– Eg fekk eit tips av ein kamerat om at no var det ein kvitkval rett utpå fjorden her, så då var det berre å fyre opp dronen og få den av garde, seier Jens Ripel i Dimmelsvik i Sunnhordland.
Ripel er pensjonist og driv med dronefoto som hobby. Han har fanga mange ville dyr på film, men aldri ein kvitkval.
– Det er jo veldig spennande, men eg var mest fokusert på å fange den på film.
Stort sett ser han spekkhoggarar, som er eit vanleg syn langs norskekysten. Denne gangen filma han det forskarane kallar eit uvanleg syn.
Utstøytt frå flokken
Det er nemleg ganske uvanleg at ein kvitkval beveger seg så langt sør. Den høyrer eigentleg heime i langt kaldare klima, som på Svalbard og Grønland.
Carla Freitas Brandt er forskar ved Havforskingsinstituttet. Ho kan ikkje seie sikkert kvifor denne kvalen er komen så langt sør.
– Det er sjeldan. Den er utanfor sitt vanlege habitat, og vanlegvis når vi ser enkeltindivid slik som dette er det fordi den av ein eller annan grunn er blitt separert frå resten av gruppa, seier Brandt.
Denne gjengen blei fanga under NRK si sending «Svalbard minutt for minutt» i 2020.
Foto: NRKKvitkvalane, som andre pattedyr, likar seg best i flokk og bur i store grupper. Ifølgje forskaren er dei sosiale dyr.
– Det er ikkje vanleg å sjå kvitkval åleine i det heile tatt.
Dei lever først i gruppe med sine eigne familiemedlemmar, før dei slår seg saman med andre familiar. Brandt seier det ikkje er bra for ein kvitkval å bli skilt frå flokken sin.
– Forhåpentlegvis går den etter kvart nordover mot Arktis.
Oppfører seg normalt
Jens Ripel er ikkje den einaste som har observert kvitkvalen langs kysten.
Carla Freitas Brandt fortel at kvalen blei observert i Oslofjorden i juli. Seinare har den blitt sett fleire gangar i Sunnhordland.
Ho er ganske sikker på at det er den same kvalen.
Carla Freitas Brandt håpar kvitkvalen kjem seg heim igjen til resten av flokken.
Foto: Ola Brandt / HavforskningsinstituttetBåde Brandt og Ripel er einige om at kvitkvalen ser frisk ut, og verka å oppføre seg normalt.
– Eg har sett både bilde og video frå Hardangerfjorden, og frå då den var observert tidlegare i juli, og den ser heilt fin ut, seier Brandt.
– Den verka heilt frisk og normal for å seie det sånn. Han dykka og kom opp, forsvann og kom opp igjen, seier Ripel.
Brandt har ei klar oppfordring til dei som synest det er spennande å sjå ville dyr i havet:
– Nyt sjansen til å sjå den, men ikkje beveg deg for nære. La den svømme der den vil.
Den russiske kvitkvalen
Sjølv om forskaren seier det er uvanleg at kvitkvalar beveger seg sørover, har det blitt observert fleire kvalar i Noreg dei siste åra.
I 2020 var det fleire som fekk sjå ein kvitkval nær kysten på Sotra. Og mange hugsar nok den berømte russiske kvitkvalen Hvaldimir.
Hvaldimir blei kjent over heile verda, blant anna fordi han var veldig sosial og folk fekk kome tett på.
Foto: Pavel RumiantcevI motsetning til Hvaldimir, som hadde levd i fangenskap og var eit svært sosialt dyr, er Brandt ganske sikker på at kvitkvalen som no blir observert langs kysten berre har gått seg vill.
Ho håpar den einsame kvalen klarar seg, og returnerer til heimen sin i nord.
Publisert 07.09.2025, kl. 19.48