Då isbreen Birch i dei sveitsiske alpane kollapsa på onsdag, blei landsbyen Blatten jamna med jorda.
Store mengder is, stein, jord og vatn slukte hus og gardar i det vesle bygdesamfunnet, i løpet av kort tid.
Mange menneske mista alt dei eigde. Ein mann i 60-åra er framleis sakna.
Blatten før og etter at isbreen kollapsa.
Foto: NTBSamtidig har jordmassane skapt ei oppdemming av vatn i dalføret, som no truar med å fløyme over nærliggande landsbyar.
I årevis har glasiologar som overvaker dei sveitsiske alpane, åtvara om at enkelte fjellandsbyar er i faresona.
Det var berre eit spørsmål om tid.
Ein ny type skred
Før isbreen kollapsa i Blatten skjedde det fleire ting.
Sveitsiske geologar som overvakte området, oppdaga rørsler i fjellet.
Deretter gjekk det fleire skred frå dei høge fjelltoppane, på omtrent 3000 moh., rundt isbreen.
Bietschhorn fjellet etter at Birch kollapsa.
Foto: FABRICE COFFRINI / AFP / NTBSteinmassane frå skreda landa på toppen av isbreen. Fleire skred gjorde vekta på isbreen stadig tyngre, og breen auka hastigheita.
Til slutt gav isen etter, og rasa nedover fjellsida.
Mykje av isen smelta til vatn, og raset blei til ein flytande masse med ekstra høg fart.
Det forklarer klimaforskar Ketil Isaksen ved Meteorologisk institutt til NRK.
– Denne typen skred er veldig farlege. Skredet kan bevege seg langt og gravlegge dalføre raskt, opplyser klimaforskaren.
Isaksen peikar på klimaendringane som katalysator.
– Dette er ein ny type skred vi ikkje har like mykje erfaring med og som kan vere farlegare:
– Dersom klimaendringane fortset i full styrke slik mykje tyder på, er det mykje ein må ta høgde for i åra som kjem, åtvarar han.
Kan noko liknande skje i Noreg?
Noreg har i likskap med Sveits, ei rekke isbrear.
Men er det truleg at eit tilsvarande skred kan skje i her til lands?
– Vi kan ikkje utelukke at det skjer i framtida, men vi kjenner ikkje til slike kollapsar av ismassar som i Sveits. Men vi må også følge med her.
Det opplyser breforskar ved NVE Liss Marie Andreassen til NRK.
Liss Marie Andreassen er breforskar ved NVE.
Foto: Truls Alnes Antonsen/NRK– Breane har minka mykje i seinare år. Det er store endringar i det norske brelandskapet, seier forskaren.
Med eit brelandskap i endring, blir dei norske breane overvaka.
– Vi har omtrent 40 bresjø-lokalitetar som vi følger med på ved satellittbilete. Vi ser på om bresjøane aukar i storleik og om nye blir danna. Det blir også gjennomfører vi synfaringar.
Jostedalsbreen er Noreg sin største isbre, med Nigardsbreen som ein brearm. Her frå 2015.
Foto: Berit Roald / NTBNVE følger tett med på dei norske breane, samtidig er dei ikkje uroa for at ei liknande hending skal skje i næraste framtid.
– Vi kjenner ikkje til nokon bresjøar som kan forårsake veldig stor skade i dag:
– Det kan også skje hendingar med norske brear, men vi har ikkje hatt nokon sånne hendingar tidlegare, seier breforskaren.
Forskaren forklarer at vi til dømes tidlegare har sett flaumar frå den bredemte sjøen Demmevatnet ved Hardangerjøkulen.
Bratte og smale dalføre kan føre til store konsekvensar ved ras. Her er Blatten før breen kollapsa. Landsbyen ligg tett til opp til fjella.
Foto: Cyril Zingaro / AP / NTBSjølv om Noreg tidlegare har hatt isras frå brefrontar, skil skadeomfanget seg frå skredet i Sveits.
