– Eg oppdaga at det var noko som ikkje var heilt sånn som det skulle. Ein blir jo veldig redd, seier June Strand Bakkeid, og trekkjer pusten djupt.
Ho var 45 år då kreftsvulsten i brystet vart oppdaga. Derfor hadde ho enno ikkje fått invitasjon til mammografi – som i Noreg er for kvinner mellom 50 og 69 år.
– Ein veit jo ikkje heilt kva ein går til, og kor alvorleg det er.
Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Det vart registrert 4215 nye brystkrefttilfelle i 2024.
Sidan 1995 har kvinner i Noreg blitt invitert til brystundersøking annakvart år frå det året dei fyller 50 år.
Fleire helseaktørar vil utvide mammografiprogrammet til å gjelde kvinner i aldersgruppa 45 til 74 år, slik at ein kan oppdage brystkreft tidlegare.
Oppdaga kul i brystet
June bur på Workinntoppen i Tromsø, og er nettopp komen heim frå Crossfit-trening – ein hobby ho har drive aktivt med sidan 2018.
Trening blei på mange måtar redninga for June. Det var under ein yogatime hausten 2022 at ho kjende ein kul i brystet.
– Treninga er så viktig for meg at det første eg tenkte på då eg vart sjuk, var «ånei, kor tid kjem eg tilbake til treninga igjen?»
June likar å halde seg aktiv. Ho kallar trening for ein fristad, der ho får tankane over på noko anna. Her er ho på treningssenteret Crossfit Nordaførr i Tromsø.
Foto: Marita Solheim / NRKYngre kvinner kan ha auka risiko
Då June hadde vore på fleire undersøkingar av brystet hennar, fekk ho beskjed om at ho har tett brystvev.
– Mammografisk tette bryst inneheld meir kjertelvev enn feittvev. Og det er i kjertelvevet ein utviklar brystkreft. Meir kjertelvev kan auke risikoen for å utvikle brystkreft, forklarar Solveig Hofvind.
Ho er leiar for mammografiprogrammet hos Kreftregisteret til FHI.
Tett brystvev kan altså auke risikoen for brystkreft, og unge kvinner har oftare tett brystvev.
Hofvind er også professor i radiologi ved UiT Noregs arktiske universitet. Ho forklarar det slik:
– Yngre kvinner har vanlegvis mykje tettare kjertelvev enn eldre kvinner. Tettleiken er avhengig av hormonnivået i kroppen. Når det kvinnelege hormonet vert redusert, blir det meir feitt i brystet og mindre kjertelvev.
Solveig Hofvind, leiar for mammografiprogrammet hos Kreftregisteret til FHI.
Foto: Roy Pettersen / NRKFår ikkje vite om tett brystvev
Under ei vanleg mammografiundersøking, får ikkje norske kvinner beskjed om at dei har tett brystvev. Det skjer på eventuelle tilleggsundersøkingar, slik som det gjorde for June.
Amerikanske kvinner får vite dette på mammografi. Brystkreftforeningen meiner at også norske kvinner bør få informasjon om sin brysttettleik i samband med undersøkinga.
Type A: Hovudsakleg feittvev i brystet. Her gir ei mammografiundersøking god oversikt. Type B: Flekkvis litt tett kjertelvev. Her gir ei mammografiundersøking god oversikt. Type C: Større område med tett kjertelvev. Mammografi er framleis ei god undersøking, men sjukdomsteikn kan vere skjulte. Type D: Ekstremt tett kjertelvev. Mammografi vil framleis vise dei fleste sjukdomsteikn, men her er det større moglegheit for skjult sjukdom.
Foto: EvidiaI ei spørjeundersøking hos Brystkreftforeningen, svarte nesten 90 prosent at dei ynskjer å få vite om dei har tett brystvev. 878 kvinner har svart på undersøkinga.
Under halvparten av kvinnene som svarte på undersøkinga, var klar over at tett brystvev kan auke risikoen for brystkreft.
