Vi viser til nyheitssak i NRK Finnmark måndag 25. november; «Legar varsla mot direktør: No blir dei trua med sparken».
Finnmarkssykehusets styreleiar, Lena Nymo Helli, og nestleiar Andreas Moan har følgjande uttale:
2. september blei det avdekt at legar ved Kirkenes sjukehus over fleire år hadde fått betalt for vaktar dei ikkje hadde gått. Ordninga er, så vidt vi har oversikt over, ikkje formelt godkjent, og har sannsynlegvis vore i strid med Finnmarkssykehusets retningslinjer for lønn og arbeidstid.
Då ordninga vart avdekt, vart det sett i gang undersøkingar for å få fram alle aspekt ved saka. Desse undersøkingane vart med andre ord starta før bekymringsmeldinga (som NRK kallar varslingar). Direktøren vart gjord kjend med saka 10. september, og 13. september kom det ei bekymringsmelding. Vi vil derfor på det sterkaste avvise at dette er noko form for gjengjelding.
Vi ønskjer å klargjere denne saka grundig, for å finne ut av korleis ein praksis med fiktive timelister kunne godkjennast ved sjukehuset. Undersøkingane våre involverer møte med tilsette og tillitsvalde, og går framleis føre seg.
Vi har i det lengste freista å behandle denne saka internt, men på bakgrunn av påstandane frå legeforeininga om gjengjelding, har vi behov for å komme med dette tilsvaret. Vi kjem ikkje til å kommentere detaljar i saka ut over det som kjem fram her, og vil komme med eit svar til advokaten i legeforeininga på eigna måte.