Hanna Skjåkødegård kjempa for å redde vgs i Lom. Etter nedlegginga er ho i gang med å lage privatskule saman med kommunane og kommunelegen (!).
Rapporterar frå LomFredag 25. oktober kl. 10:25Kortversjonen
- Etter nedlegginga av den videregåande skulen i Lom planlegger Hanna Skjåkødegård og Sondre Bøye å opprette ein privat skule med kommunene Lom, Skjåk og Vågå.
- Formannskapet i Skjåk har gitt 200.000 kroner til oppstarten av skulen.
- Skulen tar sikte på studiespesialisering med matkultur og fjelliv som sentrale tema.
- Lokal støtte er sterk, og fleire har meldt interesse, inkludert potensielle investorar.
Kommunane er Lom, Skjåk og Vågå. Og kommunelegen i Skjåk er Sondre Bøye. Lokalt kjend som pappa og pådrivar for å behalde vidaregåande i Lom.
No rettar dei merksemda framover. Begge har ståltru på at det er mogeleg å starte og drive ein vidaregåande friskule eller privatskule i fjellkommunane i Nord-Gudbrandsdal.
– Det blir mest truleg oppretta ei stifting med sikte på at det skal bli ein privat vidaregåande skule her, seier Bøye og Skjåkødegård til VG.
Seinast onsdag kveld - same dagen som fylkestinget i Innlandet la ned Lom og fem andre vidaregåande skular og skulestader - skjedde det også noko i kommunehuset i nabobygda Skjåk.
Formannskapet der løyvde ein oppstartskapital på 200.000 kroner.
– Vi løyver no nå for å kome i gong med eit initiativ. Vi må få til eit tilbod til ungdomane våre, eit menneskeleg tilbod. Dei vil jo få eit tilbod frå fylkeskommunen, men i mine auge so er det ikkje særleg menneskeleg for dei som treng eit nærtilbod, seier ordførar Kristen Dagsgard til lokalavisa GD.
Kommunedirektøren i Skjåk får no i oppgåve å jobbe vidare med initiativet for ein privat vidaregåande skule i Lom eller Skjåk.
Og det blir saman med Skjåkødegård og Bøye.
– Veldig mange interessentar har meldt seg - og har tydelegvis oppfatta oss som dei som styrer dette her. Vi har med oss Lom og Skjåk kommunar, så har vi ein visjon om at Vågå også blir med, sier duoen til VG på ein av dei mange serveringsstadene i Fossbergom - eller Lom sentrum.
Skjåkødegård fortel at telefonrøret har gått varmt etter at skulenedleggelsane vart eit faktum.
- Folk er forbanna no, folk fra heile Norge ringer oss og ytrer sitt engasjement for at Lom skal bestå og har meldt seg til tjeneste! Faktisk berre i dag har to investorer ringt og sagt at privatskole vil vi bidra til, for Lom og Skjåk har livets rett, seier ho.
Dei innleiande tankane dreiar seg om ein skule med studiespesialisering, matkultur og fjell- og friluftsliv som sentrale tema.
– Kan de bruke lokale og fasilitetar til den nedlagte skulen i Lom?
– Det blir mykje betre, halvvegs fleipar Skjåkødegård og Bøye.
Mat og fjell
- Vi har so mange ressursar å kunne spela vidare på. Vi har nasjonalparken, matkulturen. Heile den biten her. Det er så eksepsjonelt mykje bra her - inkludert den skulen som no blir lagt ned. Det er vel kun i det offentlege at det som fungerer best blir lagt ned, seier Hanna Skjåkødegård og sparkar fylkestingfleirtalet i Innlandet på skinnleggen.
Initiativtakarane er førebels fåmælte om dei vil samarbeide med Steinerskulane, Montessori, Akademiet eller andre private skuledrivarar vidare.
Hanna er opphaveleg frå Skjåk, men jobbar i Bergen på Universitetet, og har familie i vestlandets hovudstad.
Ho har lenge planlagt å flytte heim - betinga av at Lom/Skjåk har eit vidaregåande-tilbod til borna hennar.
– Blir det heimflytting frå Bergen dersom de får til ein vidaregåande privatskule?
– Dersom dette går i boks, ja. Eg må svare det. Eg har mykje press på meg no, svarar Hanna Skjåkødegård.
Sondre Bøye legg inn eit mildt trugsmål:
– Dersom det går i boks og du ikke kjem, då blir du kjeppjaga om du viser deg her.
Lærartillitsvald på vgs. i Lom, Kari Ousten Lyngved, har enno ikkje kome over at arbeidsplassen, skulen hennar blir nedlagt.
Ho trur at prinsippielt er kollegaene hennar mest interessert i ein god offentleg skule - slik Lom-avdelinga er.
Høg gjennomføring
– Med dei resultata vi har, burde vi heller ha vore brukt som eit utgangspunkt for å forske på kva som gjer at unge skal gjennomføre og lukkast på ein vgs, seier Lyngved til VG.
Ho trur likevel den sterke framtidstrua hjå innbyggarane har fått ein slags ny eld etter nedlegginga.
– Om fylkeskommunen stenger døra for ein offentleg skule, ja då er eg open for eit initiativ for ein friskule. Men det er med tungt hjarte, for ein offentleg skule er ein rett alle norske born og unge har, seier læraren på vgs. i Lom.