Kongsberg Gruppen nekta for fly-sabotasje – så fekk aktivisten pengekrav

1 month ago 11


Kva skjedde eigentleg på det avstengde militære området til Kongsberg Gruppen på Rygge flystasjon ei natt i vår?

Palestina-aktivisten Ole Bertheus Sørensen (24), hevdar han øydela fleire delar til kampfly-motorar. Slike som blir brukte i alle F-35-fly verda over.

– Eg knuste så mange flydelar som eg klarte, seier han til NRK.

Han ville råke motorane til kampfly han sjølv frykta ville bli brukt av Israel i krigen på Gazastripa.

Kongsberg Gruppen erkjenner at mannen lykkast å ta seg inn og utføre skadeverk på området deira, men nektar for at han klarte å øydelegge flydelar.

Kongsberg Sørensen

Palestinaaktivist Ole Bertheus Sørensen (24) er sikta for grovt skadeverk, og angrar ikkje på det han gjorde. Han meiner han handla i naudverje.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Aktivistens forsvarer, advokat Sunniva Yde Aksnes, meiner Kongsberg Gruppens svar er «direkte misvisande».

No kan NRK avdekke at produsenten av F-35-motorane krev erstatning for hærverk på fleire titals flydelar som blir brukte i eller i tilknyting til vedlikehald av F-35-motorar inne på Rygge-anlegget. NRK har sett dokumentasjon på dette.

NRK veit at motorprodusenten Pratt & Whitney, har sendt kravet til norske styresmakter. Det kjem til å bli behandla rettsleg viss det blir tatt ut tiltale i saka, etter det NRK forstår.

Pratt and Whitney vil ikkje kommentere saka og viser til norsk sikkerheitspoliti (PST).

Statsministeren besøker Kongsberg Defence & Aerospace i Kongsberg.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) og konsernsjef i Kongsberg Gruppen Geir Håøy i 2023.

Foto: Lise Åserud / NTB

Mykje står på spel for dei involverte:

  • Den unge mannen risikerer fengsel og eit stort økonomisk erstatningskrav.
  • Kongsberg Gruppen, som konkurrerer globalt om milliardkontraktar, risikerer at omdømmet deira blir svekka etter sikkerheitssvikten.

Aksjonisten ønska å råke israelske kampfly

Det byrja seint måndag kveld 1. april i år då Kongsberg Gruppen blei råka av ei oppsiktsvekkande hending.

Den 24 år gamle kunststudenten og palestina-aktivisten Ole Bertheus Sørensen braut seg inn på militært område på Rygge flystasjon i Moss.

Målet til aksjonisten var Kongsberg Gruppen sitt bygg, der selskapet gjer vedlikehald på motorane til dei moderne F-35-kampflya. Det skriv konsernet sjølv på eiga heimeside.

Israel har hatt fleire amerikanske F-35-fly i sitt luftforsvar sidan 2016, oppgir produsenten Lockheed Martin.

Med finlandshette og knipetong

Rett før midnatt 1. april nærma Sørensen seg gjerdet rundt den militære delen av flyplassen etter å ha sykla til området. Kongsberg Gruppens anlegg var sikra med forsterka dører og vindauge, seier Sørensen.

Avarn Security har ansvaret for sikkerheita på anlegget. Administrerande direktør Kjell Frode Vik vil ikkje kommentere saka, og viser til Kongsberg Gruppen.

Motordepot eid av Kongsberg Gruppen

Kongsberg Gruppens anlegg på Rygge flystasjon.

Foto: NTB

Sørensen hadde på seg svart hettegenser, svart dressbukse og heimelaga finlandshette. Med knipetong tok han seg gjennom to gjerde. Det eine, med piggtråd på toppen, klatra han over.

Etter fleire mislukka forsøk på å komme seg gjennom vindauge med herda glas, fekk han til å slå seg gjennom eit av dei. Då var han endeleg inne i sjølve bygget, fortel han.

Motstridande forklaringar

Så skil aktivisten og Kongsberg Gruppen si framstilling seg frå kvarandre.

Sørensen hevdar han enkelt kom seg til flydelane, som han deretter øydela med ei hakke han hadde meg seg. Etter at ein mann frå vaktselskapet oppdaga han, blei han bedt om å legge seg ned på bakken. Så kontakta dei politiet.

Då han blei sett i handjern, kom det fleire personar til på anlegget. Sørensen seier det var mange personar frå politiet og sikkerheitsselskapet. Fleire av dei bar våpen, fortel han.

– Det var litt skummelt med desse væpna folka.

Til NRK forklarer han at han øydela fleire gjenstandar, som ifølge han sjølv heilt tydeleg var flydelar. Han fortel at enkelte av dei hadde F-135 påskrivne. Det er namnet på motoren til F-35-flya.

Ukrainas president deltar på næringslivsseminar

Konsernsjef i Kongsberg Gruppen Geir Håøy (Til høyre) på eit næringslivsseminar saman med Volodymyr Zelenskyj og Jonas Gahr Støre.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Eg hugsar at eg hakka laus på ein motorturbin, som var enkel å identifisere, seier Sørensen.

I 17 dagar sat Sørensen i varetekt, 14 av dei i eit høgrisikofengsel i Halden, sikta for grovt skadeverk.

Då NRK avdekka sikkerheitstabba i april i år, gav Kongsberg Gruppen nokre kommentarar.

Ronny Lie, kommunikasjonsdirektør i konsernet, sa at sikkerheitsrutinane fungerte og at ingen flydelar blei øydelagde.

