Mangel på veterinærar skapar utfordringar – kalven Bamse hadde ikkje overlevd utan

9 hours ago 3


Kvart år blir fleire barn fødde ved hjelp av nødkeisarsnitt på sjukehus i Noreg. Men at kyr får nødkeisarsnitt, er meir uvanleg.

For eit par veker sidan skjedde det på garden til Michael Ellingsen i Vestvågøy i Lofoten.

– Det er sikkert 25 år sidan eg var vitne til noko slikt sist. Kanskje meir, seier bonden.

Kalven til den eine førstegongsfødande kviga hans var altfor stor, og ho trengde hjelp.

– Vi hadde aldri berga livet hans utan. Vi hadde ikkje sjanse å få han ut, rett og slett. Han var så stor at det ikkje var mogleg å få han ut den «riktige» vegen, fortel Ellingsen.

Det var takka vere veterinær Niek Schreijer ved Lofoten Veterinærsenter.

Hadde det ikkje vore for han, ville ikkje kalven Bamse på 60 kilo overlevd.

Det gjekk heilt fint. Kua og kalven er i fin form, seier Schreijer.

Ku og kalv etter hastekeisersnitt i Vestvågøy i Lofoten

Foto: Michael Ellingsen / Privat

Men det er ikkje sikkert at det hadde enda slik.

Ifølge Veterinærforeininga manglar det rundt 100 veterinærar på landsbasis, og mange norske kommunar slit med å rekruttere og behalde veterinærar.

NRK har tidlegare skrive om ein veterinær i Namsos som ikkje har hatt ferie på over eit år på grunn av mangelen på kollegaer.

– Vekk frå familien

Verken Mattilsynet eller Veterinærforeininga har tal på kor mange hastekeisarsnitt som blir utført på produksjonsdyr.

Ifølge foreininga er trenden at det blir utført færre keisarsnitt no enn før.

– Inntrykket er at det eigentleg er nok veterinærar, men det er mange som ikkje har lyst til å vere med på vaktordninga, fordi det er for dårleg betalt eller for stor arbeidsbelastning. Også er det mange som jobbar med smådyr i meir sentrale strøk. Dermed blir det litt problematisk med bemanninga i utkant, seier Schreijer.

Det har han fått kjent på sjølv.

Eigentleg bur han i Stranda kommune på Møre, og heilt fram til august fjor jobba han som veterinær der. Men slutta og vekependlar no til Lofoten.

– Grunnen til at eg slutta der, var faktisk vaktbelastninga. Den var for stor.

Ei ku som får et hastekeisersnitt av veterinær Niek Schreijer i fjøsen fordi kalven var for stor.

Det var veterinærane Niek Schreijer og Julie Jensen som fekk ut kalven. – Etter snart 25 år i jobben, så synest eg framleis det er veldig artig å vere veterinær på bygda. Fleire må velje å bli veterinær her, for det er morosamt, seier Schreijer.

Foto: Solveig Heggheim

På lik linje med legevakt, har vi også ei offentleg veterinærvakt i heile Noreg utanom arbeidstid. Det er i dag 160 vaktdistrikt, og det er kommunane som har ansvaret med å sikre veterinærdekninga i sitt område.

I Stranda har veterinærordninga vore under press i lengre tid, skriv lokalavisa Nyss.

Ifølge Schreijer var det ikkje nok veterinærar som førte til at han ofte måtte ha veterinærvakt annankvar dag og helg, og av og til oftare. I tillegg måtte han kombinere ugunstige arbeidstider med ei ferje.

– På grunn av ferja kunne eg ikkje kome meg på jobb på natta. Så eg måtte bu på Stranda, og då er ein tredelvakt ganske mykje. Det betyr at ein tredel av tida er du vekk frå familien. Det er uheldig.

Fryktar for dyrevelferda

Det er ikkje berre Stranda kommune som slit med å få tak i veterinærar.

Bønder i Steigen og Hamarøy i Nordland fryktar for dyrevelferda etter at det er varsla manglande dekning i veterinærvakta framover.

Ifølge Avisa Nordland vil det vere dagar utan veterinær på vakt i april og fram til midten av juli i begge kommunane.

Det bekymrar organisasjonen Steigen Sau og Geit.

– Mange storfebønder har kalving på denne tida, altså ein periode med stort behov for dyrlegar. Dette kjem i tillegg til andre veterinærbehov, skriv leiar i Steigen Sau og Geit, Heidi Marhaug, i ein førespurnad til Steigen kommune.

Bilde av sau som stirrer rett i kamera

Leiar i Steigen Sau og Geit skriv til kommunen det no er den tida på året der bønder trenger hjelp frå veterinærar.

Foto: nrk

Ordførar i Steigen, Aase Refsnes seier til avisa at ho tar situasjonen på alvor. Ifølge ordføraren har dei også utfordringar med å få tak i veterinærar, men forsikrar at dei jobbar på spreng med å rekruttere.

Det er svært mange kommunar og vaktdistrikt som slit med veterinærdekninga. Men det er få som har vakante vakter over tid, der det ikkje er veterinær tilgjengeleg og dyra ikkje kan få hjelp, seier president i Veterinærforeininga, David Persson.

I og med at produksjonsdyr ikkje kan reise til veterinæren, må kvart vaktområde ha tilstrekkeleg dekning av produksjonsdyr-veterinærar eller «kombiveterinærerar» – som jobbar med produksjonsdyr og andre dyr.

I Noreg er det no for få veterinærar med denne kompetansen som jobbar med dette. Hovudgrunnen til dette er dårlegare næringsgrunnlag og arbeidsvilkår.

Forbund: Slik kan ein løyse problemet

Desse veterinærane er essensielle for dyrehald i Noreg, ifølge Persson.

Utan desse vil husdyrbønder ikkje få veterinærhjelp, verken i arbeidstid eller utanfor. Det vil ikkje vere mogleg å drive forsvarleg og lovleg husdyrproduksjon.

Det finnast såkalla «stimuleringstilskot» der kommunane kan søke statsforvaltarane om pengar til å sikre veterinærdekninga, men det er stor oversøking til dette, ifølge Persson.

Potten er på overkant av 30 millionar, men det blir søkt om 80 millionar. Vi meiner at stimuleringstilskotet må aukast til det som er søkt om av kommunane, slik at veterinært nærvær i kvart vaktdistrikt på dagtid blir sikra.

David Persson som smiler foran en murvegg

Presidenten i Veterinærforeininga, David Persson

Foto: Veterinærforeningen

Veterinærforeininga meiner at meir midlar til denne tilskotsordninga og auka betaling for å ta vakter, kan få fleire veterinærar til å jobbe med produksjonsdyr.

Det er veterinæren i Lofoten einig i. For at Niek Schreijer skulle ha blitt verande i Stranda, måtte han ha fått betre betalt for vaktene og mindre arbeidsbelastning.

– Eller fått inn ein ny veterinær, så du kan dele vakta på fire i staden for tre, til dømes.

Publisert 16.05.2025, kl. 16.14

Read Entire Article