Kjend kunstnar tapte i retten – må ut med millionar

2 hours ago 2


Melgaard hadde saksøkt dei to forretningsmennene Svein Roar Grande og Stein Lie.

I 2020 signerte dei tre ein avtale som overførte eigarskapen til dei fleste av Melgaard sine kunstverk til Grande og Lie.

Kunstnaren kravde erstatning, no må han i staden betale 12,3 millionar til dei to tidlegare forretningspartnarane.

Striden handlar om ein avtale som blei inngått mellom Melgaard og partnarane i november 2020.

Melgaard signerte da ein avtale som overførte eigarskapen til store delar av kunstverka hans til Grande og Lie.

Kunsten skal vere verd opp mot 300 millionar kroner, ifølge han sjølv.

– Eg håpar å få ei klarheit i kva som har skjedd, mot meg, kunstverka og tinga mine som har skjedd mot meg mens eg har vore i ein dårleg livssituasjon, seier Bjarne Melgaard til NRK.

No har tingretten kome til at det som blir kalla «Hovedavtalen 2020» var gyldig og ikkje urimeleg.

Retten meiner at Melgaard hadde fått betydelege pengesummar frå Lie og Grande utan å gje tilstrekkelege motytingar.

Kunstnaren er dømd til å betale dei to forretningsmennene for misleghald av avtalen, husleige i New York, skadar på atelieret og for oppbevaring av kunst.

Han må også dekke Grande og Lie sine sakskostnader.

Publisert 27.11.2024, kl. 16.15 Oppdatert 27.11.2024, kl. 16.21

Read Entire Article