Denne artikkelen er produsert og finansiert av Forsvarets forskningsinstitutt - les mer.
Ein ny rapport syner at noko positivt har skjedd sidan førre måling, som var i 2022.
FFIs nye rapport syner nedgang i seksuell trakassering blant unge kvinner sidan 2022. Bildet er frå Hærens skole ved Ternigmoen. (Foto: Frederik Ringnes / Forsvaret)
Nivået av mobbing og seksuell trakassering er omtrent uendra sidan 2022 i dei tre verksemdene.
Den nye rapporten viser samtidig at Forsvaret har ein nedgang i seksuell trakassering blant meinige og studentar og unge, kvinnelege tilsette.
Sjølv om denne utviklinga er positiv for Forsvaret, er førekomsten framleis høg for unge kvinner.
Forsvarets forskningsinstitutt har no gjennomført denne spørjeundersøkinga for fjerde gong i Forsvaret, og andre gong i Forsvarsmateriell og ved Forsvarets forskningsinstitutt.
Forskarane Kari Røren Strand, Maria Fleischer Fauske og Torbjørn Hanson står bak rapporten.
– Å kartlegge mobbing og trakassering på måten vi har gjort her, fungerer som ein temperaturmålar for verksemdene, seier forskingsleiar Strand.
Unge kvinner er risikogruppe
Kjønn og alder er framleis avgjerande faktorar for risikoen for å bli utsett for mobbing og seksuell trakassering.
Spesielt unge kvinner i Forsvaret peikar seg ut som ei høgrisikogruppe for seksuell trakassering.
Blant kvinnelege meinige og studentar, og unge kvinnelege tilsette i Forsvaret og etaten Forsvarsmateriell, har om lag halvparten opplevd seksuell trakassering dei siste 12 månadene.
Førekomsten er mykje lågare blant menn i dei same gruppene.
Sjefsforskar Maria Fleischer Fauske seier at tala for unge kvinner verkar høge, men at det finst få andre undersøkingar å samanlikne med. Dette gjer det vanskeleg å vite om nivået ligg over resten av arbeidslivet.
– Den viktigaste bodskapen her er at det er monalege skilnader mellom kvinner og menn. Særleg unge kvinner ligg høgt, men det er også denne gruppa som har hatt størst nedgang i perioden frå 2018 til i dag, seier ho.
Usikre på varsling
Undersøkinga viser at fleire tilsette no veit korleis dei kan varsle om uønskte hendingar.
Likevel lar mange vere å varsle. Dei vil ikkje ta saka vidare. Dei er usikre på om hendinga er alvorleg nok, eller trur at varsling ikkje vil føre til endring.
Mange er òg usikre på kva dei eigentleg bør varsle om, noko som peikar på manglande kunnskap.
Leiarane har ansvar
Færre leiarar med personalansvar i Forsvaret har no opplæring i å handtere varslingssaker.
I 2022 hadde 70 prosent fått slik opplæring. I 2024 er talet nede på 60 prosent.
Forskarane seier at leiarane si haldning og evne til å handtere varsel er avgjerande for ein trygg arbeidsplass.
Fem viktige område for framtida
Rapporten peikar på fem område som forsvarssektoren må prioritere framover:
- Vekt på risikogrupper: Tiltak må rettast spesielt mot dei unge kvinnene og miljøa rundt dei, sidan dei er mest utsett.
- Større innsats mot kjønnstrakassering: Stereotypiske førestillingar om kjønnsroller må nedkjempast.
- Styrke kunnskapen om kva seksuell trakassering er: Fleire må få medvit og ei felles forståing av grenser for akseptabel åtferd.
- Auke tilliten til rutinar for varsling: Tilsette må kjenne seg trygge på at varsling blir teken alvorleg og fører til positive endringar.
- Sjå på effekten av tiltak: Det er nødvendig å undersøke kva for førebyggande tiltak som faktisk verkar.
Vil ha med fleire
Forskarane vil at framtidige undersøkingar også tek med Forsvarsdepartementet og Forsvarsbygg.
Arbeidet mot mobbing og trakassering må gå føre seg heile tida og på alle nivå. Jamlege undersøkingar og meir forsking er nødvendig for å løyse problemet.
– Dersom verksemdene ikkje har gode rutinar for handtering, og regelbrot ikkje får følger, blir det vanskeleg å endre både kulturen og individuell åtferd, seier Kari Røren Strand.
Tallene: Mobbing og seksuell trakassering
Rapporten tek for seg både mobbing og seksuell trakassering.
I Forsvaret var mobbing mest utbreidd blant meinige og studentar.
25 prosent av kvinnene og 17 prosent av mennene hadde opplevd mobbing dei siste seks månadene.
Blant unge tilsette var førekomsten 17 prosent for kvinner og 11 prosent for menn.
Blant kvinnelege tilsette over 30 år var den åtte prosent i Forsvaret og sju prosent i Forsvarsmateriell.
Blant mannlege tilsette var den seks prosent i Forsvaret og fire prosent i etaten Forsvarsmateriell. Ved Forsvarets forskningsinstitutt var mobbing gjennomgåande mindre utbreidd. Berre tre prosent av dei tilsette sa at dei hadde slike erfaringar.
Når det gjeld seksuell trakassering, hadde rundt halvparten av kvinnelege meinige og studentar og unge kvinnelege tilsette i Forsvaret og i Forsvarsmateriell opplevd det dei siste 12 månadene.
Til samanlikning var førekomsten 12–14 prosent blant mannlege meinige og studentar og unge tilsette.
Blant kvinnene over 30 år var førekomsten 24 prosent i Forsvaret og 19 prosent i Forsvarsmateriell. For mennene var førekomsten rundt åtte prosent i begge verksemder.
Ved Forsvarets forskningsinstitutt var seksuell trakassering gjennomgåande mindre utbreidd. Berre seks prosent av dei tilsette sa at dei hadde slike erfaringar.
Referanse:
Kari Røren Strand, Maria Fleischer Fauske og Torbjørn Hanson: Mobbing og seksuell trakassering i Forsvaret, i FMA og ved FFI – resultater fra en spørreundersøkelse i 2024. FFI-rapport 2025.