I samband med sin 50-årsdag i fjor fekk kronprinsesse Mette-Marit «ein spennande dag i Forsvaret» som gåve frå Forsvaret, opplyser Kongehuset til NRK.
Ho ville bruka høvet til å besøka Hæren.
Kronprinsessa ønskte spesielt å få eit innblikk i korleis dei jobbar med å styrka mental helse i Forsvaret, ifølge Kongehuset.
Besøket vart lagt til Skjold leir i Indre Troms fredag.
Der møtte ho mellom anna bataljonspresten for å snakka om korleis dei jobbar med å styrka mental helse i Hæren.
– Det var ei veldig fin samtale. Kronprinsessa var oppriktig interessert i temaet, og viste stort engasjement for å ivareta dei som er i Forsvaret, seier bataljonsprest Geirulf Grødem.
Møtte troppen til dottera
Der trefte kronprinsessa ei ho kjenner godt: ingeniørsoldat Alexandra.
Dottera, prinsesse Ingrid Alexandra, er nemleg godt i gang med førstegongstenesta si i Skjold leir.
Nå gjennomfører ho fagutdanninga i Hæren og er ingeniørsoldat og skyttar på kampvogna CV90.
Under besøket åt kronprinsesse Mette-Marit mellom anna lunsj med troppen til Ingrid Alexandra.
– Nei nei nei. Eg trudde eg fekk kyllinggryte, dette var laks med pasta og fløytesaus, sa kronprinsessa til latter frå troppen då ho fekk smaka på feltrasjonane.
– Når ein er i felt og er veldig svolten, så er det meste godt, svarar generalløytnant Ingrid Gjerde med eit smil.
Kronprinsessa fekk òg ei omvising, og fekk sjå ei kampvogn som prinsessa er skyttar på.
Utan pressa
Besøket i Skjold leir vart lagt til i den offisielle kalenderen til kongehuset fyrst same dag.
Besøket vart gjennomført utan pressa til stades.
Det er Kongehuset og Forsvaret som har dokumentert besøket, og NRK har difor ikkje hatt moglegheit til å stilla spørsmål til dei involverte.
Då prinsesse Ingrid Alexandra fylte 18 år i 2022, fekk også ho gåve frå Forsvaret: Til saman tre «draumedagar» i Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret.
Representantar for pressa var med på delar av desse besøka.
– Ein dyktig soldat med gode haldningar
I september vart det klart at prinsesse Ingrid Alexandra vert lenger i Forsvaret enn fyrst antatt. Grunnen er valet hennar av fagutdanning.
Tenestestillinga hennar har 15 månaders teneste. Dermed dimitterer ikkje prinsesse Ingrid Alexandra før i april neste år.
Kaptein Hågen Vangsnes, kompanisjef i ingeniørbataljonen, har beskrive prinsessa som ein dyktig og moden soldat.
– Me er veldig fornøgde med årets kontingent i pansra stormingeniørkompani 2 i Ingeniørbataljon. Prinsessa står fram som ein dyktig og moden soldat med gode haldningar, på lik linje med resten av kompaniet, sa Vangsnes til NRK.
Publisert 15.11.2024, kl. 20.42