Kvifor tek barn ting så bokstaveleg?

16 hours ago 3


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Det har vore ei gåte i barn si språkutvikling. No har forskarar kome nærare ei løysing på mysteriet.

Barn i førskulealder kan forstå metaforar, men dei vil helst tolka orda bokstavleg. Det overraskar språkprofessor. (Foto: Colourbox)

«Eg elskar deg så mykje at eg kunne ha spist deg opp», kan ei mor seia til barnet sitt. 

Sjansen er stor for at mora blir møtt med eit forvirra og kanskje bekymra blikk. For kva meiner ho eigentleg? 

For å forstå det, må barnet skjøna meir enn kva orda betyr reint bokstavleg. Det må forstå intensjonane bak.

Professor i lingvistikk og kommunikasjonsfilosofi Ingrid Lossius Falkum ser at eldre barn tar ting meir bokstavleg enn yngre barn. Så jamnar det seg ut etterkvart. (Foto: UiO)

No har forskarar ved Universitetet i Oslo (UiO) sett på korleis barn lærer seg å forstå det som ikkje direkte blir sagt, men som samtidig blir kommunisert. 

– Det store mysteriet er dette: Korleis kan barn vera flinke til å forstå mange komplekse språklege oppgåver, men samtidig tolka ting heilt bokstavleg i andre situasjonar? Det spør språkprofessor Ingrid Lossius Falkum ved UiO. 

Ein bokstavleg utviklingsfase 

Etter mange års forsking på denne gåta i barn si språkutvikling, har Falkum og kollegaene komt nærare eit svar: 

– Me ser at barn frå fireårsalderen går igjennom ein utviklingsfase, ein slags bokstavleg fase, der dei ofte tar ord for ord bokstavleg, fortel språkprofessoren. 

Barn kan vera svært strenge i denne perioden, som typisk varer i fleire år. Dei kan vera fikserte på å snakka korrekt og velja den rette betydninga av eit ord, og tar ofte det du seier bokstavleg, sjølv når det ikkje gir meining. 

– Eg er overraska over kor sterk tendensen til å tolka ting bokstavleg er hos mange barn, seier Falkum. 

Ho og forskarkollegaene trur dette hindrar barna i å akseptera uttrykk som har ei anna betydning. 

Som til dømes ytringa «John er ei løve». Medan ein vaksen forstår det som eit kompliment, at John er modig og sterk, kan barn i den bokstavlege fasen tru at det betyr at John er eit dyr.

Forskarane har testa meir enn 3000 barn. Biletet er tatt under eitt av eksperimenta. (Foto: Katerini Storeng)

Opptatt av rett og galt språk 

Barn i førskuleåra er altså opptekne av at det finst rette og gale måtar å bruka eit ord på.

– Barna er i ein fase i utviklinga kor det er veldig viktig at dei lærer seg den betydninga ord har som språksamfunnet er einige om, seier språkprofessoren. 

Difor kan det vera vanskeleg for dei å gå ut over den bokstavlege betydninga for å forstå kva talaren har meint. 

– Bokstavlege betydningar kan sjåast på som den rette måten å bruka eit ord på. Barna er opptatt av å følgja reglane.

Den bokstavlege fasen skuldast ikkje at barn ikkje har evne til å forstå ikkje-bokstavleg språkbruk som metafor og ironi. 

– Men utviklingsfasen gjer at dei ofte føretrekker ein språkleg klar og nøyaktig kommunikasjon, fortel Falkum. 

Ord veg tyngre

Dette utfordrar tidlegare forsking om barn og ikkje-bokstavleg språkbruk.

– Det har vore ein sentral hypotese ganske lenge at barn ikkje forstår slik språkbruk fordi dei ikkje er gode til å ta andre sitt perspektiv. 

Men det stemmer altså ikkje. Evna til å forstå er der, men orda ser ut til å vega tyngre. 

– Me ser at barn held fram med å vera ganske så rigide og går for bokstavlege tolkingar ganske høgt opp i alder viss dei har eit bokstavleg alternativ dei kan velja, fortel ho.

Viss det derimot ikkje finst eit bokstavleg tolkingsalternativ, så går som regel barna for den tolkinga som passar best i samanhengen. Det kan vera ei metaforisk tolking.

Barna fekk i oppgåve å velja det biletet som passar best til ytringa «Vis meg hovudet med spaghettien». I Eksperiment 1 finst det ikkje eit bokstaveleg tolkingsalternativ, så her går barna for det metaforiske biletet. I eksperiment 2 vel barna det bokstavelege biletet. (Foto: Neff & Falkum, 2025)

Forskjell på yngre og eldre barn 

Forskarane har testa meir enn 3000 barn for å sjå i kor stor grad dei aksepterer annleis bruk av ord.

Ta denne setninga her: «Peppa Gris står i kjellarstova». Personen siktar til boka om Peppa Gris. 

Fem-seksåringar tolkar ytringa fort bokstaveleg, sjølv om det høyrest rart ut at Peppa Gris faktisk står i kjellarstova, og svarar at det er fordi det er dei orda forskaren brukte.

Yngre barn ser faktisk ut til å forstå den ikkje-bokstavlege betydninga betre enn eldre barn.

– Barn som er litt eldre byrjar lura på om det kan ha fleire betydningar, og så går dei for den som er tryggast. Det som er i tråd med det som konkret blir sagt, fortel Falkum. 

Ho legg til at autoriteten til den vaksne forskaren sjølvsagt også spelar litt inn på situasjonen. Sidan den vaksne sa det slik, meinte den det sikkert bokstavleg.

Lær meir om prosjektet her.

Ikkje alle testpersonane fungerte

Falkum og kollegaene har også testa vaksne personar i forskinga si for å kunna samanlikna. 

Men då dei rekrutterte ei gruppe filosofar frå UiO til ironi-studiar, gjekk det ikkje heilt som forventa: 

– Det måtte me berre slutta med fordi mange av filosofane tolka ytringane like bokstavleg som barna. Ikkje fordi dei ikkje var i stand til å forstå ironien, men dei la an eit veldig filosofisk perspektiv på oppgåva. Kanskje rekna dei med at her er det nokon som prøver å lura dei? 

Forskar på språkmodellar 

Eit gjennomgåande tema i all forskinga til Falkum er korleis evna til å forstå andre sine intensjonar utviklar seg.

No er ho i gang med å undersøkja korleis me menneske kommuniserer med språkmodellar basert på kunstig intelligens (KI), samanlikna med korleis me kommuniserer med kvarandre.

– For me veit lite om den menneskelege sida med den type kommunikasjon. KI-revolusjonen var slåande for oss, for no er det plutseleg superrelevant å ha ein kompetanse på korleis menneskeleg kommunikasjon fungerer, seier professoren.

Difor meiner ho det trengs kunnskap for å trena opp maskinane, og for å forstå korleis kommunikasjonen med dei påverkar oss. Kanskje barn også tolkar språkmodellane bokstaveleg?

– Først såg me på korleis barn lærer seg å forstå andre sine intensjonar. No lurer me på korleis dei kan forstå ein aktør som ikkje har intensjonar dei kan tenkja seg fram til, seier ho. 

Ein føresetnad for all kommunikasjon er å forstå andre sine intensjonar. Difor skulle me eigentleg ikkje kunna forstå det språkmodellane produserer. 

– Me vil utforska kva det er som skjer når me tillegg KI-modellane meining og intensjonar likevel. 

forskning.no vil gjerne høre fra deg!

Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article