Mehl på fest: – Eg trur ikkje det blir seint på meg i kveld

3 hours ago 5


Vår avtroppande justisminister Emilie Enger Mehl stilte på blå (!) løper på Vixen-prisen i det ho sjølv kallar eit funn frå bruktappen Tise.

– Eg har ikkje hatt så mykje tid til å leite etter antrekk, sa Mehl til VGTV då ho kom til prisutdelinga.

Trass i at Senterpartiet no går ut av regjeringa er ho framleis statsråd fram til neste veke.

– Men eg trur ikkje det blir så seint på meg i kveld, sa Mehl.

Sunniva Tillson

St. Sunniva ein kjole laga av mange kjolar på Vixen-prisen.

Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

Den etterkvart tradisjonsrike Vixen-festen kunne by på kule kreasjonar, lange kjolar og god stemning!

Blant dei som verkeleg fekk fart på fotografar og publikum var komikaren St. Sunniva – som eigentleg heiter Sunniva Tillson.

Til Minmote fortel ho at det slett ikkje berre er éin kjole, men mange kjolar kjøpt på Tise.

– Den er sett saman av klede som berre er brukt éin gong, seier ho til moteavisa.

Utdelinga byrjar klokka 20 og vi legg ut kven som vinn her.

Publisert 31.01.2025, kl. 19.16 Oppdatert 31.01.2025, kl. 19.28

Read Entire Article