«Hus med alt inkludert lånast ut gratis i jula»
Det er overskrifta i annonsen som Gjermund Kvernmo Langset (32) og Andrea Sæter (33) har lagt ut på Finn.
«Vi er så heldige å ha eit stort hus på Fjelltun i Ålesund. Det ønsker vi å låne ut gratis til ein familie som treng det meir enn oss i jula, frå 23.–26. desember», skriv paret vidare.
I år vil dei låne bort huset sitt til ein familie som av ulike årsaker har vanskar med å samlast til jul.
Det har eit håp om å kunne hjelpe.
Fulle kjøkkenskap
Dei skal ikkje bruke huset desse dagane, og tenkte derfor at nokon andre heller kan nytte det godt.
Huset vert lånt ut med juletre, godt med ved og fulle kjøkkenskap som inkluderer alle måltid for helga.
Alt dette heilt gratis.
– Vi tilbyr oss å kjøpe inn mat og det dei treng for julefeiringa. Det skal ikkje vere noko kostnadar med å ha ei fin jul, seier familiefaren.
1 av 5 nordmenn er bekymra
18 prosent av befolkninga er bekymra for om de har råd til julefeiring i år, ifølge Fattigdomsbarometeret frå Frelsesarmeen.
Mange har ikkje pengar til julemat, julegåver og sosiale samkomer.
Dette er ein av grunnene til at familien vil hjelpe nokre som slit litt ekstra i høgtida.
– Vi veit at det er ei tøff tid for mange, også er kanskje jula ekstra sår for nokre, seier Gjermund Kvernmo Langset til NRK.
Har gjort det ein gong før
Det er ikkje første gongen dei har gjort dette. Familien på tre gjorde det same for to år sidan.
– Det gjekk veldig bra. Då var det ein barnefamilie her med tre generasjonar som feira jul, så det var veldig kjekt, seier Langset.
I skrivande stund har dei ikkje plukka ut nokon for jula i år endå, men familiar med barn vert prioriterte.
– Det er ikkje ei enkel øving det, men nokon som har eit behov for det og som kanskje har det vanskeleg med å møtast på eiga hand der dei held til, fortel 32-åringen.
– De er ikkje redde for å låne bort huset til nokon de ikkje kjenner?
– Nei, det gjekk bra sist. Folk er stort sett veldig snille så det er vi ikkje redde for i det heile tatt, seier Andrea Sæter.
Dei håper at dei kanskje kan gjere julestria litt enklare for nokon.
– Så får vi sjå då, om dei skal ha pinnekjøtt eller ribbe i jula, legg Langset til.
Publisert 18.12.2024, kl. 17.32