– Vi er opptekne av at alle kvinner skal få riktig og god oppfølging. Det kan bety at vi i framtida kanskje skal følgje opp kvinnene forskjellig. Dei med høg risiko for brystkreft kan få fleire undersøkingar enn dei som ikkje har auka risiko.
Det seier styreleiar i Brystkreftforeningen, Astrid Langeby Kolbekk. Sjølv visste ho ikkje at ho hadde tett brystvev, då ho fekk brystkreft i 2015.
Astrid Langeby Kolbekk, styreleiar i Brystkreftforeningen.
Foto: Gry TraaenVil utvide aldersgruppa – i tråd med EU sine anbefalingar
Dei fleste land inkluderer kvinner i alderen 50 til 69 år i mammografiprogrammet, medan nokre land inviterer kvinner i yngre og eldre aldersgrupper.
Nyare dokumentasjon i regi av EU og WHO har vist at organisert «screening» også kan vere fordelaktig for kvinner i alderen 45 til 49 år og 70 til 74 år.
– Det er no etablert eit kunnskapsgrunnlag som konkluderer med at fordelane ved å «screene» desse aldersgruppene, i tillegg til dagens gruppe, er større enn ulempene, seier Hofvind.
– Dersom fleire kvinner blir inkluderte i mammografiprogrammet, og kvinner med tett brystvev blir følgde opp betre, vil fleire brystkrefttilfelle bli oppdaga. Mange fleire liv vil bli redda, seier Kolbekk.
Svenske kvinner får tilbodet allereie frå dei er 40 år
I nabolandet Sverige, får kvinner heilt ned til 40 år invitasjon til mammografi.
– Svenskane starta å «screene» litt før oss. Dei har aldersgruppa 40 til 74 år. Svenskane, men også britane, har publisert studiar der dei viser gode effektar av å «screene» både kvinner under 50 år og over 70 år, opplyser Hofvind.
Men det er store kostnader, og ikkje minst ressurskrevjande, dersom ein skal utvide aldersgruppa.
– Det er mangel på brystradiologar i Noreg og i Europa, så her kan også kunstig intelligens kanskje vere nøkkelen til å få til å «screene» yngre og eldre kvinner, meiner Hofvind.
Helsedirektoratet: – Eventuell utviding innan første halvdel av 2026
Helsedirektoratet har sidan 2019 hatt problemstillinga på bordet. Då føreslo Norsk forening for radiologisk brystdiagnostikk å invitere norske kvinner mellom 45 og 74 år til mammografi.
Oslo Economics har på oppdrag frå Helsedirektoratet utarbeida ein helseøkonomisk analyse, som vart ferdigstilt i mars i år.
– Helsedirektoratet vil på bakgrunn av dette komme med ei anbefaling om eventuell utviding av mammografiprogrammet til Helse- og omsorgsdepartementet innan første halvdel av 2026, skriv divisjonsdirektør Hilde Myhren i ein e-post til NRK.
– Det er viktig at politikarane forstår den samfunnsøkonomiske fordelen ved å utvide mammografiprogrammet, slik at fleire overlever brystkreft, og får kortare og meir skånsam behandling, seier Kolbekk.
– Viktig at det blir oppdaga tidleg
Tilbake i Tromsø er June glad for at ho slapp å fjerne brystet.
– Eg tok ein operasjon der dei fjerna kulen og ein lymfekjertel under armen, fortel ho.
Ho har også fått strålebehandling. I januar i år fekk ho eit tilbakefall, men fekk raskt behandling, og er no frisk igjen.
47-åringen er oppteken av at kvinner må få sjekka brysta sine:
– Det er jo viktig at det blir oppdaga tidleg at ein har kreft. Viss eg skulle gått med dette i fem år til... Eg veit ikkje korleis det hadde vore då.
June Strand Bakkeid er glad for at ho slapp å fjerne brystet då ho fekk brystkreft, og at ho raskt fekk god hjelp frå helsevesenet.
Foto: Marita Solheim / NRKPublisert 21.05.2025, kl. 16.23