Konspirasjonteoretikar tapte nettstad til satiremagasin

1 week ago 12


Etter å ha kalla skuleskytinga på Sandy Hook for ein «bløff, skuldar konspirasjonsteoretikaren og høgreekstremist Alex Jones over 1 milliard dollar i erstatning til familiane til ofra.

Jones slo seg sjølv konkurs knappe to månadar etter Sandy Hook-dommen.

No har familiane til ofra hjelpt satiremediet The Onion med å kjøpa Jones' nettstad InfoWars på ein konkursauskjon, skriv AP.

InfoWars under Alex Jones' styre er dermed historie.

– Døden til InfoWars er rettferda me lenge har venta på og kjempa for.

Det seier Robbie Parker som mista dottera si Emilie i massakren i Connecticut i 2012, ifølge advokaten hans.

Stadfestar kjøp

Jones stadfesta The Onions oppkjøp av InfoWars på sosiale meidum. Han seier han planlegg å utfordra nedlegginga, melder AP.

Eg veit ikkje kva som skjer, men eg skal vera her til dei skrur av lyset, seier Alex Jones i ein video på X, og legg til at kjøpet «er eit angrep på ytringsfridomen».

The Onion har base i Chicago og er leia av Bryce P. Tetraeder. Mediet er kjende for å gjera narr av konspirasjonsteoretikarar som Alex Jones.

Newtown Shooting Infowars

Ifølge The Onion er planen å koka merkevara InfoWars ned til å gjera narr av «rare internett-personlegdomar» som Alex Jones, som spreier falsk informasjon.

Foto: Jill Bleed / AP

I ei pressemelding på nettstaden skriv han følgande om kjøpet – med ei viss ironisk distanse:

«InfoWars har gjennom alt vist ei urokkeleg vilje til å skapa sinne og radikalisera samfunnets mest sårbare – verdiar som djupt resonnerer med oss alle i Global Tatrehedron

The Onion planlegg å lansera InfoWars på nytt i januar, som ein parodi på seg sjølv, skriv New York Times.

Advokatar for familiane i Sandy Hook-saka har uttala at dei samarbeidde med The Onion for å kjøpa Infowars, opplyser AP.

Kalla massakren ein «bløff»

Jones grunnla InfoWars i 1999, og har brukt nettstaden til å spreie konspirasjonsteoriar og falske nyheiter.

I årevis påstod han at skulemassakren på Sandy Hook-barneskule var oppspinn og iscenesett av våpenmotstandarar, før han i retten til slutt innrømma at påstandane var usanne.

Fleire av dei pårørande til ofra saksøkte Jones og selskapet hans for ærekrenking og psykisk belastning på grunn av dette.

I retten vitna fleire om at dei blei traumatiserte av konspirasjonsteoriane til Jones og at dei fekk trugslar frå tilhengarane hans.

Publisert 14.11.2024, kl. 17.09 Oppdatert 14.11.2024, kl. 17.18

Read Entire Article