Lege kravde same takst 55 gongar på under to timar

5 hours ago 5


Hyppige refusjonskrav, med berre eitt minutt mellom kvart krav, fekk Helfo til å stusse.

Legane frå Sunnfjord er to av 15 som miste refusjonsretten i Noreg i 2024.

Ein lege kan til dømes krevje ekstra pengar dersom han systematisk går gjennom medisinane til ein pasient som over tid brukar fire legemiddel eller meir. Behovet for dette skal dokumenterast i pasientjournalen.

Men Helfo reagerte på uvanlege mønster blant to legar i Sunnfjord, og at det var «særs kort tid mellom kvar rekning». Det viser vedtak NRK har fått tilgang til.

  • Hos den eine legen vart taksten oppgitt 78 gongar i løpet av ein dag, kor det i mange tilfelle «berre er eit minutt eller mindre enn to mellom kvar gong taksten er kravd». Denne legen kravde også den same taksten 55 gongar ein annan dag på under to timar.
  • Helfo reagerte også på den andre legen, som ein enkelt dag brukte denne taksten 155 gongar. «Også her ser vi at det i mange tilfelle er under eit minutt eller berre få sekund mellom kvar gong taksten er kravd.»

Legane svarar at sjølve arbeidet og vurderingane for legemiddelgjennomgangen er utført på eit anna tidspunkt.

Men då viser Helfo til at dette ikkje er dokumentert i journalnotatet.

«Vi kan dermed ikkje sjå at det er dokumentert at ein reell legemiddelgjennomgang er gjennomført for fleire av tilfella», skriv Helfo, som meiner begge legane til dels har opptredd «minst grovt uaktsomt»

Skjema for sykmelding.

Legar får ekstra pengar frå staten når dei utfører ulike tenester for pasientane.

Foto: Ola A. Thorset / SCANPIX

Må betale tilbake

NRK har sett nærare på tala frå 2021 og fram til i dag, som viser at 53 legar har mist refusjonsretten. I 28 av sakene meiner Helfo sakene er så alvorlege at dei er melde til politiet.

Til saman er det gjennomført 83 vedtak mot norske legar, der Helfo har kravd tilbake nesten 341 millionar kroner.

Legene som vart kontrollerte mista refusjonsretten fordi det vart gjort meir alvorlege funn, seier seksjonssjef Ole Trapness i Helfo kontroll

Ole Trapness

Ole Trapness i Helfo seier det ofte er «grovt uaktsomme» handlingar i saker der legar misser refusjonsretten.

Foto: Marie Gjerver / NRK

– Alvorleg sak

I Sunnfjord vurderer Helfo at den eine legen i 2022 har fått 1,4 millionar over medianen blant næringsdrivande fastlegar. Den andre legen ligg 1,6 millionar kroner over.

Saka vart først omtalt av Firda.

Helfo meiner legane også takserte for mykje når det gjaldt samtaleterapi og tidstillegg når ein konsultasjon varer over 20 minutt.

På eit anna punkt som gjeld møtegodtgjersle med reisetid får ein av legane beskjed om at «du var ein av legane i landet som utløyste mest refusjon på denne taksten».

I eit utval på 17 rekningar i denne kategorien var «ingen av tilfella kravd rettmessig».

Helfo skriv til legen at «du mest sannsynleg har forstått at du har kravd taksten urettmessig i eit stort omfang.»

– Helfo er dei som vurderar alvorligheitsgraden og har sanksjonane. Når du både må betale tilbake og her er refusjonsrett, så er det ei alvorleg sak, seier kommunalsjef for helse og sosial i Sunnfjord, Kurt Even Andersen.

en mann som står foran en rød bygning

Kommunalsjef i Sunnfjord, Kurt Even Andersen, stadfestar at to legar har slutta etter at Helfo kravde tilbake 4,1 millionar kroner.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Begge legane har mist refusjonsretten i to og eit halvt år.

I tilsvaret meiner Sunnfjord kommune at legane har opptredd uaktsomt, men ikkje handla med forsett – og at vedtaket er «særs strengt».

I alt må det betalast tilbake 4,1 millionar kroner til Helfo.

«Rekninga» vart delt, ettersom legane var tilsette i kommunen der dei hadde ein avtale som sa at dei fekk 50 prosent av pengane som er refunderte frå Helfo.

Også Legeforeningen har kome med ein uttale i begge sakene, der dei meiner det er gode argument for å ikkje ilegge «den mest alvorlege sanksjonen». Og at det bør vektleggast korleis legane reagerte då dei først fekk ei konkret tilbakemelding.

NRK har vore i kontakt med begge legane, ingen ønsker å kommentere saka.

Eit fåtal blir kontrollerte

For den eine legen fann Helfo at vilkåra for refusjon ikkje var oppfylte i 33 av 50 tilfelle. For den andre legen var talet 39 av 50.

Legane trekk fram i sine tilsvar at feil skuldast «misforståingar», og at det ikkje har vore ei «bevisst handling» eller gjort feil med vilje.

Begge skriv at dei har betra rutinane rundt journalføringa.

Såkalla «risikoanalysar», eller tips, er ofte avgjerande for kven som blir valde ut for kontroll. Då kan ein lege til dømes ha særs høge refusjonsutbetalingar, samanlikna med legar med tilsvarande praksis.

Likevel blir berre eit fåtal av dei rundt 5.500 fastlegane kontrollerte.

I saker som endar med at behandlar mistar retten til å praktisere for trygders rekning, har vi ofte vurdert at mange av feila som er avdekte er resultat av grovt uaktsomme eller forsettlege handlingar, seier Trapness i Helfo.

Publisert 14.05.2025, kl. 13.50

Read Entire Article