Karen må vente 20 veker på sjukepengar – meiner leiinga har avtale om forskot

1 hour ago 1


– Det er klart, ein prioriterer bort ting som tannlegebesøk og du kjøper ikkje nye klede, fortel Karen Valbekmo Selvåg.

I fjor vår blei ho sjukemeldt frå jobben som kokk i ei av ISS sine kantinar. Da ho gradvis skulle tilbake til jobb, starta problema hennar.

Utbetalingane frå Nav stoppa, samstundes som ho ikkje fekk forskot på sjukepengar frå arbeidsgivaren.

Men mens Selvåg ikkje får forskot, meiner Fellesforbundet at selskapet legg ut for sjukepengar til leiinga.

– Eg synest det er ein stor urett i ISS-konsernet at det er forskjell på folk.

Karen Valbekmo Selvåg på Folkets hus i Trondheim

Selvåg er hovudtillitsvald i Fellesforbundet. Sjølv er ho ikkje tatt ut i streik.

Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRK

Ikkje forskot frå Nav eller arbeidsgivar

– Om ein mister 40 prosent av lønna i fire-fem månader så merker ein jo det, fortel Selvåg.

Ho fortel at ho har ei lønn på 465.000 kroner i året. Frå oktober til januar måtte ho klare seg utan 40 prosent av lønna.

– Det var da sjukemeldinga blei gradert og eg ikkje lenger var 100 prosent sjukmeldt at problema start for min del.

Frå januar var ho tilbake i 60 prosent stilling. Dei 40 prosentane av lønna som sjukepengar skulle dekke betalte verken arbeidsgivaren eller Nav.

Først fekk ho beskjed frå Nav om at det ville ta åtte veker å behandle søknaden. Sidan har behandlingstida stadig blitt lengre utan at ho har fått svar.

– I går fekk eg beskjed om at behandlingstida var på 20 veker, fortel ho.

Arbeidsgivaren får ho ikkje forskot frå.

– Hadde eg hatt det så ville jo problema mine ha vore borte.

– Eg tenker at ISS er ein stor internasjonal bedrift med stor suksess og er det ein bedrift som har råa til å betale så er det ISS.

Streikende utenfor Solsiden i Trondheim - Fellesforbundet

Torsdag blei streiken trappa opp. Totalt er nesten 3000 tilsette i hotell- og restaurantbransjen tatt ut i streik.

Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRK

– Noko drit

– ISS har rett og slett laga eit eiget juridisk selskap som berre leiarane er tilsett i, fortel Børge Ånesen.

Han er forbundsstyrerepresentant i Fellesforbundet.

– Der er dei tilsett og der er dei likebehandla.

Han fortel at det i 2021 blei inngått ein avtale med ISS om at leiinga og dei andre tilsette skulle bli behandla likt når det kjem til forskot på sjukepengar.

Seinare har leiinga blitt skilt ut i eit eiget selskap der dei tilsette får forskot på sjukepengar, meiner Ånesen.

– Dei som er ute og gjer jobben i kantinane får det ikkje, for dei er altså i eit anna selskap reint juridisk.

– Så dei har klart å bruke lovverket til å unngå å likebehandle sine tilsette.

Børge Henrik Ånesen i Fellesforbundet i Trondheim

Ånesen fortel at ISS har skilt ut leiarane i eit eige selskap og på den måten slepp å betale forskot på sjukepengar til alle tilsette.

Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRK

NRK har sett ein protokoll frå forhandlingar mellom ISS og Fellesforbundet frå 2021.

Der kjem det fram at partane var ueinige i om forskotet på sjukelønn skulle gjelde heile ISS-konsernet eller berre enkelte underselskap.

NRK har ikkje hatt moglegheit til å stadfeste kva underselskap det gjeld.

Ånesen meiner forskjellsbehandlinga er urettferdig.

– Og skal eg vere heilt ærleg så er det noko drit.

Han peiker på at ISS er ein stor leverandør av tenester både i Noreg og andre stader i verda.

– At dei skal finne på å kunne få lov til å forskjellsbehandle på denne måten utan å bli arrestert på det ... Nei, da får fagforeininga ta kampen.

– Det er derfor vi skal ha forskottering inn i tariffavtalen.

– Burde det ikkje vere staten som forskotterer pengane heller enn private bedrifter?

– Staten har eit ansvar for at folk klarer seg, det er heilt sant, seier Ånesen.

– Men eg meiner heilt klart at bedrifter må ta vare på sine tilsette. Forskotering av sjukepengar vil sikre likebehandling.

Over 2500 i streik

ISS har ikkje ønskt å kommentere saka.

– Vi ønsker ikkje å kommentere på saker knytt til den pågåande streiken, skriv konserndirektør Ragnhild Dahl i ein tekstmelding til NRK.

Selskapet har heller ikkje bekrefta eller avkrefta at det har blitt skilt ut eit eiget selskap med eigne regler for forskot.

Streikende utenfor Britannia hotell i Trondheim

Forskot på sjukepengar er eit av krava dei tilsette streikar for.

Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRK

Torsdag blei 1000 nye tilsette i hotell- og restaurantbransjen tatt ut i streik.

Dei streikar for høgare lønn og forskot på sjukepengar.

Totalt er 2668 av Fellesforbundet sine medlemmar i streik, mens Parat har tatt ut over 300.

Over 100 av dei streikande jobbar i ISS, viser oversikta på Fellesforbundet sin nettstad.

– Vi er klare til å møte NHO Reiseliv når som helst og kor som helst så snart dei er klare til å bevege på seg, men det har dei ikkje gjort så langt, opplyste Fellesforbundet til NRK tidlegare torsdag.

Karen Valbekmo Selvåg har tidlegare vore tilsett i ISS sin kantine i NRK sine lokale i Trondheim. Selvåg bytta arbeidsstad før journalisten som har skrive denne saka begynte i NRK.

Publisert 23.04.2026, kl. 19.48

Read Entire Article