Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_db5dbfc3668f1605533530c774aead39, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Kan Trump få fredsprisen for dette? - NorwayToday

Kan Trump få fredsprisen for dette?

2 weeks ago 16


Tre soldatar står på ein gjørmeveg gjennom ei blomstereng.

KONFLIKT: Kva rolle spelte eigentleg USA i kampen om Nagorno-Karabakh?

Foto: STRINGER / AFP / NTB

Ta ein kikk på dei seks til sju krigane han seier han har løyst berre i år.

10. oktober får vi vite kven som blir tildelt Nobels fredspris i 2025.

Enkelte nominerte snakkar høgare om bragdene sine enn andre.

– Eg løyser i snitt éin krig i månaden, sa USAs president Donald Trump i juni.

Då hadde han vore president igjen i seks månadar. Sidan har han veksla mellom å snakke om seks og sju konfliktar han har løyst i år.

NRK har bedt forskningssjef Siri Aas Rustad ved Prio ta ei vurdering av dei.

  • Siri Aas Rustad

    Siri Aas Rustad

India og Pakistan

Ein soldat står oppe i eit tårn og kikkar ut gjennom bueganger på ei folkemengde som feirer Indias uavhengigheit.

Max Desfor / AP / NTB

Forholdet mellom dei to atommaktene har vore spent sidan 1947.

Ein soldat i ufokus i forgrunnen og ein unggut i rutete pysjamas i fokus i bakgrunnen.

Mukhtar Khan / AP / NTB

Særleg i grenseområdet Kashmir.

To vaksne menn og ein liten gut står foran ruinane av eit hus.

Adnan Abidi / Reuters / NTB

I mai braut det ut nye kampar.

Dei varte i fire dagar, før Trump annonserte:

Forskarens dom: Delvis sant

– Pakistan har nominert Trump til fredsprisen for innsatsen, men India seier at USA ikkje spelte noka stor rolle, seier Rustad.

Angrepa stoppa, men forholdet mellom India og Pakistan er framleis spent.

– Kashmir-konflikten er ikkje løyst.

Iran og Israel

Lysspor etter to missil mot Israel på nattehimmelen sett frå ein flyktningleir i Gaza.

EYAD BABA / AFP / NTB

Konflikten mellom dei to erkefiandene nådde eit nytt nivå i juni, då Israel bomba militære og sivile mål i Iran.

Iran svarte med samme mynt.

Netanyahu med knivar mot seg, malt på veggen til ei høgblokk. Foran køyrer taxiar og bilar, og det er sett opp skilt av Ayatollah Khamenei.

ATTA KENARE / AFP / NTB

USA støtta Israel ved å bombe tre av Irans atomanlegg.

Seinare erklærte Trump våpenkvile på sosiale medium.

Forskarens dom: Delvis usant

Det blei ei svak våpenkvile, men først etter at USA bomba Iran.

– Det vil seie at USA ikkje var nokon uavhengig tredjepart eller meklar. Og dette er ei konflikt som kan blusse opp igjen når som helst, seier Rustad.

Trump sa også at USA hadde tilintetgjort store delar av Irans atomprogram, men dette blei seinare avkrefta i ein etterretningsrapport frå Pentagon.

Israels statsminister har nominert Trump til fredsprisen.

Serbia og Kosovo

Ei kvinne med svart jakke og kvitt tørkle rundt hodet sit på huk ved gravene til tre menn. Blomster og fleire kvinner foran og bak henne.

HAZIR REKA / Reuters / NTB

Kosovo-krigen varte frå 1998 til 1999. 

Fleire serbiske leiarar har blitt dømt for krigsbrotsverk og etnisk reinsking under krigen.

Tenåringar held opp eit skilt der det står

CHRISTOPHE SIMON / AFP / NTB

Krigen tok slutt etter at Nato hadde bomba Serbia i 78 dagar.

Men først i 2008 fekk Kosovo sjølvstende frå Serbia.

Sidan har det vore konflikt og sporadisk vald, men ikkje krig mellom dei to landa.

en person som kneler på bakken ved siden av en haug med mat

ARMEND NIMANI / AFP / NTB

Likevel kom denne påstanden i slutten av juli:

Forskarens dom: Usant

– Det har vore spenningar mellom Serbia og Kosovo dei siste åra, men ingenting som tyder på at det skal bli ein ny stor krig, seier Rustad.

– Det har heller ikkje vore nokon forhandlingar. I beste fall har det vore press for å starte opp ein ny dialog mellom landa.

Egypt og Etiopia

Dei to landa har i 14 år lege i konflikt om denne demninga på Nilen:

Ei stor demning under konstruksjon

- / AFP / NTB

Etiopia byggar Afrikas største vasskraftverk og demning her.

Prosjektet vil gi energi til millionar av etiopiarar.

Ein bonde sit på ein uttørka bakke og held fram eit jordstykke som sprekk opp i overflata.

MOHAMED ABD EL GHANY / Reuters / NTB

Samstundes hindrar demninga vatnet i å renne nedover til Egypt.

Der bur 95 prosent av befolkninga langs Nilen, og er avhengig av elva.

Ein person med munnbind les ei papiravis. På forsida står det om Donald Trump.

