Meir enn kvar tiande direktør i Sjukehus-Noreg fekk i fjor dekka utgifter til pendling.
Det viser ei oversikt NRK har henta inn, om pendlarbustadar og pendlarreiser i 2025 og 2026.
Til saman er det rundt 250 direktørar i dei totalt 37 regionale, lokale og felleseigde helseføretaka (forkorta HF), ifølge nettsidene deira.
16 helseføretak dekka i fjor pendlarutgiftene for totalt 26 direktørar.
Millionløn og gratis pendling
Totalt betalte det offentlege over 4,3 millionar kroner for direktørpendlinga:
- Ti direktørar i Helse Nord: Minst 2.472.000 kroner
- Åtte direktørar i Helse Midt-Norge: Minst 768.000 kroner
- Fire direktørar i Helse Sør-Øst: Minst 602.000 kroner
- Fire direktørar i Helse Vest: 445.000 kroner
Dei fleste har over 1,5 millionar kroner i løn, mange over 2 millionar.
Det er flest direktørar som pendlar innan eller til Nord-Noreg. Her: Tromsø-flyet over Bodø lufthavn.
Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRKPendlaravtalene spriker
Nokon pendlar lenger enn andre. Og nokon har betre vilkår enn andre.
- Voss–Ålesund: pendlarbustad med plass til familien.
- Oslo–Tønsberg: både firmabil og pendlarbustad.
- Bergen–Hammerfest: jobben betaler fly også for ektefellen.
- Trondheim–Levanger: direktøren overnattar gjerne på kontoret.
Flest pendlarar er det i eller til Nord-Noreg.
Men fjorårets dyraste pendlar var «ein søring i sør»: administrerande direktør Øyvind Bakke ved Sykehuset i Vestfold:
- Firmabil: 217.000
- Pendlarbustad: 156.000
Øyvind Bakke har knapt halvannan times køyretid mellom Oslo og jobben i Tønsberg.
Dette kosta helseføretaket 377.000 kroner i fjor.
Lenger nord har Annamaria Forsmark same køyretid frå heimen i Trondheim til jobben i Levanger.
Dette kosta helseføretaket 0 kroner i fjor.
Den dyraste pendlinga i fjor var altså langs Oslofjorden – ikkje ein «søring i Nord-Noreg».
Bakke vil ikkje intervjuast av NRK. Han viser til styreleiar for sjukehuset, Per Christian Voss.
Voss vil ikkje kommentera at Bakke i fjor hadde den dyraste avtalen blant alle pendlande direktørar i helseføretaka, eller at ingen andre har firmabil.
Han avviser at det er vanskeleg å rekruttera toppleiarar til Sjukehuset i Vestfold.
– Det er ein del av den totale godtgjerslepakka. Sjukehusdirektørjobben medfører reising i litt ulike retningar. Då er firmabil praktisk.
– Mellom Oslo og Tønsberg går toget minst like kjapt?
– Ja, men ein firmabil gir meir fleksibilitet. Han ønskte det, og me innvilga det.
Toppsjefen her bur i Oslo og fekk i fjor dekka både firmabil og pendlarbustad i Tønsberg.
Foto: Eline Molvær Løndal / NRKSykehuset i Vestfold opplyser at pendlarbustaden er sagt opp frå mai 2026.
– Det var ei lita hybelleilegheit, på rundt 40 kvadratmeter, med stove og soverom, seier Voss.
Bakke får no heller dekka enkeltovernattingar på hotell i Tønsberg, men beheld firmabilen.
– Han ønsker heller å overnatta på eit gjestehus på ekstra lange arbeidsdagar. Det ligg på andre sida av gata for sjukehuset, og har ein svært moderat døgnpris.
Sykehuset i Vestfold ligg i Tønsberg.
Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK LuftfotoOvernatting på kontorsofaen
Administrerande direktør Annamaria Forsmark i Helse Nord-Trøndelag er ingen kravstor pendlar.
