende e-postar til føderalt tilsette med tilbod om sluttpakke for alle som går av frivillig.
Publisert 07.02.2025, kl. 21.18