Videoar som viste drapet på høgreaktivisten Charlie Kirk spreidde seg raskt på sosiale medium. Mange har difor sett drapet, før dei redaktørstyrte media hadde rokke å registrere at hendinga hadde skjedd.
– Det var eit drap som skjedde for ope kamera, og videoane blei raskt delt i sosiale medium, og etter kvart redaksjonelle medium. I dag er medieverkelegheita primært digital der vi får nyheitene våre frå, seier professor Bente Kalsnes ved Høyskolen Kristiania.
Der redaksjonelle medium er restriktive med å vise sterke bilete og videoar, kjem slike inntrykk ofte brått på og utan åtvaring i sosiale medium.
– Det er vanskelege bilete å sjå. Det er bilete som set seg på minnet til dei som ser det, og er vanskelege å bli kvitt. Det blir veldig visuelt, seier ho.
Vaksne bør spørje
Mange av dei som har sett desse videoane er barn og unge. Dei reagerer svært ulikt på slike inntrykk, seier psykologspesialist Belinda Ekornås.
– Nokre har ikkje nokon reaksjon i det heile, medan andre har ganske kraftige reaksjonar. Men dette er heilt normalt.
Spesialrådgjevar og psykologspesialist Belinda Ekornås i Ressurssenter om vald, traumatisk stress og selvmordsforebygging.
Foto: Victoria Cicely Dørheim Ho-Yen / NRKHo meiner det viktigaste vaksne kan gjere når barn og unge har sett slike sterke inntrykk, er å snakke om det, sette det inn i ein samanheng og stille spørsmål.
– Vi vaksne blir ofte litt for opptekne av kva vi skal seie, og gløymer å spørje. Eg ville ha spurt litt om kva barnet eller ungdommen har sett og om korleis han eller ho opplever dette. Og så er det ikkje like lett å få i gang ein samtale. Det kan difor vere lurt å gjere dette når ein går eller er i bilen, og gjerne på ettermiddagen, og ikkje rett før ein skal legge seg.
Retningslinjene har endra seg
Sterke inntrykk på sosiale medium er ikkje noko nytt. Men plattformene har retningslinjer som regulerer kva som er greitt å vise og ikkje.
Dei bruker både moderatorar og kunstig intelligens for å luke ut innhald som ikkje er innanfor retningslinjene.
Men dette regelverket er i endring, seier Kalsnes.
– I det siste har for eksempel X fått meir liberale retningslinjer. Vi ser også at Meta, som eig Facebook og Instagram, har sagt opp samarbeidet med faktasjekkarar. Drapet på Kirk har vore veldig tilgjengeleg i sosiale medium, og har ikkje blitt slått ned på eller moderert bort.
YouTube seier til nyheitsbyrået AP skal fjerne videoar av hendinga som manglar kontekst, og legge restriksjonar som gjer at du må vere over 18 år og logga inn for å sjå videoane.
Meta seier at deira reglar ikkje forbyr videoar som skytinga av Kirk, men at dei vil legge ei åtvaring på videoane, som heller ikkje skal bli vist til brukarar under 18 år.
X har ikkje svart på spørsmåla frå nyheitsbyrået.
Publisert 12.09.2025, kl. 18.49