Ho har berre tre minutt kortare køyretid enn Bakke i Vestfold.
Helseføretaket dekker ingenting av pendlinga frå Trondheim til Sykehuset Levanger.
«På vanlig måte fører hun i sin skattemelding personlige kostnader knyttet til pendling», skriv dei.
Annamaria Forsmark tykkjer ikkje åtte mil reiseveg kvalifiserer til å kallast pendling. Ho har ofte overnatta på kontoret sitt.
Foto: Espen Sandmo / NRKKommunikasjonsdirektør Svein H. Karlsen fortel at ho enkelte veker har overnatta to-tre netter på kontoret.
– Ho er ei iherdig dame frå Ungarn som syns det er praktisk med sovesofa på kontoret.
Då NRK kontaktar henne, seier Forsmark at ho ikkje ser på seg sjølv som ein pendlar, fordi det tar knapt halvannan time (éin veg) med bil eller tog.
Dessutan understrekar Forsmark at hundrevis andre tilsette i Helse Nord-Trøndelag jobbar utanfor heimkommunen.
Flyttar ikkje til Bergen
NRK har i ei rekke saker omtalt lønsnivået og ekstragode til toppleiarane i helseføretaka. I haust vart det særleg fokus på «søringar» som pendlar til høgt løna toppstillingar i nord.
Då Helse Bergen denne våren tilsette ny administrerande direktør for Haukeland universitetssjukehus, vart det på ny «fyr i teltet».
For no får også landets nest største by ein pendlande toppsjef frå Oslo.
Marit Lieng – opphavleg nordlending – får 2,5 millionar kroner i løn, pluss dekka pendlarbustad og årskort på fly.
Leiaren i helsekomitéen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), var blant dei som reagerte.
Ti direktørar i Helse Nord
Helseregion Nord har til saman ti pendlande direktørar.
Totalt fekk dei dekka minst 2,47 millionar kroner i 2025.
Administrerande direktør Marit Lind i Helse Nord RHF (regionalt helseføretak) pendlar frå Tromsø til Bodø.
Marit Lind har den dyraste pendlarleilegheita blant alle landets helseføretak: 22.700 i månaden.
Foto: Helse Nord- Pendlinga hennar kosta 346.000 kroner i fjor: 273.000 for pendlarbustad og 73.000 for pendlarreiser.
- I tillegg dekker Helse Nord straum og reingjering.
Pendlarleilegheita hennar har fem rom.
Lind har årskort på flyreiser for teneste- og pendlarreiser.
Også fire av stab-direktørane hennar får dekka pendling til Bodø. To av dei har pendlarbustad.
Jorunn Busk
Viseadministrerande direktør i Helse Nord RHF
Ola Jøsendal pendlar frå Alver i Vestland til Bodø.
Jobben dekka i fjor 188.000 (bustad) pluss 143.000 (reise). Sum: 331.000 kroner.
Thomas Kleiven
Kommunikasjonsdirektør i Helse Nord RHF
Kim Hannisdal pendlar frå Oslo til Bodø.
Han fekk i fjor dekka 190.000 (bustad) pluss 94.000 (reise). Sum: 284.000 kroner.
Helse Nord
Fagdirektør i Helse Nord RHF
Synøve Kalstad pendlar frå Tromsø til Bodø.
I fjor fekk ho reiseutgifter på 119.000 kroner.
Kåre Riibe Ramskjell / NRK
Eigardirektør i Helse Nord RHF
Hilde Rolandsen pendlar frå Kabelvåg til Bodø.
Ho fekk dekka reiseutgifter på 36.000 kroner i fjor.
I tillegg er det fem pendlande sjukehusdirektørar i helseregion Nord.
To av dei var i fjor dyrare pendlarar enn Lind. Den eine får også dekka flyreiser for ektefellen.
Helgelandssykehuset
Administrerande direktør på Helgelandssykehuset
Lena Elisabeth Nielsen pendlar Alta-Sandnessjøen.
