Kraftig vind i Ålesund – kommunen ber folk halde seg inne

2 hours ago 3


Ålesund kommune skriv på sine nettsider at kriseleiinga følgjer nøye med, og dei vil jobbe med beredskapen ut over ettermiddagen.

Dei ber folk halde seg inne fram til klokka 19.00, når det er venta av vinden skal minke.

– Det er mykje meldingar. Så vi må prioritere. Men vi har bemanning som er tilstrekkeleg for å få tatt seg av dei som kjem, seier Eivind Klokkersund i politiet.

Brannvesenet får også inn mange meldingar. Dei seier at dei har eit titals oppdrag både i Giske, Haram, Hareid, Sula og Ålesund som er relatert til den sterke vinden.

Dei har blant anna måtta rykka ut på tre i vegbana og lause takplater på fleire bygg.

Øysamfunn isolert i mange timar

Lepsøybrua som er vegen ut til Nordøyane på Sunnmøre er stengd på grunn av sterk vind. Det betyr at øybuarane på Lepsøy, Haramsøy, Flemsøy/Skuløy, Fjørtoft, Harøya og Finnøya er isolerte.

Det bur om lag 2700 personar til saman på dei seks øyene. Brua har vore stengd sidan 09.30 i dag.

– Det var ein buss som meldte frå at det var veldig utriveleg der, før det stengde. Så då tek vi ingen sjansar, plutseleg hamnar du på havet, seier Erling Drangsholt, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen.

Erling Drangholt seier det er usikkert når brua vil opne igjen. Det er meldt aukande vind i løpet av dagen, og den skal ifølgje vêrmeldingane ikkje avtal før rundt 18.00.

– Vi gjer fortløpande vurderingar på om vi kan opne brua igjen, seier Drangsholt.

Ferjesambandet mellom Småge, Orta, Finnøya, Sandøya og Ona er også innstilt, som fører til at øybuarane foreløpig er totalt isolert.

Stengde vegar

Tresfjordbrua i Vestnes er også stengd, på grunn av vêrforholda. Det same gjeld Herøybrua. Også fleire ferjesamband på Sunnmøre er innstilt.

Publisert 16.11.2024, kl. 16.29 Oppdatert 16.11.2024, kl. 16.39

Read Entire Article