– Eg finn den ultimate roa og gleda der oppe. Det er den første staden eg vil reise til etter ein lang sesong. Så eg er utruleg glad for det.
Landslagsspelar Morten Thorsby sikar til småbruket i Lom kommune han nyleg har kjøpt.
Prisen enda på 7.950.000 kroner.
Småbruket heiter «Bakkom» og ligg med utsikt mot Galdhøpiggen 800 meter over havet i Visdalen.
– Ein investering med hjartet
«Bakkom» har vore i Thorsby-familiens eige i mange år, men no har Italia-proffen kjøpt og overtatt bruksretten.
– Denne staden har betydd veldig mykje for meg. Den har vore i familien lenge og eg har brukt mykje tid der sidan eg var veldig liten. Sånn sett var dette ei investering eg gjorde med hjartet, og ikkje ei økonomisk investering, seier Thorsby.
Han legg til at farmora og farfaren har gjort eit fantastisk restaureringsarbeid.
– Dei har gjort at staden har blitt ein av dei best bevarte husmannsplassane i Bøverdalen, seier Thorsby.
Landslagsspelaren skildrar eigedomsinvesteringa som eit langtidsprosjekt.
– No er jo livet mitt «sett» dei neste åra, men når eg er ferdig med karrieren så endrar livet mitt seg ganske kraftig. Det er både mogleg med småbruksdrift med dyr og gardsdrift, eller berre som ein feriestad. Vi får sjå, det er uansett ein stad som ligg hjartet mitt nært. Eg er berre veldig glad for at eg kan sjå fram til å bruke mykje tid der framover, seier Thorsby.
Kjøpet inneber ei vedlikehaldsplikt av eigedommen.
– Eg er veldig glad for å ta over ansvaret. Ein eig på ein måte ikkje sånne stader. No er det min tur til å ta vare på den, og det er noko eg set stor pris på, seier Thorsby.
– Kan det hende du endar opp med å bu der?
– Eg har jo leika med tanken. Det er jo andre som skal få seie sitt i livet etter kvart også, men dersom det berre hadde vore opp til meg, så kanskje. Men det er klart at det er for spesielt interesserte å vere der oppe frå november til februar-mars. Det er ein fantastisk stad, men om vinteren er kanskje best å vere annan stad. Men vi får sjå. Eg er open for alt, seier han.
«Prosjekt vassveg»
Den miljøbevisste landslagsspelaren har for lengst sett seg ut eit prosjekt han vil drive med når han er i Lom framover.
Han har allereie tjuvstarta på «prosjekt vassveg».
I gamle dagar måtte bøndene ha vatn til både dyr og mark. Derfor bygde ein bekkar for å føre vatn for å føre vatnet ned frå fjellet og ned til gardane sine.
Sidan Lom er kjent for å vere nedbørsfattig, held det ikkje med regnvatn for å få graset til å vekse og gro.
– Og eg har ein fantastisk vassveg som går ned til garden min. No har eg sett i gang eit ambisiøst rehabiliteringsprosjekt for å få den tilbake til slik den var, sidan den er øydelagt. No har eg hatt to-tre somrar der eg har brukt fleire dagar der oppe for å fikse den tilbake til opphavleg stand. Det er jo ei kulturhistorisk perle, seier han.
– Har brukt to somrar på 2,5 kilometer
Thorsby anslår at han har ferdigstilt litt over to kilometer av den sju kilometer lange vassvegen som fører ned til den nykjøpte eigedomen.
– Der den er øydelagt må eg bygge opp stein og jord på begge sider, slik at vatnet held fram med å renne nedover. Det skal eg gjere heile vegen nedover. No har eg brukt to somrar på 2,5 kilometer. Eg prøver å få med meg nokre kompisar på det. Eg står for kost og losji mot at dei hjelper meg bygge denne vassvegen, fortel han.
23. oktober vedtok fylkestinget i Innlandet ny skulestruktur for fylket. Då vart det bestemt at fleire vidaregåande skular, deriblant i Lom, blir lagt ned.
Saka skapte mykje bråk og frustrasjon.
– Eg har følgt saka tett. Eg hadde seinast tre frå Lom på besøk i Italia sist helg, noko som var veldig hyggeleg. Eg har også blitt kjent med mange andre der oppe. Saka har prega bygda veldig. Skulenedlegginga går utover alle, og det er noko som kjem til å setje ein støkk i bygda ei stund. Det var kjipt at det enda som det enda, men Lom kjem tilbake, varslar Morten Thorsby.
Norsk festaften i Slovenia - bilder fra TV 2 01:58
Publisert 16.11.2024, kl. 22.13