Må på fleire oppdrag: Skuldar på elbilar

2 hours ago 4


– Det vi drar mest ut på om sommaren er startvanskar og punkteringar.

Det fortel bilbergar Chris Espeland (24) i Bilberging Innlandet.

to røde bilberingsbiler hos Bilberging Innlandet

Fleire typar bilar blir brukt av Bilberging Innlandet. Her er ein putebil og redningsbil.

Foto: Sigrid Grøndalen Ingvaldsen / NRK

For det har vore ein auke i antal oppdrag for punkteringar dei siste åra. Og ein av grunnane er faktisk den store auka av elbilar i landet.

I 2024 var det for første gang fleire elbilar enn bensinbilar registrert i Noreg.

Nye tal frå NAF Veihjelp viser at nesten 30 prosent av utrykkingane til elbilistar er skulda av punktering i 2024.

Tilsvarande tal for bensin- og dieselbilar er 11 prosent.

Og det er fleire grunnar til at elbilar toppar punkterings-statistikken.

– For det første er elbilar ein del tyngre enn vanlege bilar. Og då er det lettare å punktere.

Det fortel Nils Sødal, kommunikasjonsrådgivar i NAF.

en mann som står i åpningen av en bil

Nils Sødal i NAF fortel om ei auke i bilbergingar for punkteringar.

Foto: NAF

Bilbergar Chris har tidlegare jobba på dekkverkstad. Han har sett at store elbilar har slitne dekk, mykje på grunn av tyngda.

– Er ein ordentleg uheldig, kan ein elbil slite ut eit sett med dekk på ganske kort tid.

Alt eller ingenting

NRK fekk bli med bilbergar Chris frå Bilberging Innlandet på Rudshøgda ut på oppdrag. Denne gong var det ikkje punktering, men ein bil som ikkje ville starte.

– Det er så varierande frå dag til dag.

biberger Chris Espeland strår foran noen bergingsbiler

Chris Espeland er ute på fleire typar oppdrag som bilbergar.

Foto: Sigrid Grøndalen Ingvaldsen / NRK

Chris, som tidlegare har jobba på dekkverkstad, har sett det meste når det gjeld punkteringar.

– Det er mykje forskjellig som er ute på vegane. Dekk som eksploderer, som losnar frå felgen og alt mellom.

Har du nokon gong punktert? 😅

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Mange faktorar

Men det er ikkje berre tunge elbilar som gir fleire oppdrag.

– Dei fleste nye biler har ein veghjelps-avtale i 3–5 år, og då er terskelen for å ringe etter hjelp ein del lågare, fortel Mikkel Skullerud i Viking.

Nils Sødal i NAF peiker òg på at nesten alle nye bilar i dag ikkje blir levert med reservedekk, slik det vart før.

Ifølgje Motor var det i 2020 berre sju bilmodellar som vart levert med reservedekk som standard.

en person som holder plugger man bruker til å plugge punkterte dekk

Slike pluggar bruker bilbergarar når ein har punktert. Men det er berre ein nødløysing, og ein skal ikkje køyre med slike for lenge.

Foto: Sigrid Grøndalen Ingvaldsen / NRK

Det som har erstatta reservedekket, er eit reparasjonssett. Då kan førarane sjølv fylle på ein slags væske som tettar holet i dekket.

Men den er det mange som kvir seg for å bruke, ifølgje Sødal.

– Eg trur fleire og fleire heller vel å ringe etter veghjelp enn å prøve seg på desse reparasjonssetta. Og så trur eg kanskje folk ikkje er like sjølvhjelpne i dag som før.

Espeland er einig i at desse reparasjonssetta ikkje er berre-berre å bruke.

– Det er nesten slik at ein skal ha flaks for å få dei til å fungere.

reservehjul i bagasjerom i eldre bil

Dette er eit sjeldan syn i desse dagar. Ikkje mange bilar har reservedekk lenger.

Foto: Sigrid Grøndalen Ingvaldsen / NRK

Mykje ein kan gjere sjølv

Men kva kan ein gjere for å unngå punktering?

Bilbergar Chris har fleire råd.

– Berre det å sjekke dekka sine ein gang i månaden for sprekker, slitasje og lufttrykk, kan auke levetida ganske kraftig. Og etterstramme mutterane samtidig.

en finger som peker på en sprekk i et dekk

Ein slik sprekk i dekket kan føre til punktering under køyring.

Foto: Sigrid Grøndalen Ingvaldsen / NRK

Lagringa av dekk har og ein del å seie.

– Vask dekka og felgane når du tar dei av, og lagre dei på ein tørr plass med lite temperaturforskjellar. Ein betongkjellar er heilt perfekt.

nærbilde av et dekk som begynner å bli slitt

Her er eit dekk som har begynt å bli slite på sida.

Foto: Sigrid Grøndalen Ingvaldsen / NRK

Hei!

Takk for at du leste saken min! 

Har du en ide, tips, innspill, eller en spennende historie som jeg burde skrive om? 

Send meg en e-post, da! 😄

Publisert 06.09.2025, kl. 11.34

Read Entire Article