NRK sin eigen litteraturpris.
Blir kvart år delt ut til ein norsk skjønnlitterær roman som blei gitt ut året før.
Har vore delt ut sidan 1998.
Det må ha gått minst fem år sidan forfattaren sist var nominert.
Premien er eit grafisk trykk, intervju og feiring på P2 og i NRK radio.
NRK sin fagjury nominerer seks bøker og inviterer så eit knippe lyttarar til å diskutere og stemme fram den beste av dei. Sjølve jurydiskusjonen blir sendt på radio.
Fram til 2022 heitte prisen «P2-lyttaranes romanpris». No er namnet «Lyttaranes romanpris».
Tidlegare vinnarar er mellom anna Karl Ove Knausgård, Linn Ullmann og Carl Frode Tiller.











English (US)