Politiet skriv at det er meldt om ei mogleg stor ispropp/snøpropp som rører seg nedover fjellet i Høyanger ved dei gamle vassrøra.
– Melder har budd i Høyanger i over 40 år og har aldri sett noko liknande, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tore-Andre Brakstad.
– Dersom dette kjem ned i stor fart ned mot sjølve Hydro, kan det ha skadepotensial for Hydro. Vi trur dette kan ha ein samanheng med gamle vassrør, seier han.
Fylkesveg 55 er stengt på staden.
– Vi har dialog med Hydro om kva som eventuelt skal evakuerast. Proppen er framleis i fjellsida, seier operasjonsleiaren klokka 09.50.