Katten Ida har blitt «kjendis» på fjellet

1 month ago 19


– Det starta med at turistar gjekk forbi stallen og Ida berre slang seg med på tur, seier katteeigar Ingeborg Victoria Tvete frå Venabu fjellhotell.

Sidan har det blitt mange turar på katten, og ho har etter kvart blitt ein kjendiskatt på fjellet.

Det var i fjor at katten Ida kom til Venabygdsfjellet.

Ho skulle eigentleg bli stallkatt og halde mus unna hestane. Men ikkje lenge etter at Ida kom til fjells har ho blitt oppteke med noko heilt anna enn å jakte etter mus.

– Ho elskar å legge ut på tur! I starten vandra ho til matbutikken her, ei strekning på ein kilometer.

Sidan da har det stadig blitt lengre turar.

– Ho sleng seg med turistar som skal på tur og blir ofte borte i ein eller to dagar før ho finn turen tilbake til hotellet, seier Tvete.

  • Sjå video av kjendiskatten her:

Ida har blitt ein kjendiskatt oppe på Venabygdsfjellet. Den slenger seg ofte med på turar med turistar på fjellet. Her får du eit lite glimt i livet til katten.

Gjekk opptil 18 kilometer på ein dag

Det dukkar stadig opp innlegg på Facebook der nokon kjenner igjen katten som verkar til å ha gått seg bort.

Som oftast er det Ida som har slunge seg med på turar eller dratt på hyttebesøk.

– Ho finn som oftast vegen tilbake av seg sjølv. I sommar såg vi at gåturane hennar blei stadig lengre, så vi tok på henne GPS. Da såg vi at ho kunne gå opptil 18 kilometer kvar dag, seier Tvete.

Kjendiskatten Ida

Kjendiskatten Ida liker å gå tur både på sommaren og vinteren.

Foto: Kristine Øihaugen / Kristine Øihaugen

Livet til kjendiskatten på Venabygdsfjellet er variert og innhaldsrikt.

– Ho speler fotball med turistar, ho bankar på hyttevindauge og av og til hoppar ho inn i bilar som kan fare ned frå fjellet. Ho kan vere litt intens, og det er litt for artig å jage hundar, men stort sett er ho ganske fornøyeleg, seier Tvete.

Likevel – i sommar var det nære på å gå skikkeleg ille.

– Ho fekk ein fiskekrok i poten. Vi reiste til veterinæren, men heldigvis gjekk det bra og ho var relativt fort klar for nye eventyr!

– Turistar spør meg ofte

Ein av dei som ofte får besøk av kjendiskatten er Maren Lunde frå Lundes turisthandel.

– Hehe, det skjer ganske ofte at turistar kjem innom butikken og spør meg kven denne katten er som følger dei på tur. Eg trur ho kjedar seg litt, seier Lunde.

Ho fortel at Ida som oftast kjem innom butikken minst ein gong i veka og opptrer nærast som ein person.

– Ho smett stadig innom heime om døra står oppe. Ida har etter kvart blitt ein fin maskot for Venabygdsfjellet og vi er veldig glad i henne, seier Lunde.

VENABYGDSFJELLET

Det er i dette turområdet på Venabygdsfjellet at katten Ida ofte sleng seg med på turar med turistar.

Foto: Kjell Åge Kampestuen
  • Vinteren nærmar seg, men Trond Harald Sand har for lengst funne fram skia. Les heile saka her:

Publisert 21.10.2024, kl. 10.33

Read Entire Article