Naudetatane vart varsla om brannen like før klokka 19:30 laurdag kveld.
Då hadde politiet allereie slått fast at det ikkje var folk inne i huset. Dei hadde fått kontakt med huseigar.
Ved 20-tida opplyste Agder-politiet at det var opne flammar i huset, og at brannvesenet jobba med å sløkke brannen.
Stensåsveien er stengd som følgje av brannen. Årsaka er at det ikkje er mogleg for trafikk å passere så lenge brannvesenet jobbar på staden.
Ifølgje Agderposten er det brannmannskap frå både Froland og Arendal som jobbar på staden.
– Vi jobbar no med ytre sløkking og har førebels ikke kontroll på brannen, seier vaktleiar i brannvesenet Anders Torbjørnsen til Agderposten.
Publisert 31.01.2026, kl. 20.56 Oppdatert 31.01.2026, kl. 21.18










English (US)