Datert: 11.12.2024
Besvart: 11.12.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Då kan justisministeren få koma fram igjen.

Statsråden har no styrt Justis- og beredskapsdepartementet i over tre år. Bodskapet frå regjeringa og statsråden har i heile denne perioden vore at det blir satsa på politiet. Tala for Politi-Noreg fortel derimot ei anna historie enn det statsråden fortel. Det er stor forskjell på det som blir sagt frå denne talarstolen frå regjeringa, og det som f.eks. vart sagt på pauserommet på Sogndal politikontor, der eg sat og snakka med dei dyktige tilsette natt til søndag. Der merkar dei lite av satsinga til regjeringa på politiet – bortsett frå at det har kome nokre fleire politikontor, og at det no er moglegheit til å ordna seg pass på begge sider av fjorden, men dersom det skjer noko akutt, derimot, er det liten sjanse for at ein har fleire patruljar som kan avlasta folka som jobbar i dei ytre ledda.

Sidan regjeringsskiftet har antal politiårsverk i politidistrikta gått kraftig ned. Som ein konsekvens av dette har politidekninga per tusen innbyggjarar falle. Det har igjen medført ein kraftig auke i talet på kapasitetsbortleggingar, både med og utan kjend gjerningsperson. Det siste året har òg oppklaringsprosenten stupt, til eit alarmerande nivå på under 40 pst. Det er det lågaste nivået sidan førre tusenår.

Så det er kraftige avvik mellom historieforteljinga til statsråden og den reelle verda. For eksempel er det per 27. november i år 14 596 straffesaker med kjend gjerningsperson som er lagde bort på grunn av manglande kapasitet.

Mitt spørsmål er: Synest statsråden at politiet etter tre år med Senterpartiet og Arbeidarpartiet i regjering er rusta til å levera på sitt samfunnsoppdrag, med sånne tal på bortleggingar?