Mann funne død i åker. Storebror manglar alibi.

4 hours ago 1


Intrigar! Sex! Brodermord!

I podkastserien Bibelen fortel Are Sende Osen om dei mest spennande, sjokkerande og rørande historiene frå den berømte boka.

Og sjølv om Noreg blir eit stadig meir sekularisert land, finst spora etter Bibelen i språket, kunsten, kulturen og musikken. Og i skikkar og tradisjonar så klart.

For inga bok har påverka verda meir, sjølv om forteljingane er ganske fjerne for ein del av oss i dag.

Eller er dei?

Universelle problemstillingar

Når Are Sende Osen samanliknar det som skjer i Det gamle testamentet, og det som skjer i verda i dag, synest han mykje er likt.

Mann som strekker ut en hånd med en bibel.

– Grådigheit, misunning, og sinnssjuke leiarar!

Are Sende Osen om nokre av forteljingane Bibelen

podkastar for serien Bibelen

Foto: Jon Osen

Og at historiene i Bibelen fortel noko om kva det vil seie å vere eit menneske, er han ikkje i tvil om.

Å kjenne desse historiene, er å kjenne kulturen vår, meiner programleiaren.

No har han laga ein quiz om dei første forteljingane i Bibelen. Tar du utfordringa?

(Veit du ingenting? Ta gjerne ein tjuvlytt på dei første episodane.)

Og enten du trur, tvilar, eller trur på noko heilt anna, podkasten Bibelen er meint å passe for alle, seier Are Sende Osen.

Publisert 19.08.2025, kl. 16.31

Read Entire Article