I ei tekstmelding skreiv han at «Vedkommende har ikke ødelagt eller skadet F-35 deler.»

Ronny Lie, kommunikasjonsdirektør:Hei,
Vedkommende har ikke ødelagt eller skadet F-35 deler. Våre sikkerhetsrutiner fungerte, saken er alvorlig fordi hærverket kunne potensielt svekket norsk beredskap i en situasjon hvor freden er truet i Europa. Vi henviser til politiet for øvrige kommentarer.

Fem månadar seinare tek NRK kontakt på nytt, etter å ha lese dokument som viser at flydelar blei øydelagde av aktivisten. I dei kjem det fram at Pratt & Whitney har sendt eit erstatningskrav for sabotasjen.

Då NRK kontakta Kongsberg Gruppen igjen blei også konsernsjef Geir Håøy bedt om å svare på spørsmål.

Ronny Lie

Kommunikasjonsdirektør i Kongsberg Gruppen, Ronny Lie.

Foto: Maria Kommandantvold / DKBU

Kommunikasjonsdirektør Ronny Lie svarte då på vegner av seg sjølv og konsernsjef Geir Håøy:

«Som vi tidligere har opplyst NRK har vedkommende brutt seg inn på militært område og utført skadeverk mot vårt bygg. Vedkommende gjorde noe hærverk på verktøy men dette var ikke kritisk for det operative vedlikeholdet av F-35.»

Ronny Lie:Svar på dine spørsmål til meg og Geir:
Som vi tidligere har opplyst Nrk har vedkommende brutt seg inn på militært område og utført skadeverk mot vårt bygg. Vedkommende gjorde noe hærverk på verktøy men dette var ikke kritisk for det operative vedlikeholdet av F-35. Saken er allikevel alvorlig fordi hærverket er begått på militært område og kunne potensielt svekket norsk vedlikehold på F-35 i en situasjon hvor freden er truet i Europa.Saken er under politietterforskning og vi har ingen ytterligere kommentar.

I april i år svarte altså Kongsberg Gruppen at ingen F-35-delar blei øydelagde. Nokre månadar seinare svarer dei at militære verktøy blei øydelagt og nemner ikkje flydelar.

NRK stilte kommunikasjonsdirektøren og konsernsjefen spørsmål om dei kunne bekrefte eller avkrefte at flydelar blei skada eller øydelagde i aksjonen.

«Som nevnt har vi ikke noe mer å tilføye», svara dei.

F-35-eininga til det amerikanske forsvaret vil ikkje seie noko om saka. Dei har tidlegare sagt til NRK at dei blei informerte om hendinga av Kongsberg Gruppen.

– Direkte misvisande

Advokat Sunniva Yde Aksnes i advokatfirmaet Sulland er Sørensens forsvarar. Ho reagerer på korleis Kongsberg Gruppen framstiller det som skjedde.

– Som Sørensen sjølv har fortalt media, er det riktig at han har lykkast med å øydelegge delar tilhøyrande F-135-flymotorar, som blir brukte i amerikanske F-35-jagarfly.

Sunniva Yde Aksnes

Advokat Sunniva Yde Aksnes er Sørensen sin forsvarar.

Foto: Mohammed Alayoubi

Ifølgje Aksnes er grunnen til at Sørensen er sikta for grovt skadeverk at omfanget er stort.

– Kongsberg Gruppen sine svar til NRK om at Sørensen ikkje øydela eller skada F-35-delar og at sikkerheitsrutinane fungerte, framstår derfor direkte misvisande, noko som er lite tillitvekkande, seier Aksnes.

Ho vil ikkje kommentere NRKs opplysningar om erstatningskrav frå motorprodusenten.

NRK har bedt Kongsberg Gruppen om ein kommentar på utspelet frå advokaten om at dei har svara misvisande. Det har dei ikkje gitt.

Sørensen

Dette bildet blei teken av Sørensen etter at han kom ut av høgrisikofengselet etter 14 dagar.

Delar av siktinga er halden borte frå offentlegheita. Heller ikkje kva som blei øydelagt står skriven der, trass i at Sørensen er sikta for grovt skadeverk.

– Det har vore vanskeleg for oss å korrigere denne uttalen før no, på grunn av sakas sensitivitet og behov for avklaring med riktige instansar, og fordi vi har møtt motstand, seier Aksnes.

Tek ut tiltale i haust

Sørensen synest ikkje noko om at Kongsberg Gruppen nektar for at han har øydelagt flydelar.

– Samstundes krev motorprodusenten erstatning for øydelagde flydelar. Det er jo hyklersk, seier Sørensen.

Han fortel vidare at han har fått formidla erstatningskrav mot seg på nærare 850 000 norske kroner frå motorprodusenten Pratt and Whitney.

NRK er kjent med at Kongsberg Aviation Maintenance Services nyleg har sendt erstatningskrav for hærverket Sørensen utøvde på bygget på Rygge. Ronny Lie har ingen kommentar til det.

Kongsberg Sørensen

No ventar han på rettsaka, og fryktar at han må vere gjeldsslave heile livet. Men han angrar ikkje på det han gjorde.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

No ventar han på at saka skal gå for retten. Politiadvokat Isak Dammann ved Øst politidistrikt seier til NRK at han planlegg å ta ut tiltale i haust.

Han har ikkje ytterlegare kommentarar sidan etterforskinga ikkje er avslutta.

Sørensen har erkjent dei faktiske forholda i saka, og seier han ser fram til å forklare seg i retten.

Publisert 24.10.2024, kl. 06.09

Read Entire Article