Skadeomfanget blir større desto høgare breen ligg, jo større mengder is som brekker av og desto tettare han er på busetnadar og infrastruktur.
– Brear som heng høgt oppe i fjellsidene har vi ikkje så mange av i Noreg. I Sveits er det brattare og dei har landsbyar som ligg tett opp til, forklarer Andreassen.
I Noreg har vi få høgtliggande brear med nærliggande tettstadar.
Smeltar i rekordfart
Klimaforskar Ketil Isaksen trur at førekomsten av tilsvarande skred vil skje hyppigare framover.
– Det er heilt tydelege teikn til at desse hendingane aukar i omfang, seier Isaksen.
Eit varmare Europa fører til at permafrosten tinar i eit stadig aukande tempo, påpeikar han.
Det skaper heilt nye utfordringar for europeiske fjellsamfunn.
– Det er heilt tydeleg teikn til at desse hendingane aukar i omfang, seier klimaforskaren.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB– Dei siste tre åra har det vore fleire større fjellskred i Alpane som starta i område der permafrosten er i ferd med å tine, seier Isaksen:
– Det er for tidleg å seie nøyaktig kva som var årsaka til brekollapsen i Blatten, men eg trur klimaendringane er ei medverkande årsak.
Satelittfotografi av skredet i Blatten og de nærliggende landsbyene, 29. mai 2025.
Kildefoto: Planet Labs PBCDet store bildet: Hva hvis vi ikke klarer 1,5-gradersmålet?
De siste årene har temperaturen i verden nærmet seg grensen på 1,5 graders oppvarming farlig raskt.
Selv om få nå tror at vi kan klare det ambisiøse målet fra Parisavtalen for å unngå de verste konsekvensene av klimaendringene, er ikke alt håp ute.
Sveip videre for å forstå hva temperaturøkningen betyr, og hva vi kan gjøre med det.
Javier Ernesto Auris Chavez / NRK
1,5 grader
At temperaturene i verden stiger med 1,5 grader fra førindustriell tid, høres kanskje lite ut.
Men allerede ser verden konsekvenser som hyppigere og kraftigere ekstremvær, og isbreer som smelter og vil bidra til økt havnivåstigning. Her i Norge merker Norsk klimaservicesenter en økning i styrtregn.
I 2023 var temperaturen 1,45 varmere enn førindustriell tid.
To grader
For hver grad temperaturen stiger, blir konsekvensene verre.
Dersom temperaturen stiger med to grader fra førindustriell tid, sier forskningen blant annet at nesten alle tropiske korallrev på grunt vann vil forsvinne. Ekstrem varme som tidligere bare skjedde én gang i tiåret, kan vi vente oss omtrent annenhvert år.
To graders oppvarming truer også matsikkerheten i deler av verden. FNs klimapanel sier Arktis kan oppleve én isfri sommer hvert tiår med denne oppvarmingen
Tre grader
Hvis verden klarer å gjennomføre klimakuttene de har lovet, slipper vi å oppleve en global oppvarming på tre grader. Ifølge UNEP er tiltakene nok til å stanse oppvarmingen ved 2,6 grader.
Tre graders oppvarming er et dramatisk scenario der mange opplever dødelige hetebølger årlig. Det anslås 96.000 heterelaterte dødsfall bare i Europa. Sjansen for at vi når såkalte vippepunkter med store, irreversible endringer i klimasystemet, er også betydelig større.
Truls Alnes Antonsen / ©
Er det bare å gi opp, da?
Stadig færre tror vi kan klare å begrense oppvarmingen til 1,5 grader.
Det betyr ikke at det ikke nytter å gjøre noe. For hver desimalgrads oppvarming verden klarer å unngå, vil gjøre konsekvensene ett hakk mindre alvorlige.
Verdens ledere har lovet å innføre store klimakutt. Selv med dagens politikk, vil verden fortsette å varmes opp. Men jo mer vi klarer å gjøre, jo mindre blir konsekvensene.
Publisert 30.05.2025, kl. 15.20