Kom tett på brannen: Geir stod klar med hageslangen

18 hours ago 4


Geir Naalsund stod klar om brannen skulle komme nære huset der han bur på sørsida av Hessa. Det var mange tankar som gjekk gjennom hovudet då han observerte brannen.

– Eg har jobba mykje med huset, både utvendig og innvending. Når slike ting skjer, er det er ikkje ei kjekk oppleving, seier han.

Nær 300 personar er framleis evakuerte på grunn av brannen på Sukkertoppen i Ålesund.

Brannvesenet har natt til onsdag prøvd å få kontroll på brannen, og spreiingsfaren mot bustadområde er redusert, melder politiet.

– Mange tankar

Naalsund har vore nede hos naboen i natt, som ikkje var evakuert. Han har sjølv jobba som brannmann tidlegare. At brannen spreidde seg frå nordsida av fjellet, var uventa.

Geir Naalsund, hus nærheten av brannen

Geir Naalsund tilbake ved huset sitt onsdag morgon.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– Vi hadde ikkje forventa at flammane skulle komme over på sørsida. Det var litt for mykje spenning. Det viser berre kor mykje krefter som er i naturen. Det er heilt vanvitig, seier han.

Et hus med to etasjer er synlig i bildet, omringet av grønt gress og busker. I forgrunnen ligger en haug med grus, mens røde slanger er plassert langs grusveien. Det er tørre gressområder i nærheten, og en høyde i bakgrunnen gir en naturlig ramme. Ingen personer er til stede i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

På tomta til Geir Naalsund ligg framleis utstyret til brannvesenet klart onsdag.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Tusenvis av dugnadstimar opp i røyk

Yvonne Haagensen i Sukkertoppen Vel rosar innsatsen til brannvesenet gjennom heile gårsdagen og natta.

Samtidig fryktar ho at tusenvis av dugnadstimar og store verdiar kan ha gått opp i røyk.

– Dette er heilt ufatteleg trist. Det er ei tomheit, seier ho.

Ho omtalar Sukkertoppen som dronninga av dei lokale turmåla.

Sukkertoppens Venner jobber for å få på plass en ny sti opp til Sukkertoppen. Olav Lillebø, Yvonne Haagensen og Leiv Grønnevet.

Sukkertoppens Venner har i lang tid jobba for å ivareta turområdet. Her står Yvonne Haagensen i midten.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– No må vi få oversikt over skadane og ta det derifrå.

For Haagensen er det viktigaste at ingen menneskeliv, dyr eller hus har gått tapt.

Vellet skulle snart setje opp ein gapahuk teikna av Snøhetta.

– I dag er eg glad for at vi ikkje hadde fått sett opp den enno, seier ho.

Brann sukkertoppen Ålesund

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Dramatisk då flammane gjekk nedover

Terje Olsen var blant dei som måtte evakuere tysdag kveld. Huset hans var eitt av dei som var nærast å bli råka.

Olsen var på jobb på Hurtigruta Nordlys då han fekk vite om brannen.

– Eg fekk ein telefon om at brannen nærma seg huset vårt, seier han.

Først vart dei ikkje evakuerte, og såg på TV at flammane heldt seg eit stykke unna utover ettermiddagen. Han bad kona følge med på TV.

– Så gjekk kona ut for å sjå, og då stod flammane rett ovanfor huset. Då skjønte vi at vi ikkje kunne vente lenger, seier Olsen.

Brann sukkertoppen Ålesund

Brannen var fleire gongar nær hus i nabolaget til Terje Olsen tysdag kveld.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Dei pakka med seg bilete og nokre få eigendelar, og reiste til hotellet der dei evakuerte var samla i 19-tida.

Olsen fortel at han sjølv fekk sove i natt, men ikkje kona.

– Ho har ikkje sove i det heile. Det har vore ei fæl natt for henne, seier han.

Han skildrar det siste døgnet som dramatisk for heile familien.

– Tankane var innom at huset kunne brenne ned. Det var dramatisk då flammane gjekk nedover, seier Olsen.

No har han vore tilbake og sett til huset, og alt står bra til.

Sjå timelapse av terrengbrannen på nordsida av Sukkertoppen i Ålesund.

Stengte skular og barnehagar

Dei kommunale barnehagane og skulane på Hessa vart stengt som følgje av brannen.

Det gjorde at nokre evakuerte familiar la andre planar for dagen.

Fredrik Fristad, Thea Kaldhussæter, Mari Kaldhussæter og Amalie Kaldhussæter er blant dei som skal utforske byen og kanskje ta seg ein tur på musea som er opna for anledninga.

Amalie Kaldhussæter Fristad synest det er litt leit at dei ikkje får dratt til barnehagen eller skule i dag.

– Eg får ikkje sett vennane mine, seier ho.

Barnehagar og skular opna klokka 12 med eit avgrensa tilbod, utan ordinær undervisning.

Publisert 18.03.2026, kl. 12.22 Oppdatert 18.03.2026, kl. 12.29

Read Entire Article