Kim Kardashian blei rana – møtte i retten med million-diamantar

4 hours ago 7


Nesten eit tiår etter det høgprofilerte ranet i Paris, møtte Kim Kardashian i dag i retten for å vitne mot dei såkalla «bestefar-ranarane».

I 2016 blei ho bunden, knebla og låst inne på badet i luksushotellet Hôtel de Pourtalès i Paris, medan tjuvar stal smykke verdt rundt 8 millionar pund – inkludert forlovelsesringen frå Kanye West.

Etter ranet vart ti personar – ni menn og éi kvinne – arresterte og tiltalt for væpna ran, kidnapping og kriminell samansverjing.

Mange av dei var godt vaksne, noko som førte til at media kalla dei «bestefar-ranarane».

Kim Kardashian i retten

Kim Kardashian forklarte seg i retten i Paris i dag.

Foto: Valentin Pasquier / AP / NTB

Ba om tilgjeving

Ein av dei hovudmistenkte, Aomar Ait Khedache, sende eit brev frå fengsel der han bad Kardashian om orsaking. Brevet vart lese opp i retten, og Kardashian svarte:

– Eg tilgir deg også, men det endrar ikkje kjenslene, traumet og korleis livet mitt er forandra for alltid, sa Kardashian i retten i dag.

For tysdag steig den 44 år gamle realitystjerna og forretningskvinna steig opp trappene til Assisedomstolen i Paris.

Ho var kledd i ein svart blazer med markerte skuldrer, matchande skjørt, slingback-hælar og mørke solbriller.

Håret var sett opp i ein elegant knute, og ho bar fleire millionar pund i diamantar- vel og merke om dei er ekte.

Kim Kardashian og Kris Jenner

Foto: ALAIN JOCARD / AFP / NTB

Spekulerer

Det inkluderte eit halskjede med graderte pæreslipte og marquiseslipte steinar, øyredobbar, og eit ankelkjede med fødselssteinane til dei fire borna hennar: perle, granat, zirkon og smaragd.

Ein diamantring ho bar, minna sterkt om den som vart stolen under moteveka i Paris i oktober 2016.

– Med tanke på det høgprofilerte ranet ho opplevde, er det forståeleg at mange spekulerer på om dei nyaste smykka til Kim faktisk er ekte, seier Zack Stone

Han er diamantekspert hos den britiske juveleren Steven Stone til magasinet The Standard.

Skreiv bok om ranet

Åtte av dei ti tiltalte nektar for skuld, sjølv om fleire har innrømt delar av involvering.

Ein av dei mest kjende, Yunis Abbas, har gitt ut boka «Eg kidnappa Kim Kardashian», og har snakka offentleg om ranet.

Han var til stades i retten medan Kardashian vitna.

Det er venta at dommane vil falle etter at alle vitne har forklart seg og retten har vurdert bevisa.

Kim Kardashian Marc Boyer

Marc Boyer er ein av dei tiltalte som møtte i retten i dag.

Foto: THOMAS SAMSON / AFP / NTB

Publisert 13.05.2025, kl. 17.18

Read Entire Article