Den tyske nasjonalforsamlinga, Forbundsdagen, stemte over eit nytt lovforslag som vil stramme inn på reglane for innvandring.
Det handlar om å gjere familiegjenforeining vanskelegare for avviste asylsøkjarar og gje politiet meir makt til å arrestere og deportere udokumenterte migrantar.
Etter avstemminga er det no klart at forslaget ikkje blir vedteke.
Om forslaget hadde blitt vedteke, ville det blitt fyrste gong i tysk historie at ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AfD) sikrar fleirtal for ei lovendring.
Fleire kritiserer forslaget
Forslaget kjem frå opposisjonsleiaren Friedrich Merz og hans kristeleg-konservative parti CDU, skriv AFP.
Merz har tidlegare lova at han ikkje vil inngå eit samarbeid med AfD.
Torsdag forsvarte han at CDU kan få støtte frå dei for å få gjennom forslaga deira om innvandring.
– Ei rett avgjerd blir ikkje feil berre fordi feil folk støttar ho, sa han i ein tale torsdag.
CDU er det gamle partiet til tidlegare forbundskanslar Angela Merkel.
Ho har kritisert Merz for å søke støtte frå AfD.
Regjeringa, leia av forbundskanslar Olaf Scholz frå det sosialdemokratiske partiet SPD, meiner at det Merz gjer no bryt Tyskland si tradisjonelle «brannmur» mot samarbeid med ytre høgre.
AfD er kjent for å vere sterkt imot innvandring og for sin høgrepopulistiske retorikk.
Dette er andre gong på ei veke at Merz forsøker å få støtte frå ytre høgre i ei avstemming om innvandring.
Då fekk CDU gjennom eit anna forslag om innvandring med støtte frå AfD.
Forslaget tok imot sterk kritikk og utløyste store demonstrasjonar.
Sundag er det òg varsla ein demonstrasjon i hovudstaden Berlin mot ytre høgre.
Mørkt bakteppe
Tyskland har den siste tida opplevd fleire alvorlegare valdshendingar.
Førre veke drap ein 28 år gammal afghansk mann ein toåring og ein forbipasserande i ein knivstikking i Bayern.
I desember 2024 køyrde ein saudiarabisk mann ein bil gjennom ein julemarknad i Magdeburg. Fem menneske døydde og hundrevis blei skadde.
I august 2024 drap ei kvinne tre menneske og skada åtte då ho knivstakk dei under ein festival.
Landet har difor vurdert strengare lover for å avgrense bæring av kniv på offentlege plassar og arrangement.
Åtaka har òg opna opp ein debatt om asylpolitikken då fleire av hendingane var knytt til migrantar og asylsøkjarar.
Samstundes som innvandringsdebatten går føre seg i landet, er mange ueinige i samarbeidet mellom dei to partia.
99 år gamle Albrecht Weinberg er ein Holocaust-overlevande.
I protest mot at AfD for fyrste gong har bidrege til å få gjennom ei avstemming i Forbundsdagen, ønskjer Weinberg å returnere sitt Forbundsfortenestekross.
Han uttrykka frykt for at historia kan gjenta seg, til nyheitsbyrået AFP.
AfD har vokse dei siste åra
AfD har blitt større i tysk politikk dei siste åra og har no rundt 20 prosent oppslutning i meiningsmålingane.
Ved valet i 23. februar er det venta at AfD får meir makt.
Det har forbunkanslar Scholz åtvara om.
Menneskerettsorganisasjonar, som Amnesty International, åtvarar mot forslaget og meiner det bryt med EU- og folkeretten.
Dei fryktar at strengare kontrolltiltak vil føre til fleire vilkårlege politikontrollar og rasistisk profilering.
Viss lova blir vedteken i underhuset i den tyske nasjonalforsamlinga, må ho òg godkjennast av overhuset før ho kan tre i kraft.
Det er usannsynleg at det skjer før valet i februar.
Interessert i utanriks? Lytt til utanriksredaksjonen si podkast:
Publisert 31.01.2025, kl. 18.04