«Anken fra Ulstein kommune tillates ikke fremmet» er den knappe ordlyden. Men dermed er det sett punktum for ein årelang rettsstrid.
Dette betyr at Ulstein kommune må betale 6,6 millionar i erstatning til tre sysken som blei mishandla av far sin då dei var små.
Syskenflokken har i årevis hevda at kommunen visste om mishandinga og burde ha gripe inn.
– Anken frå kommunen er nekta fremja, og våre klientar får endeleg utbetalt erstatninga si. Det er ein gledens dag. Alle fem har fått millionerstating, skriv avdokaten til syskenflokken, Mette Yvonne Larsen.
– Overraskande
Kommunestyret bestemte seg tidlegare i år for å anke, men Høgsterett vil altså ikkje ta inn ankesaka.
– Det er overraskande, seier kommunen sin advokat Terje Marthinsen. Han har førebels ikkje lese avgjerda og kan ikkje kommentere saka nærare.
– Vi meiner at slike saker må bli behandla av rettsvesenet, likt over heile landet. Det viktigaste for oss var å få ei snarleg avklaring i ankespørsmålet, sa ordførar Stian Skorgen Scheide (H) tidlegare i år.
I ei pressemelding skreiv kommunen då at dei hadde fått klare tilrådingar frå forsikringsselskapet og advokaten til kommunen om å anke.
Vaks opp med valdeleg far
Barndommen var eit mareritt for syskenflokken på fem. Dei vaks opp på Sunnmøre på 50- og 60-talet med ein valdeleg far som plaga dei fysisk og psykisk. Sjølv om «alle» visste kva som foregjekk, opplevde dei at ingen vaksne greip inn.
Dei to yngste fekk litt over 4 millionar kroner i fjor vår. I tillegg måtte kommunen betale alle utgifter til rettssakene for dei.
No er det også sett punktum for dei tre eldste.
Publisert 26.11.2024, kl. 14.34 Oppdatert 26.11.2024, kl. 15.01