Datert: 11.12.2024
Besvart: 11.12.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Spørsmålet går til samferdselsminister Nygård, for me må bora litt meir i tog problematikken.

Eg hadde gleda av å vera i Dagsnytt 18 med statsråden på måndag. Då var det forsinkingar og kaos på tog som igjen var tema, for kvar dag vaknar pendlarane og lurer på om dei kjem seg på jobb, om dei får henta i barnehage til avtalt tid. Berre i ni av årets arbeidsdagar har Bane NOR levert ein infrastruktur utan problem. Det er klart at dette er fullstendig uhaldbart for dei reisande.

Me opplevde i sendinga at statsråden dreiv med ein liten porsjon ansvarsfråskriving, for han påstod at forklaringa på dette kaoset togkundane i dag opplever, er å finna i jernbanereforma. Men verken Riksrevisjonen eller andre har så langt me har sett, vist til jernbanereforma som forklaring. Kva dokumentasjon har statsråden på at forsinkingar og innstillingar faktisk kjem av jernbanereforma?