Mange er skremde etter valet i USA

2 weeks ago 10


Valet av Donald Trump som USAs neste president har skapt uvisse hos mange nordmenn. Det merkar fleire av hjelpetelefonane som tilbyr nokon å snakke med når ein er i ein krisesituasjon.

I løpet av eit døgn er det rundt 800 som ringer til Kirkens SOS.

Av dei samtalane som dei frivillige rekk å svare på, har rundt 25 prosent dei siste dagane vore frå folk som er uroa etter det amerikanske valet, fortel generalsekretær Lasse Heimdal til NRK.

– Det handlar om mykje angst og framtidsfrykt. Vi har hatt menneske som spør om kvar det er bomberom, og om det kan bli krig i Noreg no.

Lasse Heimdal

Generalsekretær i Kirkens SOS, Lasse Heimdal.

Foto: Martin Gundersen / NRK

Fryktar ei ustabil verd

Også Mental Helse har merka ein auke i pågangen etter at valresultatet i USA blei klart, fortel generalsekretær Linda Berg-Heggelund.

– Vi merkar ein auke både på hjelpetelefonen og i chatten vår. Det er mange som er uroa etter valet, og kva dette skal ha å seie for tryggleik og stabilitet.

Mange er uroa for kva som skal skje i dei palestinske områda og Ukraina, og kva Trump vil gjere for å prøve å få slutt på krigen. Og så er det mange som fryktar USA skal trekke seg ut av Nato.

– Mange av dei som tek kontakt er uroa for kva utanrikspolitikken til Trump vil få å seie for Noreg, seier Berg-Heggelund.

Kvinner og barn tek kontakt

Av dei som har teke kontakt med Mental Helse er det store fleirtalet kvinner, medan dei som tek kontakt på chat er barn og unge vaksne.

Mange av dei unge er særleg bekymra for auka uro i verda.

– Fleire seier at angsten har auka etter at valresultatet blei klart.

Linda Berg-Heggelund, Mental Helse

Generalsekretær Linda Berg-Heggelund i Mental Helse.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / Mental Helse

Og så har det vore ein stor auke av besteforeldre som har teke kontakt med Mental Helse, fortel Berg-Heggelund.

– Dei tek kontakt fordi dei er uroa for barnebarna og framtida deira i ei uroleg verd.

Uvanleg

Det er svært uvanleg at så mange telefonar til hjelpetelefonen handlar om eitt og same tema. Som regel må det då handle om hendingar som gjer sterkt inntrykk på mange, ifølge Kirkens SOS.

– Vi må tilbake til tsunamien i Thailand, Utøya eller bortgangen til Ari Behn. Så dette er ikkje vanleg. Men det er tydeleg at det amerikanske valet har gjort inntrykk og skakar svært mange i Noreg også, seier Heimdal.

Heimdal trur slike store hendingar kan ha ein utløysande effekt for mange som allereie slit med noko frå før.

– Mange av oss har mykje i bagasjen, og det er mange i Noreg som lever med frykt for framtida. Så kjem det eine og andre på toppen.

Det er noko Mental Helse også merkar.

– Dette er ofte menneske som allereie er uroa. I tillegg er det mange som er einsame, og som ikkje har så mange å snakke med når dei blir redde, seier Berg-Heggelund.

Er du uroa etter presidentvalet i USA?

Prøver å nyansere

Kirkens SOS oppfordrar folk til å snakke med kvarandre om det som gjer ein redd og uroleg, og dele det som er vanskeleg.

– Og så er det særleg viktig å ta vare på barna. Dei følger også med på sosiale medium og TV. Når dei får med seg at verdsleiarar og dei som skal vere førebilete, brukar språk og uttrykk som dei unge hadde fått husarrest for å bruke, kan det bli oppfatta som skremmande og urovekkande, seier Heimdal.

Berg-Heggelund i Mental Helse seier dei prøver å møte folk på den frykta dei har og det dei engstar seg for.

– Det er ei reell frykt. Men vi prøver også å nyansere biletet, og kanskje vri fokuset mot det som fungerer. I tillegg oppfordrar vi folk til å ta litt fri frå nyheiter og sosiale medium. Vi har vore svært opptekne av det amerikanske valet i Noreg, så det er ikkje rart at dette er noko mange er opptekne av.

Publisert 08.11.2024, kl. 11.27 Oppdatert 08.11.2024, kl. 11.28

Read Entire Article