– Hendene mine hadde opne sår, dei var blå, tørre og vonde heile tida.
I fleire år hadde OCD fast grep om 27 år gamle Melissa Amaro.
Etter fire dagar med intens behandling på Førde sentralsjukehus, har ho vore frisk i fem år.
Tøff eksponeringsterapi er metoden i behandlinga som hjelper pasientar med både sosial angst, panikkliding og OCD.
Før behandlinga var det hendene som var mest synleg prega.
Foto: PrivatI dag er det einaste problemet at det blir tørt i vinterkulda.
Det verste var for det beste
Melissa forklarar at ho alltid var klar over at den overdrivne grundige vasken ikkje var bra, eller nødvendig.
Daglegdagse oppgåver som å vaske hendene eller dusje tok gjerne 40 minutt.
Sjølv etter ein grundig vask måtte ho få hjelp av kona til å kle på seg fordi ho tenkte hendene hennar var ekle.
Melissa berre måtte gjere det.
Når ho kom i behandling vart ho tvinga til å utfordre seg sjølv.
– Eg måtte trene hjernen på nytt. Eg måtte gjere mange ting som eg syntest var det skumlaste i verda.
For Melissa betydde det å ta på skitne klutar, ekle dørhandtak og hoppe over vanleg handvask.
Store deler av landet
Før 4-dagars behandlinga kom i 2011 måtte pasientar få behandling over to månadar til faste tidspunkt.
Sidan har det skjedd ei stor utvikling. Tilbodet er no rulla ut i store deler av helse-Noreg.
Då 4-dagars behandlinga kom var den tilgjengeleg i Bergen, Oslo, Trondheim, Kristiansand og Molde.
I dag er det 60 behandlingsplassar spreidd over heile Noreg.
Snart er åtte nye behandlingsplassar i drift.
Mellom anna Otta og Kongsvinger er blant dei åtte stadane som startar den suksessfulle behandlinga.
– Det er akkurat dette som trengst. For nokre fungerer ikkje lange behandlingar, for andre er det einaste svaret, seier leiaren av organisasjonen Mental Helse, Ole Marius Minde Johnsen.
Mellom 80–90 prosent er friske eit år etter behandlinga viser studiar som er gjort i Bergen, Oslo, Molde og Førde.
Minde Johansen meiner tilbodet i Noreg er for dårleg for dei som slit med mental vanhelse.
Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / Mental HelseJohnsen blir glad når han høyrer om Melissa og at det i hennar tilfelle fanst rett type hjelp i nærleiken.
Likevel meiner han det er eit stort problem at ein ofte kuttar i tilbodet for psykisk helsehjelp.
Ein livsvarig jobb
Fem år etter behandlinga er Melissa framleis del av den gode statistikken, og lever ein enklare kvardag.
Tidlegare var smågodt blant det verste ho måtte borti. No hentar ho seg favorittgodteriet utan å tenke to gonger.
Foto: Magnus Vattekar Sandvoll / NRK– Eg må framleis jobbe litt med meg sjølv, men eg er trygg på at eg skal halde meg frisk.
Publisert 23.02.2025, kl. 07.31