Kjempeoverskot etter VM i vektløfting: – Sjå til Førde, ikkje Trondheim

3 hours ago 1


Fleire av dei siste store VM-arrangementa i Noreg har vore synonyme med dundrande underskot.

Ski-VM i Trondheim og sykkel-VM i Bergen enda med underskot på 37 og 38 millionar kroner.

No kan VM-generalen for vektløfting i Førde slå i bordet med noko så uvanleg som pluss i boka.

Og det med mange millionar. Millionane skal delast ut til frivillig sektor.

– Vi har kjent på eit enormt press med midlane vi har fått og dei tusen frivillige som har deltatt. Da kjenner vi at vi må levere.

Det seier VM-general Stian Grimseth.

  • en mann i dress og slips

    Kong Harald saman med VM-general Stian Grimseth (til høgre).

    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
  • Bildet viser et treningsstudio med flere vektstenger og vekter plassert på treningsmatter. Det er synlige vektstativ i bakgrunnen, og gulvet er laget av lys treverk. En stor skjerm på veggen viser grafikk, og en klokke viser tiden. Omgivelsene er romslige og godt opplyste.

    Noko av overskotet er vektløftingsutstyr som også kjem andre klubbar til gode.

    Foto: Nils Ole Refvik / NRK
  • Bildet viser en kvinnelig heisermedalje som løfter en stang med vekter under IWF Verdensmesterskap i 2025 i Førde, Norge. Hun er iført en rød løfterdrakt og har en konsentrert mine. Bakgrunnen viser konkurransens logo og lysende skjermer med informasjon om deltakere og vekter. Publikum er synlig i forgrunnen, og det er teknisk utstyr synlig på scenen.

    Julia Jordanger Loen fekk oppleve sitt første VM på heimebane. Mange var tilstades i salen for å heie.

    Foto: Nils Ole Refvik / NRK

– Bør lære av Førde

Ski-VM i Trondheim og sykkel-VM i Bergen enda altså med fleire titals millionar kroner i minus. I tillegg ligg det an til at det komande EM i handball i Oslo vil gå med eit underskot på 10–12 millionar kroner.

Sportskommentator i NRK, Jan Petter Saltvedt, seier det dermed blir lagt merke til når VM i vektløfting klarer å gå med fleire millionar kroner i pluss.

– Den totale vanstyringa i ski- og sykkel-VM har skapt eit bilete av at ansvarsløyse og underskot er malen for å arrangere meisterskap i Noreg.

Jan Petter Saltvedt, sportskommentator i NRK.

Sportskommentator Jan Petter Saltvedt meiner andre arrangørar bør sjå nøye på korleis VM i vektløfting vart gjennomført.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Han meiner problemet med økonomien i fleire meisterskap har vore så stort at det har påverka politikarane sin vilje til å skulle bidra, fordi det er større tvil om det kan gjennomførast på ein ansvarleg måte.

– Det har øydelagt mykje for alle potensielle arrangørar i Noreg.

Difor er verdsmeisterskapen i Førde er eit ferskt, godt og nøkternt døme på korleis ein kan få til eit ansvarleg budsjett, meiner han.

– Det ein skal ta med seg for norsk idrett vidare, er: Sjå til Førde, ikkje til Trondheim, seier Saltvedt.

Slik gjorde dei det

Under vektløftar-VM i Førde deltok utøvarar frå rundt hundre nasjonar. Førde kjempa med store byar som Las Vegas, Sofia og Tashkent om å få halde meisterskapen.

Valet landa likevel på vestlandsbyen med rundt 11.000 innbyggjarar.

Allereie før meisterskapen i oktober i fjor gjekk arrangøren høgt på bana og varsla at nøktern pengebruk var viktig.

Budsjettet var på 80 millionar kroner, der ein tredel kom frå offentleg støtte. I tillegg vart det formidla at ansvaret for vektløftar-VM ligg på veldig få hender.

Sjølv om det var over tusen frivillige i systema, var det berre tre som hadde ansvaret for det meste.

– Resultatet er god kontroll på både utgifter og inntekter, sa Grimseth før konkurransen.

Det skulle vise seg å stemme.

Bildet viser en stor innendørs arena fylt med publikum som ser på en konkurranse. På scenen er det utøvere som deltar i det som ser ut til å være et mesterskap. Det er flere skjermer synlige bak utøverne som viser resultater og informasjon om arrangementet. Lyssettingen er variert, med mange farger som bidrar til stemningen i lokalet.

Fleire av VM-kveldane hadde stort oppmøte og stappfulle hus.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

– Kjem grasrota til gode

Den endelege rekneskapen er ikkje heilt fullført, men økonomien viser eit solid overskot.

Overskotet på 25 millionar kroner er ikkje berre i reine pengar.

Utstyr til ein verdi av 15 millionar kroner er delt ut til 40 ulike idrettslag og skular, både i Vestland og elles i landet.

3,5 millionar er betalt i dugnadskompensasjon til lag og organisasjonar som bidrog under meisterskapen.

Når det endelege rekneskapen er klart vil eigarane av VM-selskapet få utbyte av det resterande økonomiske overskotet.

Samla blir dette om lag 25 millionar kroner som skal tilbake til frivillig sektor, melder arrangøren.

Tambarskjelvar IL, AK Bjørgvin og Førde IL har allereie fått overført premie for det frivillige arbeidet: 1.350.000 kroner.

– Vi visste jo ikkje kva det ville bety når vi sa ja til å jobbe, og det er ikkje kvar dag vi mottar millionbeløp, seier leiar i Førde IL, Arne Helgheim.

– Arrangementet har etterlate varige verdiar som kjem grasrota til gode i mange år framover. Dette er eit solid fotavtrykk og ein viktig arv etter meisterskapen, seier styreleiar i VM-selskapet, Nils R. Sandal

Publisert 16.01.2026, kl. 12.00

Read Entire Article