Ho fekk i fjor dekka 197.000 til pendlarbustad, straum og el-billading, pluss 169.000 i pendlarreiser, totalt 366.000 kroner.
Gunnar Sætra / NRK
Administrerande direktør på Finnmarkssykehuset
Ole Hope pendlar Bergen-Hammerfest. I 2025 fekk han dekka 216.000 (pendlarbustad) og 142.000 (fly, hotell og kostgodgjering), totalt 358.000.
Han har ei kvote på 30 tur/retur, som også kona kan bruka.
Ole Andreas Bø
Administrerande direktør på Nordlandssykehuset
Siri Tau Ursin pendlar frå Strand (Rogaland) til Bodø.
I fjor fekk ho dekka 216.000 til pendlarbustad og 74.000 til 13 pendlarreiser, totalt 290.000 kroner.
Helse Nord IKT
Teknologidirektør i Helse Nord IKT
Joachim Tuft pendlar Asker-Tromsø. 30 reiser i fjor kosta 222.000 (inkl. hotell 151.000).
Føretaket skriv at tilsette kan jobba digitalt, men at stillinga «medfører behov for fysisk tilstedeværelse».
LinkedIn
Administrerande direktør i Sykehusapotek Nord
Hilde Gustavsen bur i Sørreisa og jobbar ved hovudkontoret i Tromsø minst tre dagar i veka. Ho får 150.000 kroner i årleg pendlarbeløp som «forutsettes å dekke alle utgifter forbundet med pendlingen».
Fire direktørar i Helse Vest
Før Marit Lieng startar som administrerande direktør 1. august, har Helse Bergen ingen som får dekka pendlarutgifter. Men det har andre delar av helseregion Vest. Pendling kosta 445.000 kroner.
Helse Fonna
Administrerande direktør i Helse Fonna
Anders Hovlands pendling Bergen-Haugesund kosta 216.000 i fjor: pendlarbustad 193.000 og bilgodgjering 23.000. Mange andre turar reknast som tenestereise då han legg arbeidsdagar/møte til bl.a. Stord.
Ole Andreas Bø
Administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest
Tonje Folkvang pendlar Sola-Bergen og fekk dekka 130.000 i fjor: 94.000 var fly, 41.000 hotell og 41.000 taxi/buss. Kommunikasjonsdirektør Bernt Flekke pendlar frå Sandnes og fekk dekka 38.000.
Jorunn Busk / Helse Vest
Direktør for digitalisering i Helse Vest
Ørjan Andersen, tilsett i oktober, har delt arbeidsstad Bergen/Stavanger. Reiser mellom byane blir dekte som tenestereiser. Sju reiser i 2025, med ni hotellnetter, kosta 61.000 pluss diett/nattillegg.
Åtte direktørar i Helse Midt-Norge
Pendlinga helsregion Midt-Norge kosta totalt minst 768.000 kroner.
Helse Møre og Romsdal har fem pendlande direktørar som får dekka reiser. To får i tillegg dekka pendlarbustad.
Hans-Olav Landsverk / n648420
Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal
Olav Terje Lødemel pendlar Voss-Ålesund og får dekka éin tur i veka: det kosta 295.000 i 2025 (180.000 var bustad).
Ifølge arbeidskontrakten skal bustaden vera stor nok til at familien kan besøka han.
Helse Møre og Romsdal
Fagdirektør i Helse Møre og Romsdal
Erik Ganesh Iyer Søegaard pendlar frå Oslo til Ålesund.
I fjor fekk han dekka 200.000 kroner, der 126.000 var for bustad.
Sparebankstiftelsen
Viseadministrerande direktør i Helse Møre og Romsdal
Heidi Anita Nilsen pendlar innan fylket: frå Hustadvika, 13 mil frå Ålesund.
Ho fekk dekka 156.000 i fjor: 86.000 for bustad og 70.000 som fastbeløp for reise.