AMANUEL SILESHI / AFP / NTB

I juni skreiv Trump plutseleg på sosiale medium at problemet var løyst, takka vere han:

«Det er fred enn så lenge, på grunn av at eg blanda meg inn, og slik vil det forbli!»

Forskarens dom: Usant

– Dette er feil. Her var det verken krig eller vald, så å seie at ein har løyst ein krig blir å dra det veldig langt, seier Rustad.

Det stemmer at det var diplomatiske forhandlingar, men ingen avtale er underteikna.

Tysdag 9. september innvigde Etiopia demninga formelt.

Kambodsja og Thailand

et rødt skilt med hvit tekst på i skogen

Chalinee Thirasupa / Reuters / NTB

Grensa mellom Surin-provinsen i Thailand og Oddar Meanchey i Kambodsja har vore ei kjelde til konflikt i over 100 år.

Ein gut inni eit telt med kamuflasjemønster på duken. Bak han fleire eldre menneske og telt.

LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP / NTB

I julia blussa kampane opp på nytt.

Munkar ikledd oransje held opp skilt med bilde av Trump med teksten

Roun Ry / Reuters / NTB

Etter fem dagar pressa USA på for ei våpenkvile.

Forskarens dom: Delvis sant

– Ja, dei fekk til ei våpenkvile, men det var Malaysia som dreiv forhandlingane framover, seier Rustad.

I tillegg er avtalen skjør. Konflikten held fram, og begge sider skuldar kvarandre for brot på avtalen.

Likevel har Kambodsjas statsminister Hun Manet nominert Trump til fredsprisen for rolla USA spelte.

DR Kongo og Rwanda

Sju kongolesiske flagg på høg stang i forgrunnen av ein by. Siluetten av to soldatar som løftar geværa og knyttnevene i veret.

LUIS TATO / AFP / NTB

Mineralrike DR Kongo har vore konfliktherja i over 30 år, heilt sidan folkemordet i nabolandet Rwanda i 1994.

I år eskalerte valden etter at den brutale M23-militsen tok over fleire byar i landet.

Arbeidarar i kvite dresser, grøne hanskar og munnbind såt nede i ei massegrav.

ALEXIS HUGUET / AFP / NTB

Konflikten har ført til ein enorm humanitær katastrofe.

Ein M23-soldat med våpen står foran ei gruppe menn som sit på bakken på ein fotballstadion med hus og fjell i bakgrunnen

JOSPIN MWISHA / AFP / NTB

Bevis peikar mot at Rwanda støttar M23 med soldatar og finansiering.

FN meiner den rwandiske hæren kontrollerer M23 sine operasjonar.

Men rwandiske myndigheiter nektar for dette.

en person som står på et podium foran en gruppe mennesker

Likevel var det utanriksminstrane til Rwanda og DR Kongo som signerte fredsavtale i Det kvite huset i juni.

Donald Trump i dress og slips held opp eit bilde av seg sjølv og utanriksminstrane i DR Kongo og Rwanda

ANDREW CABALLERO-REYNOLDS / AFP / NTB

«I dag stoppar valden og øydelegginga, og heile regionen startar på eit nytt kapittel med håp, moglegheiter, harmoni, vekst og fred.»

Forskarens dom: Delvis sant

– Avtalen er vag og langt frå å stoppe krigen. I tillegg var ikkje M23, som står for mesteparten av valden, inkludert i samtalane, seier Rustad.

Etter at avtalen blei signert, har drapa heldt fram i Aust-Kongo.

Armenia og Aserbajdsjan

Militære og ein tanks i ei slapsete gate.

NOVOSTI / NTB

Armenia og Azerbajdsjan, to tidlegare sovjetrepublikkar, har krangla om Nagorno-Karabakh sidan rett før Sovjetunionens fall.

en lastebil med en gruppe mennesker på

ALAIN JOCARD / AFP / NTB

Utbrytarrepublikken ligg i eit fjellområde sør i Kaukasus, som er internasjonalt anerkjent som ein del av Aserbajdsjan.

Likevel har det vore kontrollert av armenske separatistar i mange år.

Nikol Pashinyan, Ilham Aliyev og Donald Trump poserer for et bilde

Mark Schiefelbein / AP / NTB

I august signerte Asarbajdsjan og Armenia ein fredsavtale i Det kvite huset.

Forskarens dom: Sant!

– Ja, her er det oppnådd ein avtale. Om han held, vil det vere store framsteg, så dette er ikkje berre tull og tøys, seier Rustad, og gir Trump og USA skryt for arbeidet.

Leiarane i begge land meiner at Trump fortener fredsprisen.

Men det er eitt problem med alle denne konfliktløysinga (eller ikkje løysinga) når det kjem til fredspris-potensial.

Donald Trump, Ilham Aliyev poserer for et bilde

Aserbajdsjans president Ilham Aliyev og Donald Trump 8. august.

Foto: ANDREW CABALLERO-REYNOLDS / AFP / NTB

Fristen for å nominere kandidatar til årets pris, gjekk ut i januar.

Prisen gjeld nemleg for arbeid i det førre året.

Dimed er ikkje nominasjonane basert på årets fredslaging gyldige, etter reglane.

Interessert i USA? Høyr den nyaste episoden av utanriksredaksjonen sin podkast:

Publisert 18.09.2025, kl. 13.31

Read Entire Article