Babyforbytinga på fødestova i Herøy i 1965 har vekt oppsikt både nasjonalt og internasjonalt. Også i lokalsamfunnet har det som skjedde vore ein stor snakkis, etter at det i 2022 blei kjent kva som skjedde med to nyfødde babyar i 1965.
Denne veka har forbytinga vore tema i ei rettssak i Oslo tingrett.
Torsdag er det prosedyrer.
– Saka handlar om retten til å få sitt rette biologiske barn heim frå fødestova, sa advokat Sølvi Nyvoll Tangen i si prosedyre torsdag formiddag.
Ho er advokat for 78 år gamle Karen Rafteseth Dokken, mor til ein av babyane.
Gjekk ut og bad folk melde seg
Hausten 2022 slo Bergen tingrett fast kven som var dei biologiske foreldra til ein av babyane. I NRK fortalde Mona om oppveksten og korleis ho alltid hadde kjent seg annleis enn resten av familien.
Nyheita slo ned som ei bombe i Herøy, der forbytinga hadde skjedd.
– Det er ei heilt forferdeleg sak. Det har prega lokalsamfunnet, sa kommunedirektør Trond Aglen då han vitna i retten onsdag. Vi gjekk ut i media og bad om at folk meldte frå, forklarte kommunedirektør Trond Aglen i retten onsdag.
Oppdaga i 1983
Kanskje hadde forbytinga aldri blitt oppdaga, om det ikkje var for ei blodprøve i 1983. Den viste at ein av babyane, som no var blitt 18 år, ikkje kunne vere dottera i huset.
Meldinga kom som eit stort sjokk på foreldra. Då dei begynte å stille spørsmål til kommunen om kva som hadde skjedd,
Spørsmåla førte til at det blei sett i gang hemmelege undersøkingar – som konkluderte med at to babyar var forbytt.
Men ingen av dei involverte fekk vite noko om det.
– Det har hatt katastrofale følgjer i jakta på sin sanne identitet. Den uretten som blei gjort og tagnaden i ettertid har påført Mona store påkjenningar, sa Kristine Aarre Haanes, som representerer ein av dei tidlegare forbytte babyane.
Ho krev no inntil 20 millionar kroner, og viste i sin prosedyre mellom anna til erstatningsutbetalinga etter frifinninga i Baneheia-saka.
Huskar ikkje
Onsdag vitna den tidlegare kommunelegen i saka. Han var med på å kartlegge i seks familiar i all hemmelegheit.
Då det kom spørsmål om saka i 2022, svarte både han og kommunen at dei ikkje kjende til noko sak om babyforbyting. Etter kvart blei det klart at dokumenta om saka låg heime på loftet hans.
Onsdag vitna han i retten. Han huskar framleis svært lite, men han held fast på at kommunen gjorde det rette.
– Eg er fornøgd med det eg gjorde då, eg syntest det var rett. Vi sat ikkje med nødvendig etisk og juridisk kompetanse til å vurdere ei så vanskeleg sak, sa han onsdag.
Han fekk spørsmål frå ein av advokatane om det ikkje var påfallande at han ikkje huska meir. Det avviser han.
Publisert 14.11.2024, kl. 09.24 Oppdatert 14.11.2024, kl. 09.31