Øyvind Sandnes / NRK
Direktør for e-helse og teknologi i Helse Møre og Romsdal
Helge Storøy fekk dekka reiseutgifter for 50.000 i fjor.
I tillegg fekk økonomidirektør Randi Myhre dekka 15.000.
Administrerande direktør for regionadministrasjonen, Jan Frich, pendlar frå Oslo til hovudkontoret i Stjørdal. Der har han kjøpt eigen bustad som han finansierer sjølv.
Men han får betalt årskort på fly i Sør-Noreg, som også dekker pendlarreisene.
I tillegg til tenestereiser kan Jan Frich bruka årskortet «til besøksreiser til hjemmet, som en ikke-skattepliktig naturalytelse».
Fotografi: Bjørn Olav NordahlHemit HF opplyser at administrerande direktør Trond Utne disponerer ein parkeringsplass ved hovudkontoret i Trondheim, verd 23.000 kroner i 2025.
Sende ikkje inn krav
Helse Nord-Trøndelag har ein annan ganske «smålåten» direktør i tillegg til Forsmark på sovesofaen.
Fagdirektør Hanne M. Frøshov bur opphavleg i Harstad, og har kjøpt si eiga hybelleilegheit på Levanger.
Ho har avtale om å få dekka pendlarkostnadar inntil 200.000 kroner i året, men i fjor bad ho berre om å få refundert 29.000, og ingenting hittil i år.
Fagdirektør Hanne M. Frøshov har ikkje kravd å få dekka pendlarkostnadane ho har rett til.
Foto: UNNFire direktørar i Helse Sør-Øst
Den største og mest sentrale helseregionen brukte i fjor minst 602.000 kroner på pendling.
I tillegg til Bakke med firmabil for pendling Oslo–Tønsberg, hadde helseregion Sør-Øst fire pendlarar i fjor.
Per-Kåre Sandbakk / NRK
Administrerande direktør på Sørlandet Sykehus
Nina Mevold pendla Bergen-Kristiansand og hadde årskort på fly for tenestereiser og pendling. Ho gjekk av 26. mars etter sterk mistillit frå tillitsvalde.
Sykehusapotekene
Områdedirektør, Sykehusapotekene Innlandet
Marianne Myrvold Brun har avtale om heimekontor i Narvik 1.8.25-1.8.27. Ho får dekka inntil 25 tur/retur-reiser Evenes-Oslo S i løpet av 12 månadar. Dette definerer helseføretaket som tenestereiser.
Sørlandet sykehus
Klinikkdirektør Sørlandet sykehus Flekkefjord
Jorunn Sandvik hadde 5000 kroner i månaden til bustadstøtte 1. januar – 1. september 2025, ingenting etterpå. Sum: 40.000 kroner i 2025.
Sørlandet sykehus
Klinikkdirektør medisinsk diagnostikk og klinisk service, Sørlandet sykehus
Therese Marie Vik Ademola har fått dekka reiseutgifter til pendling inntil 2000 kroner i månaden frå 1.10.25 til 30.4.26. Altså totalt 6.000 kroner for 2025.
Sørlandet sykehus brukte inntil 252.000 kroner på sine tre pendlarar, men opplyser at dei avslutta pendlaravtalane i april i år.
«Hyggelig gangvei» i Oslo
21 av landets 37 helseføretak har ingen pendlande direktørar (sjå faktaboks).
«Svaret er null», svarar for eksempel Helse Sør-Øst kjekt.
«Ingen. Enkelt og greit, men selvsagt enklere problematikk for et Oslo-sykehus enn andre foretak i et langtstrakt land», skriv Oslo Universitetssykehus diplomatisk.
«Administrerende direktør Bjørn Atle Lein Bjørnbeth har 4,7 kilometer hyggelig gangvei fra sin bolig til kontoret», opplyser Oslo universitetssykehus HF.
Fotografi: Gorm Kallestad / NTBPublisert 03.06.2026, kl. 20.51






















English (US)