Kvar sjette norske kvinne har gjort ein kosmetisk operasjon

12 hours ago 3


– Eg er jo eigentleg berre eit resultat av det samfunnet vi lever i, der utsjånaden heile tida får større verdi. For min del var det ein god kombinasjon av akkurat det, ein djup tvil på meg sjølv frå ung alder og eit sosialt press på å sjå ut på ein viss måte.

Madelen Magnussen var 21 år da ho fekk utført ein såkalla «BBL». Ein brazilian butt lift. Det inneber å endre form eller størrelse på rumpa ved å legge inn implantat eller flytta feitt frå ein anna stad på kroppen. Ho gjorde sistnemnde.

Og stadig fleire norske kvinner har gjort som ho; lagt seg på operasjonsbordet for å endre utsjånaden.

Sjå kva for operasjonar som er mest vanleg lenger ned i saka.

Over 3000 kvinner frå Noreg deltok i ein studie frå Universitetet i Oslo som er publisert i Tidsskriftet for Den norske legeforening. Den viser at kvar sjette har vore gjennom ein eller fleire kosmetiske operasjonar. Det er ei stor auke på 20 år.

Trur mange føler press

I 2003 og 2008 var det 7–8 prosent som hadde gjennomgått ein eller fleire skjønnheitsoperasjonar. I 2022 var talet auka til 17 prosent.

Har du gjort ein kosmetisk operasjon?

– Først og fremst synest eg det er trist. Det viser kor normalisert det er blitt å ta plastisk kirurgi og kor mange som føler press på å endre utsjånaden, seier Magnussen.

Samtidig er ho ikkje overraska over talet.

– Vi ser meir og meir av plastiske operasjonar i media, i sosiale medium og i popkulturen.

Jo meir vi ser av det, dess mindre drastisk vil det følast å gjere eit inngrep, trur ho.

– Og så er vi nok meir opptatt av sjølvforbetring på alle moglege måtar. Vi skal vere flinkare og sunnare, trene meir. Ting skal vere perfekt.

Portrettbilde av Madelen Magnussen. Hun smiler i kamera.

Madelen Magnussen meiner plastisk kirurgi blir meir og meir normalisert.

Foto: Madelen Magnussen

Stor auke i dei som vurderer operasjon

I studien kom det dessutan fram at over halvparten av kvinnene såg på det som sannsynleg at dei kjem til å gjere ein kosmetisk operasjon i framtida. Også her ser vi ein auke.

Vurderer du å gjere ein kosmetisk operasjon?

Forskarane bak studien trur grunnane kan vere fleire. Blant anna kven vi blir påverka av. For kvinnene som vurderer ein operasjon har noko til felles, seier forskar Ingela Lundin Kvalem:

– Mange av dei kjenner andre som har gjort det, og har fått høyre om erfaringane deira. Andre kan ha blitt anbefalt det av nokon rundt seg. Det handlar om nettverket ditt, og kor mykje tid du bruker på medium som er fokusert på utsjånad.

Ingela Lundin Kvalem Professor - Helse-, utviklings- og personlighetspsyk

Ingela Lundin Kvalem er professor ved Universitetet i Oslo, der ho forskar på kroppsbilde og kroppsideal.

Foto: UiO / NRK

Forskarane fann ut at dei som vil operere seg ofte er mindre fornøgde med eigen utsjånad og har lågare utdanning, og at dei kan ha lettare for å bli påverka av det dei ser i sosiale medium.

Også Kvalem brukar ordet trist når ho skal beskrive tala. Ho meiner vi er blitt for dårlege til å godta at vi alle ser ulike ut, men forstår samtidig at det å endre på seg sjølv kan vera riktig for nokon.

– Dei har kanskje hatt ein nase dei ikkje var fornøgd med, eller manglar bryst. Noko som har vore forferdeleg for dei store delar av livet. Då skjønner eg godt at dei gjer det.

Tala frå studien tydar på at dei aller fleste blir meir fornøgde med eiget ytre etter operasjonen.

Flest har fiksa på puppane

I studien kjem det fram kva type inngrep som er mest vanleg. Det å få operert brysta er det klart mest vanlege:

Den vanlegaste forma for brystkirurgi er å forstørre brysta. Men det er også mange som gjer det motsette; å redusere størrelsen. Også dei er ein del av statistikken i forskinga.

Ei av dei som har gjort dette inngrepet, er Marika Munch Kulset (24). For ho handla det på ingen måte om å fikse på utsjånaden. Ho er tydeleg på at ho ikkje ville ha gjort eit slikt inngrep av den grunn.

Ho gjorde det fordi ho hadde plagar med hovudpine, migrene og vond rygg. Etter ein prat med lege om dette, fann dei ut at brysta hennar faktisk kunne vera årsaka.

Marika Kulset smiler mot kamera. Hun har på seg en svart skinnjakke og hvit topp.

Marika Kulset er glad for at ho reduserte storleiken på brysta sine.

Foto: Marika Kulset / Privat

– Eg fjerna om lag 40 prosent av brystvekta i operasjonen, og hovudpina forsvann nesten umiddelbart etterpå.

Før kunne ho ha hovudpine kvar einaste dag og migreneanfall fleire gongar i veka. No er hovudpina redusert til berre nokre få gongar i månaden, fortel ho.

Vil kanskje gjere det igjen

Det er sju år sedan Magnussen tok valet om å få fyldigare rumpe. Ho hugsar det heile som ganske impulsivt.

– Eg var litt ekstra usikker ein kveld, og ein månad seinare sett eg på eit fly til Tyrkia. Eg er litt sånn som person: Når eg først bestemmer meg, går eg «all in», kanskje også på litt ekstreme måtar.

Etter det har ho ikkje gjort nokon operasjonar.

– Eg ser litt annleis på det no. Eg er blitt meir vaksen, tryggare i meg sjølv. Men terskelen min er like lav i dag som for sju år sidan. Eg ser ikkje bort ifrå at eg kjem til å operere meg seinare i livet.

Publisert 18.03.2025, kl. 21.15

Read Entire Article